fredag 23. mai 2014

Knappar i stein

For ei tid tilbake så kom det nåken kjempefine steinknappar over fjellet. Og knappar er jo alltid viktig på strikkeplagg. Både farge og fasong må passa, og helst framheva plagget. Og til ting som skal vaskast ofte, må ein ha knappar som tåle ein runde og 32 i vaskemaskinen.


Ingenting er vel så holdbart som stein. Klare du få dei til å flassa eller bli utvaska er du jammen god! Og det fins vel ikkje mykje som er lika fint som norsk "gråstein". Utruleg fargespel, slipte så dei er så glatte som porselen. Og det fins mykje meir å velgja i enn dei eg har her. Men som du ser er ikkje gråstein bare grå.


Mine knappar har lege ei stund, og dei skal få ligga litt til. Desse må nemlig brukast på plagg som skal vera til meg sjølv, og noko tidlaust som skal vara over tid. I tillegg så må det jo vera eit strikkeprosjekt som får knappane fram.
Eit perfekt prosjekt til sånne steinknappar er til dømes denne jakka her. Jakka framhevar knappane, og knappane gjer jakka i særklasse.  Jakken er strikka, og bildet utlånt, av Zirkona. Dei fleste skjønte nok at dette prosjektet (for vidarekomne) ikkje var trylla fram av meg!


Men, det viktigaste av alt, damen som kunstferdig skapar desse knappane. Ho heiter Anne Britt Berntzen og kan nåast på denne e-postadressen: a-b-btz@online.no. Dessverre har ho ikkje nettbutikk, men eg veit i alle fall to stader du kan treffa på ho i sommar. Den første er faktisk i morgo, på Torgdagen til Hillesvåg Ullvarefabrikk. Så er du på dei trakter så bør du absolutt vurdera ein tur innom, både for knappane og garnet sin del.
Den andre staden ho pleier vera er Eidsfoss i siste delen av juli. Her er det lite garn, men MYKJE stein.
Og viss du lure på pris, så variere det litt frå knapp til knapp omtrent. Men dei kostar ikkje meir enn ein middels stor treknapp!

1 kommentar:

  1. ååååååå-- så heldig du er! Steinfine knappar!

    SvarSlett