onsdag 28. mai 2014

Handelslekkasje og halv pris på garn

Eg er litt treeeeeg med blogginga for tida. Heldigvis ingen krise, men sånne oppturar som denne fredagen er verdt å dela.
Vetlaløo i Odda hadde opent, og når det plutseleg passa for både Linda, Monica, meg og Sølvi- ja då var det berre å dura gjennom tunellen.
Så lenge me ikkje har nokon skikkeleg garnbutikk her i kommunen, så vert det litt handelslekkasje både til Odda og Stord, og alle tre garnbutikkane i Odda fekk gleden av besøk denne dagen.

 
Men den koseligaste stunda vart utan tvil på Vetlaløo. Alle hadde spøt med, me koste oss med te og kaffi og timane flaug. Kundar kom og gjekk, men me fant verkeleg roen i den lune garnløa.
Eg anbefalar alle strikkeklubbar, venninnegjengar eller andre spøteglade å ta turen. Her kan det verkeleg spøtast i idylliske omgivelsar.
Linda har og blogga om turen, det kan du lesa om HER!


Og eg hadde utan tvil teke ein ny tur til Vetlaløo i går, om det ikkje var for at eg var i Bergen. Det var nemlig halv pris på alt garn i heile butikken!! Altså sånne tilbud likar me. Har lova meg sjøl at neste gong, DÅ må eg få det med meg!
Hjelpe litt når eg skrur på dataen nå i kveld og ser at Strikkinnom har halv pris på alt i nettbutikken fram til midnatt! Her er det bare å hiva seg rundt og sjå om ein ikkje kan få tak i nåken godbitar som f.eks Cascade...

fredag 23. mai 2014

Knappar i stein

For ei tid tilbake så kom det nåken kjempefine steinknappar over fjellet. Og knappar er jo alltid viktig på strikkeplagg. Både farge og fasong må passa, og helst framheva plagget. Og til ting som skal vaskast ofte, må ein ha knappar som tåle ein runde og 32 i vaskemaskinen.


Ingenting er vel så holdbart som stein. Klare du få dei til å flassa eller bli utvaska er du jammen god! Og det fins vel ikkje mykje som er lika fint som norsk "gråstein". Utruleg fargespel, slipte så dei er så glatte som porselen. Og det fins mykje meir å velgja i enn dei eg har her. Men som du ser er ikkje gråstein bare grå.


Mine knappar har lege ei stund, og dei skal få ligga litt til. Desse må nemlig brukast på plagg som skal vera til meg sjølv, og noko tidlaust som skal vara over tid. I tillegg så må det jo vera eit strikkeprosjekt som får knappane fram.
Eit perfekt prosjekt til sånne steinknappar er til dømes denne jakka her. Jakka framhevar knappane, og knappane gjer jakka i særklasse.  Jakken er strikka, og bildet utlånt, av Zirkona. Dei fleste skjønte nok at dette prosjektet (for vidarekomne) ikkje var trylla fram av meg!


Men, det viktigaste av alt, damen som kunstferdig skapar desse knappane. Ho heiter Anne Britt Berntzen og kan nåast på denne e-postadressen: a-b-btz@online.no. Dessverre har ho ikkje nettbutikk, men eg veit i alle fall to stader du kan treffa på ho i sommar. Den første er faktisk i morgo, på Torgdagen til Hillesvåg Ullvarefabrikk. Så er du på dei trakter så bør du absolutt vurdera ein tur innom, både for knappane og garnet sin del.
Den andre staden ho pleier vera er Eidsfoss i siste delen av juli. Her er det lite garn, men MYKJE stein.
Og viss du lure på pris, så variere det litt frå knapp til knapp omtrent. Men dei kostar ikkje meir enn ein middels stor treknapp!

tirsdag 20. mai 2014

Lykke kjem i metervis

På veg heim frå turen til Ose stoppa eg som snarast i Odda. Det var egentlig ikkje planen, skulle kjapt heim til ventande barn. Meeeen, nokon satte meg på tanken, og eg legg all skuld på Herr. Zirkona. Han kom nemlig med kommentaren, då eg tok ut frå Bykle ganske tidleg på morgonen; Ho skal sikkert nå garnbutikken i Odda.


Det var slett ikkje planlagt, men når eg kom til Odda så tenkte eg liksom litt sånn jaja, koffer ikkje? Er jo Dropssalg, så eg svinga innom. Og den einaste butikken i Odda som har Drops er den rotete saken som eg har besøkt før! Og den var like rotete, mesteparten av garnet i plast på golvet. Var rett før eg spurte om eg kunne få lov å rydda litt...
Men, det hindra jo ikkje denne skrotten i å kjøpa seg litt lykke garn.


Hang ein genser rett ved kassen. Nydelig, litt grovstrikka sak som var strikka fritt etter ein genser i DIY heftet. Damen kunne svara på kva garn den var strikka av, men ikkje kor mange nøster som var brukt. Kjenne at akkurat det irriterte meg litt. For kva er vitsen med å ha den utstilt viss du ikkje kan opplysa om kor mykje garn ein treng for å laga ein lik.


Garnet som var brukt var i alle fall Cotton Viscose frå Drops, og et mohairgarn med glitter som eg aldri har hørt om. Kombinasjonen var i alle fall kjempefin, og gav ikkje ei "hårete" overflate til tross for mohairen. (Dessverre intet bilde å visa til)
Mohairgarnet fekk bli med heim, og med 222 meter på kvart nøste så konkluderte eg med at 4 stk holde nesten til kva genser som helst.
(Veldig glad eg er ferdig med prosjekt garnrekneskap, hadde vore alarmerande tal for denna månaden!)

mandag 19. mai 2014

Vårtørke

Eg trur eg vart litt vårslapp... eller så drog nokon ut stikkontakten. Pifften gjekk i alle fall heilt utav meg, og eg har ikkje blogga på øve ei veka. Men eg har då ikkje lege fullstendig i koma.
Har strikka ferdig arm nummer to, så nå kjære nabo, er det så nærme som det aldri har vore med genseren din.


Og så feira me jo 17. mai her i helga. Og det tar jo på å gå og drassa på ein tung bunad heile dagen.


Så var eg komt til mønsterstart på bolen. Starta med friskt mot og tunga beint i munnen. Må sei eg vart veldig demotivert når eg måtte rygga meg tilbake 1200 masker fordi eg hadde starta ei maska feil i diagrammet. I den store samanhengen hadde det antagelig ikkje gjort så mykje, men eg visste om det, og det var nok.
Men etter litt grynting og surmuling er eg nå på rett kjøl igjen med mønsteret. Neste spenningsmoment blir om eg har nok garn. Har nemlig bare eit nøste igjen....

lørdag 10. mai 2014

Svenskane kan det og...

Interessen for eldre oppskrifter har eksplodert det siste året. Eg kom over ein del svenske strikkehefter og ser eg at det er ikkje store forskjeller frå den norske stilen og over til nabolandet.


Med andre ord, svenskane kan det og! Syns heile stilen frå 50 og 60-talet, både på sjølve heftene og plagga, er fantastiske.


 


Og reklamen var på plass då og, om kanskje ikkje fullt så glamorøst og intenst som i dag.



Desse huene var kanskje for spesielt interesserte. I følge maen her så såg det ut som chips-skåler.

fredag 9. mai 2014

Første arm ferdig

Så var eg i mål med første arm. Gjekk jo egentlig ganske kjapt når eg kom meg i sving. (Og blei ferdig med å irritera meg over diagram som ikkje stemmer).


Men, det vart jo fleire hinder i vegen enn det eg reiv av meg håret for først! For dumme meg trudde jo at når første runden i mønsterrapporten stemde, så ville dei påfølgande stemma og. Og det gjekk veldig greit, og eg var så fornøgd med løysinga mi om å gå ned frå 104 til 102 masker. Heilt til eg kom til rad 4. Då var det slutt på idyllen gitt. Ei maska feil....
Pytt, pytt, den skal eg klara leva med tenkte eg. (Tenk at eg som lide av pirkius perfektus klarte å tenka den tanken!)


Så var det nokre rundar som stemte igjen. Men så kom eg opp til oxo-mønsteret, og der var det fullstendig kluss. Nødsamtale over fjellet, rekning og telling og ny frustrasjon.


Konklusjon: Diagrammet går ikkje opp i maskeantallet kvar runde. Her kan ein ikkje få i pose og sekk, ein må rett og slett velga kva rundar ein vil at mønsteret skal gå opp.
(Min konklusjon: Detta er heilt bak mål, skulle vore forbudt å laga mønster som faktisk ikkje stemmer med masketallet! Hmpfh!)
Om eg er spent på å starta på bolen, ja ein smule...


Reknar med at dei fleste har fått med seg at det er SALG på ein masse garn frå Garnstudio.
Og så er det jammen komt eit nytt babyhefte herfra også. Dei har ikkje fornya seg så veldig, men det var nå litt fint å finna her!

torsdag 8. mai 2014

Kyss ein frosk...

Kom over desse søte karane her. Måtte jo bare ha eit par-tre. Blei litt overraska når dei kom i posten. Ut i frå bildet trudde eg dei var mindre sidan dei bare hadde to maskemarkørar i gapet.


Men eg tenke at dette blir kjekke venninnegaver. Fine å stappa gapet fullt med strikketilbehør og anna småknask, og legga ved ei bok eller nåke slikt. Hoppande kule var dei i alle fall!


Så må eg bare visa dette stilige Skrik-bildet eg kom over for ei tid sidan. Tru det eller ei, det er strikka!!! Imponerande! (Finne dessverre ikkje igjen kor eg fant det, og kven som har laga det)

tirsdag 6. mai 2014

Frustrasjon del 2

Innlegg to i dag, i rein frustrasjon. Skal innrømma at min aktelse for strikkemønster har vore i fritt fall. For som eg utbasunerte her før i dag, så blir eg mektig irritert over at mønsteret ikkje stemme. For kva er vitsen med diagram og maskeantall viss det ikkje stemme? Då kunne ein jo lika godt ha laga eit fint mønster og latt det stå noko som: strikk ein genser som passe sånn cirka til den som skal ha den, her er diagrammet. Det går antageligvis ikkje opp, men det gjer ikkje noko. Ikkje sikkert det vise så veldig masse...


Eg har ikkje strikka så masse kofter og genserar med mønster, så eg stole jo blindt på oppskrifta. Det tenker eg at det truleg er mange andre, spesielt nybegynnerar, som gjer og! Og som meg, så begynne sikkert dei også å tvila på seg sjøl, om ein har gjort rett, når mønsterrapporten ikkje går opp med masketalet.. Lure på kor mange gonger eg telde, sjekka oppskrifta, telde på ny, sjekka diagrammet. Men neida, det stemde ikkje uansett kva vei eg snudde og vende på det.


Og så kjeme drevne strikkedamer og fortelle meg at det sjelden stemme med masketal og mønster på armane. Det stemme på bolen, men som regel aldri på armane.  !!!!!!!!!
Altså, hallo i luken, kva sløv jobb er det då? For min del var det snakk om to masker, kunne dei ikkje bare ha skrive at eg skulle auka til 102 i staden for 104 masker. Då hadde det stemt, og dei 40 mm dei to maskene utgjer, kjem ikkje til å vera avgjerande for genseren sin bruksverdi.


Så ser eg jo at andre bare har ignorert at det blir litt feil i mønsteret, dette kjem jo midt under armen og vil ikkje visa. Men, eg som er hardt angrepet av pirkius nøyaktigus kan jo ikkje leva med at det er noko som ikkje stemmer i mønsteret. Ikkje sjans.
Konklusjon, etter mykje irritasjon, frustrasjon, gode råd og tips: Eg feller to masker på første omgang med mønster, og kryssar fingrane for at den hekkans rapporten går opp denne gangen.
...og at mottakaren ikkje driv hardtrening av overarmsmusklar slik at dei 40 mm faktisk blir avgjerande!

Marius er ikkje min venn!

I går kveld var eg klar til å endeleg starta på mønsteret på første armen til Mariusgenseren. Eg hadde satt meg godt til rette og verkeleg planglagt eit par timar med intensiv strikking.


Men med ein mønsterrapport som går over 18 masker, og 104 masker i str xl, så stemmer jo ikkje dette for alt i verden! Så kva skal eg gjer. Stort sett så har eg sete her og blitt grå i håret av frustrasjon, og strikka litt på ein sokk.


Er det andre som har dette heftet og har vore borti det samma? Og eg må jo enten auka fira masker eller fella to... Uuuurkh, dette som skulle gå så knirkefritt! Det var i alle fall planen min.
 Tips og hjelp mottas med stor takk!

søndag 4. mai 2014

Ein tur til kofteparadiset


Denne helga vart så mykje meir enn forventa. Ein tur til Setesdalen som eg seint vil gløyma.
I starten av veka tikka det inn ei melding frå Zirkona med denne beskjeden: Eg har avtalt tid hos Annemor Sundbø på fredag, vil du vera med? Trur svaret frå meg var: Hæ? Ja!


Så det var bare å pakka bagen, og sala opp Volvoen for ein tur over fjellet og ned Setesdalen. Eg var utruleg spent, og ikkje minst glad for invitasjonen. Spesielt sidan eg gjekk glipp av Annemor Sundbø når ho heldt føredrag her i Åkra. (Straffar endå maen litt i ny og ne for at han ikkje kom heim i tide!!)


Snakk om perfekt turvêr da, tørre vegar og sol frå skyfri himmel. Møtte Zirkona i Valle, og så kjørte me i lag siste stykket ned til Ose. Og eg må sei at til å vera ein så liten plass, så husar denne tettstaden vanvittig mykje. Første begivenhet var inni dette gamle tømrahuset her - Kofteutstillinga!


Annemor Sundby beklaga litt at det var utenom sesong og alt ikkje var heilt klart, men eg kan ikkje sjå at noko kunne vore bedre. Og å få gå heilt aleina der, utan andre skuelystne, var heilt perfekt. Kunne bruka så lang tid me ville, gjekk fleire rundar og hadde tid til å snakka om dei ulike koftene me fant.


Eg lar bare bildene tala for seg. Har prøvd å velga ut dei som fortel mest, men det har vore ein tøff jobb. Her er så masse flott og særeige at det blir vanskeleg å velga. Alle bildene er teke av meg eller Zirkona, og vi har fått lov å gjengi dei her i bloggen. Det er ikkje lov å kopiera nokon av bildene!


Denne Fana-varianten likte eg, uten dei klassiske stripene med lus. Utruleg stilfullt.                             Og Fanakoftene var sterkt representert.



Eg har aldri vore så opptatt av hverken historien til strikkekulturen i Norge, eller symbolikken til dei ulike mønstrane. Hos meg blir det meir i stilen, den var fin, den har eg lyst å laga. Men eg må ærleg innrømma at etter Nasjonal Strikkekveld, der Annemor Sundbø fortalde om betydningen av alle desse strikkemønstrane, ja då vart eg jo litt nysgjerrig. Tenk så stilig å kunna strikka budskap og "hemmelige" beskjedar inn i ei kofte eller vottepar, i staden for å posta det på Facebook!


Og når sant skal seiast, så trur eg det fantastiske engasjementet og ikkje minst kunnskapsmengden til vertinna kunne fått ein kamel til å synast at sand i Sahara var spennande!


Ein blir litt mållaus av å komma inn i eit rom som er dekka frå golv til tak med kofter. Vi måtte gå fleire rundar, og for kvar runde dukka det opp mønster og variantar vi ikkje hadde sett runden før. Eg var veldig glad for å ha med meg Zirkona som guide, ho kan jo meir eller mindre bøkene til Annemor Sundbø på rams.



Utruleg kor mykje fargevalg gjer med eit mønster. Denne varianten her med haustfargar gjekk rett heim hos meg. Til og med lusa synes eg passa godt inn.



Eit fantastisk syn. Tenk kor mange timar som har gått med til alle desse flotte Setesdalsgenserane.


I eit naborom hang disse. Det var motlys, men eg synes kanskje det framheva endå betre dei holete velbrukte plagga.

Det stod svære kister med kofter i også, som det ikkje var plass til å henge opp. Lag på lag med skattar, og for kvar genserarm me flytta på, så dukka det opp nye, flotte mønstrar.



Veldig stilig, fasongstrikka til tusen, for å passa rundt leggmuskelen. Ser eg hadde ikkje trengt å legga ut så mykje for at dei skulle ha passa meg nei...


Når vi følte oss ferdige i kofteutstillinga flytta vi oss bort til butikken der også votteutstillinga var. Og her blir det litt sånn ein ser ikkje skogen for bare tre, eller ein ser ikkje veggen for bare vott. Eg blei ståande lenge og sjå, om igjen og om igjen. Nye vottemønstrar og variantar dukka opp kor hen eg flytta blikket mitt! Men det var spesielt ein hanske som fanga oppmerksomheten min, denne her. Mønsteret på fingrane skiller seg veldig ut, innsida av hansken er lik.


Her stod det også stampar og korger med vottar, kilovis, som ikkje hadde fått plass på veggen.


 Butikken var også reine skattkammeret. Ei blanding av utstilling, bøker, garn og gamle mønstrar.
Og til alle dåke som likar gamle strikkeoppskrifter, dette var eit eldorado! Hundrevis, var bare å begynna å leita igjennom. Fant ein del skikkelige godbitar, og det beste av alt var nesten prisen: 5 kr stykk!! Eg kan ikkje anna enn å sei ta ein tur til Ose, du vil garantert ikkje angra!



Eg skulle så gjerne ha vist meir, fortalt meir og skrytt endå meir, men eg synes at dette bør opplevast. Det går liksom ikkje å gjenfortelja på ein bra nok måte. Tusen takk for invitasjonen Zirkona, du veit å få fart på ei husmor i Vest. Og takk til Annemor Sundbø som tok i mot oss.

Det oppstod en feil i denne gadgeten