mandag 19. mai 2014

Vårtørke

Eg trur eg vart litt vårslapp... eller så drog nokon ut stikkontakten. Pifften gjekk i alle fall heilt utav meg, og eg har ikkje blogga på øve ei veka. Men eg har då ikkje lege fullstendig i koma.
Har strikka ferdig arm nummer to, så nå kjære nabo, er det så nærme som det aldri har vore med genseren din.


Og så feira me jo 17. mai her i helga. Og det tar jo på å gå og drassa på ein tung bunad heile dagen.


Så var eg komt til mønsterstart på bolen. Starta med friskt mot og tunga beint i munnen. Må sei eg vart veldig demotivert når eg måtte rygga meg tilbake 1200 masker fordi eg hadde starta ei maska feil i diagrammet. I den store samanhengen hadde det antagelig ikkje gjort så mykje, men eg visste om det, og det var nok.
Men etter litt grynting og surmuling er eg nå på rett kjøl igjen med mønsteret. Neste spenningsmoment blir om eg har nok garn. Har nemlig bare eit nøste igjen....

4 kommentarer:

  1. Det blir i alle fall ein flott genser---- håper du får nok garn. Fleire problemer treng du ikkje no!! Solskinnet og 17.mai-jenta, er i alle fall eit lyspunkt!

    SvarSlett
  2. Ja, er det ikke bittert at én skjev maske kan være nok? Ikke rart du mistet piffen. Men det hjelper nok på når du nå kommer i gang med bolen!

    SvarSlett
  3. Så søt ei jente du har Jane :) og den Mariusen blir kjempefin! :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten