torsdag 12. september 2013

Reprise

Så var endå ein Enkel Vest frå Pickles ferdig. Og då meine eg heilt ferdig, med trådfesting, knappar og vasking.


Det måtte eit lite dykk i knappeglaset til før eg fann dei rette knappane. På eit så enkelt plagg er knappane ekstra viktige. Dei må passa til både fargen og garntypen, og så må dei vera gode å knappa sidan det er eit barneplagg!



Eg lure litt på kor mange sånne vestar eg har strikka nå, men med tjukt garn og tjukke pinnar minkar det fort i garnlageret! 204 g og ein lang ettermiddag - vips - så har du ein vest.



Leste forresten noko gledelig på nett i dag.( Huske ikkje kva nettavis det var, men det var av det seriøse slaget.) Høgre har visstnok lova å heva grensa frå 200kr til 1000kr på varekjøp frå utlandet. Yess!! Det kan me lika. Ein får straks meir garn for 1000 kroner, enn for 200! Her er det fleire garnbutikkar på nett som kan forventa salgsauke vil eg tru! Så til alle garnelskerar, gratulera med ny regjering!


7 kommentarer:

  1. Dei er fine desse vestane! Du jobbe flittig med garnlageret ditt! Ei snopekrukke med knappar - det er kjekt å ha. Trur eg må utvida mi, for eg er stadig på leit. Det går visst utøve våre Norske butikkar at Høgre vil heva den handlegrensa ifrå utlandet? Men, eg tykje og at det høres veldig greit ut med nye takstar her.

    SvarSlett
  2. Hei.
    Hvilket garn bruker du når du strikker disse vestene? Bare orginalgarnet eller?

    mvh.
    Merete

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har vel faktisk aldri brukt originalgarnet på desse vestane. Eg har strikka i Balder frå Viking, Highlander frå Drops (utgått), Misti frå Du Store Alpakka, Andes og Eskimo frå Drops.

      Slett
  3. Søt disse vestene du lager :)

    SvarSlett
  4. Denne var kjempesøt! Må visst bare sjekke opp disse, jeg også. Og så var det vel en gla'nyhet viss det du skrev der stemmer! Juhu... Ikke mer plundring for å se hvor mye mer (lite) man kan skvise ut av en 200-lapp... (Eller flytter vi bare grensa med oss? Oisann.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg krysse fingrane for 1000-kroners grensa. Då kan ein faktisk kjøpa garn nok til eit heilt plagg uten å måtta plundra seg gjennom tollen. Og det er jo ikkje sjølve momsen som er kjipast å betala, det er dei 170 kronene dei skal ha i gebyr bare for å sjekka pakken!!!

      Slett
  5. Synes denne vest-modellen er kjempefin.
    Og du gjør det lille ekstra med å finne fram de rette knappene!

    SvarSlett