mandag 16. september 2013

Strikkesnakk og snurredass!

Dette har vore ei meget bra helg! Strikkemaraton med fem andre damer på Foreneset i Ryfylke. Det kjem i kategorien drømmeferie for ei småbarnsmor. Ingen mann, ingen barn og ikkje noko fjell med skittentøy som må bestigast!

 Den rause invitasjonen om å komma på hytta å strikka og kosa oss kom frå Wenche, og sjølv om eg faktisk aldri hadde møtt dama, så takka eg raskt ja til invitasjonen. Må jo kanskje understreka her at tre av dei andre eg reiste med kjente Wenche, og eg hadde "prata" med ho i ulike strikkeforum over lang tid i forkant. Eg tar nemlig ikkje sjansen på nåke "blind date" av det kaliberet sjølv om det er i strikkinga si ånd!


Det artigaste var jo at eg kunne reisa å "feriera" på ein stad eg aldri hadde vore, i kommunen eg er vaksen opp i. Og ferie ved sjøen er det jo ei stund siden eg har vore på.

Monica - yngste deltakar
Aldersforskjell på nærmare 30 år legg slett ingen dempar på stemninga. Strikkepinnane gjekk som trommestikker, snakketøyet likeså! Kem hadde trudd at damer på 50+ kunne fnisa og fjolla sånn?


Ingenting er bedre enn å kunna utveksla garnerfaringar, strikkeoppskrifter, metodar for avfelling og andre teknikkar i ei sånn forsamling. Som vidarekomen nybegynnar kan eg jo suga til meg av all denna erfaringa og kunnskapen til dei andre damene, som er eit par år eldre og har strikka nokon kilometer meir med tråd enn meg!


Åshild syter for det faglige innhaldet denne dagen. Formelen for å rekna ut forholdet og måla mellom arm og for/bakstygge ved raglanfelling står på menyen...
Og apropo meny, her må eg jo trekka fram gourmetoppdekkinga til Wenche. Eg har smakt ei nydeleg kyllingsuppa, nydelig ostedessert, fårikål, tacolefsepizza og ikkje minst verdens beste sjokoladekaka. Eg er sikker at det går gjetord over heile Hjelmeland om den kaka!!


Eg har jo også sjølvsagt strikka. Og det kjem bevis på det etterkvart som eg får vaska og knipsa bilde.
Synes eg strikka stort sett heile tida, men likevel fekk eg bare ferdig ein tunika og ein babytøffel.


Alt i alt var dette ei perfekt helg, det einaste som trekk ned var at den gjekk for fort og eg klarte strikka hol på peikefingeren!

Takk til Monica, Linda, Åshild og Sølvi som saman med vertinna gjorde helga så triveleg!
Og oppfordringa mi til alle strikkande venninnegjengar - ta dåke ein slik tur, det ladar verkeleg batteria!

5 kommentarer:

  1. Å ja--- me leve leeenge på slik ei helg saman. Så har eg lært litt pedagogikk og;- Eg ser at du like å strikka!!!!

    SvarSlett
  2. Ja, dette er det jeg kaller luksus! Å kunne unne seg slike herlige dager sammen med gode strikkefrender :)
    Må få lov å skryte litt av den gode teksten din, Jane. Morsomt å lese :)

    SvarSlett
  3. Ååh, det ser bra koselig ut :) en virkelig herlig gjeng, det ser man bare ;) kos blogg Jane

    SvarSlett
  4. Det var heilt topp å få besøk av dokke, ei herleg helg!!
    Du skriv så godt om strikketreffet vår, skoi å lesa :))

    SvarSlett
  5. Haha, eg tok meg en tur på nettet no nettopp fordi eg og har strikka hol på peikefingeren, berre for å lese at eg ikkje e aleine :) såg veldig trivelig ut! :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten