fredag 27. september 2013

Gratis oppskriftshefter

Eg var så opptatt av å skryta av min fantastiske sjølbeherskelse i forrige blogg, at eg beint fram gløymte å fortella om den gledelige overraskelsen eg kom over på Jernbanen. For i våre dagar er det jammen ikkje mykje som er gratis, så gleda var ekstra stor når det stod ei stor korg utanfor butikken med gratis Lang-oppskrifter.


Så eg plukka med meg ei bunka, oppskrifter er jo alltid kjekt å ha. Og sjølv om det ikkje låg norsk oversettelse med til alle, så er det jo råd å hakka seg gjennom nokre engelske gloser om det skulle bli aktuelt.



I dette barnehefte var det til og med oppskrift på ammepute. Det har eg aldri sett før - artig og originalt!





Men, til tross for at det blei med ein pose med mønster heim, så kjøpte eg bare 1 garnnøste!

torsdag 26. september 2013

Sjølvbeherskelse på høgt nivå!

Eg pleie vera flink å belønna meg sjølv med besøk på garnbutikk når eg er på kontrollar på Haukeland, og det var heller ikkje noko unntak denne gongen. Forskjellen var bare at eg var innom garnbutikken først, og sjukehuset etterpå, og det er nok ikkje så lurt.
Eg kom nemlig ut med bare 1, ja du leste rett, 1 nøste! Og det var ikkje eit monsternøste ein gong, men eit vanleg 50-grams med Rowan Summerspun. Snakk om å beherska seg da!


Då har vel dei fleste konkludert med kor eg var innom også, nemlig på Norwegian Spirit, eller på Jernbanen som me seie. Kor i all verden har dei fått det butikknavnet frå? Eg kan vel knapt tenka meg noko som seie strikking mindre enn Norwegian Spirit.


Nøstet skal forresten bli ei hua til å matcha jakken til Madel. (Når den ein gong blir ferdig.) Jakken strikke eg litt fritt etter oppskrift av Sys Fredens, og då er det ikkje alltid at endringar går lika på skinner som eg hadde tenkt.
I oppskrifta skal knappestolpar strikkast for seg, og så syast på. Alle som kjenner meg veit at det er fullstendig utelukka å driva sy når det ikkje trengs, så eg strikkar knappestolpane på - 7 masker perlestrikk i kvar ende på pinnen. Her skal det også nokon knapphol, og å få dei til å stemma med avfelling oppe er ikkje alltid like lett. Ikkje var modellen våken heller når eg felte av, så det var dårleg med undervegsprøving.


Men, modellen, og den framtidige jakkeeigaren, vakna jo ein gong, og då var det prøving. Dessverre ikkje lika lett å få modellen til å stå i ro så eg kunne få et brukande bilde, men eg gjorde eit hederleg forsøk.


Konklusjonen er uansett at kragen er både for vid og høg, så den må rekkast opp.
I tillegg så ser eg at det ikkje vil skada å ha nokre omgangar meir på raglanfellinga før eg startar på sjølve kragen.
Me ryggar attende og prøver på nytt - forhåpentligvis snart i mål!

tirsdag 24. september 2013

Nye Drops i hus

Dei fire siste mønsterheftene frå Garnstudio har sjølvsagt kome i hus. Og ja, eg veit at alle mønstrene fins gratis på nett, men det er liksom noko heilt anna å sitta bla i et glansa hefte enn å scrolla seg gjennom side etter side på nett. Får liksom eit bedre bilde av modellane i heftene enn eg får på skjermen.




Når det er sagt så blir eg heller ikkje denne runden veldig imponert av Garnstudio. Dei har liksom kjørt seg bom fast i det sporet dei har vore i dei siste fem åra, og det ser ikkje ut til at det er nokon endring i sikte! Desse evinnelige jakkane i fabel multicolour kjem visst aldri til å forsvinna!


Og så irriterar det meg at det er så lite oppskrifter til herre og barn. Det drypp eit og anna hefte til baby, men det er langt mellom. Og kva med ungdommane, guttar og jenter mellom 8 og 16? Hadde vore så kjekt med litt oppskrifter til dei også.


Nå skal eg ikkje svartmala heilt her, for eg fann nokre fine modellar som eg kunne tenkt meg å laga.
Som denne fine genseren her, som også fins i ein jakkemodell.


Og nå når hausten er komt kan det vera på sin plass med ei fin lua på knollen.


Barneheftet var ikkje noko for meg, rett og slett fordi det var hekling. Den kunsten beherskar eg fremdeles ikkje... *flaut*
Og det var mykje hekla kaker, is, leiker og sånn putlerier, og det er slett ikkje min stil.


lørdag 21. september 2013

Malsen og Mor

Eg lar meg lett leda ut i fristelse når det kjem til nettsider som selge garn. Og etter å ha lest bloggane til Sølvi og Åshild etter deiras besøk hos Malsen og Mor, ja då var det jo ingen veg utanom. Eg bare måtte sjekka ut nettbutikken, og sjå om det var nokon fristelsar som hadde lyst å flytta til Uskedalen.
Eg har tidlegare snust litt på garn herifra, men har ikkje funne noko som har klart å overbevisa meg. Denne gongen blei det avklart ganske kjapt at det kom til å bli ei bestilling herifra, men det var ikkje grunna garnet. Det var derimot to nye hefter som var ganske sjølvskrivne i samlinga mi.
Babystrik på Pinde 3 er vel det ein kan kalla ein suksess, så når det nå dukka opp to nye hefter i same stil frå same designar, ja då var eg ikkje lenge om å trykka på "kjøp"-knappen.



Eg fell pladask for denne stilen. Enkelt, ryddig, ikkje for bråkete mønster. Og det beste av alt, det er mange monteringsfrie modellar. Hurra!



Og sjølve heftene er så utruleg lekre også, i litt grovt, matt papir. Det er liksom prikken over i-en.


Når eg likevel skulle bestilla heftene, så blei det jo litt garn med også.
Mjukaste mjuke silkeblandinga - denne trur eg aldri eg skal strikka av, men ha på nattbordet å klemma på.



Og så var sommerull på tilbud, og det virka som ein god ide å testa ut det. Fargen var ikkje heilt som eg trudde ut i frå bildet på nettsida, men i lag med ein fin blåfarge trur eg slett ikkje det blir så dumt.



Malsen og Mor har nettbutikk, og så hender det av og til at dei opnar dørene til lagerutsalget. Er du på facebook kan du finne dei der, og då får du med deg oppdateringar som gode tilbud, nye mønster og ikkje minst kva tid dei opnar dørene til lageret sitt!!


tirsdag 17. september 2013

Guttestrikkeboka

Så var Den Store Guttestrikkeboka komt i hus også her. Eg bestilte uten at det var mulig å sjå bilder, men ut i frå at det stort sett er overvekt av jenteoppskrifter rundt forbi så tenkte eg at denne var et must. Det var den strengt tatt ikkje.


Uff, nå høyres eg veldig kritisk ut, men denne blåste meg ikkje over ende med sin storslåtthet akkurat. Heilt greie modellar, (om enn litt få), fine bilder og lekkert design. Men, det er ikkje nok for å trollbinda denne stridige kjerringa her. Hadde eg vore strikkebokredaktør var det jammen ikkje mange bøker som hadde sluppe gjenom nålauga!


Eg synes det er gjort litt lettvindt, med få og enkle modellar som er strikka i mange fargevariantar og vist fram med ein drøss med bilder.



Og så var det veldig mange kortbukser her, og til et typisk vestlandsklima er ikkje det det mest praktiske til ettåringen.


Øhh, leggvarmerar til ein gutt. Der går vel grensa for meg. Trur det må bli forbeholdt jentene...
Mykje mulig at denne boka kanskje får høgare score hos ein litt meir bohemaktig strikkar/mamma. Eg er rett og slett for konservativ og praktisk til å kunna sjå nytten av alle plagga..


Eg handla boka hos ark.no og måtte der ut med vel 300 kroner. Og sjølv med ein fin layout så synes eg at eg fekk litt lite igjen for pengane samanlikna med ein del andre strikkebøker.

mandag 16. september 2013

Strikkesnakk og snurredass!

Dette har vore ei meget bra helg! Strikkemaraton med fem andre damer på Foreneset i Ryfylke. Det kjem i kategorien drømmeferie for ei småbarnsmor. Ingen mann, ingen barn og ikkje noko fjell med skittentøy som må bestigast!

 Den rause invitasjonen om å komma på hytta å strikka og kosa oss kom frå Wenche, og sjølv om eg faktisk aldri hadde møtt dama, så takka eg raskt ja til invitasjonen. Må jo kanskje understreka her at tre av dei andre eg reiste med kjente Wenche, og eg hadde "prata" med ho i ulike strikkeforum over lang tid i forkant. Eg tar nemlig ikkje sjansen på nåke "blind date" av det kaliberet sjølv om det er i strikkinga si ånd!


Det artigaste var jo at eg kunne reisa å "feriera" på ein stad eg aldri hadde vore, i kommunen eg er vaksen opp i. Og ferie ved sjøen er det jo ei stund siden eg har vore på.

Monica - yngste deltakar
Aldersforskjell på nærmare 30 år legg slett ingen dempar på stemninga. Strikkepinnane gjekk som trommestikker, snakketøyet likeså! Kem hadde trudd at damer på 50+ kunne fnisa og fjolla sånn?


Ingenting er bedre enn å kunna utveksla garnerfaringar, strikkeoppskrifter, metodar for avfelling og andre teknikkar i ei sånn forsamling. Som vidarekomen nybegynnar kan eg jo suga til meg av all denna erfaringa og kunnskapen til dei andre damene, som er eit par år eldre og har strikka nokon kilometer meir med tråd enn meg!


Åshild syter for det faglige innhaldet denne dagen. Formelen for å rekna ut forholdet og måla mellom arm og for/bakstygge ved raglanfelling står på menyen...
Og apropo meny, her må eg jo trekka fram gourmetoppdekkinga til Wenche. Eg har smakt ei nydeleg kyllingsuppa, nydelig ostedessert, fårikål, tacolefsepizza og ikkje minst verdens beste sjokoladekaka. Eg er sikker at det går gjetord over heile Hjelmeland om den kaka!!


Eg har jo også sjølvsagt strikka. Og det kjem bevis på det etterkvart som eg får vaska og knipsa bilde.
Synes eg strikka stort sett heile tida, men likevel fekk eg bare ferdig ein tunika og ein babytøffel.


Alt i alt var dette ei perfekt helg, det einaste som trekk ned var at den gjekk for fort og eg klarte strikka hol på peikefingeren!

Takk til Monica, Linda, Åshild og Sølvi som saman med vertinna gjorde helga så triveleg!
Og oppfordringa mi til alle strikkande venninnegjengar - ta dåke ein slik tur, det ladar verkeleg batteria!

fredag 13. september 2013

Striper med stil

Eg har lenge tenkt på at eg ville strikka ein smalstripete tunika. Men, når ein strikke striper blir det ofta eit litt stygt hakk, eller ei forskyving, der ein byttar farge. Pirkete meg likar sjølvsagt ikkje dette, og ei løysing på problemet måtte finnast.


På nettet er det mange instruksjonsvideoar å finna, f.eks på youtube og inne på dei ulike strikkesidene. Pickles har mange gode, utan for mykje dill og snikksnakk, og det var her eg fann ei god løysing på stripeproblemet. Sjekk ut denne videoen HER, og du vil alltid få fine, jamne striper!


Reknar med at stripeovergangane blir endå jamnare etter vask, men eg er veldig fornøyd med resultatet. Ganske så fornøyd med fargevalget også. Dei temmelig kjipe grønnfargane gjorde seg i lag, så eg ser lys i tunnellen når det gjeld å få brukt opp Sisugarnet!

torsdag 12. september 2013

Reprise

Så var endå ein Enkel Vest frå Pickles ferdig. Og då meine eg heilt ferdig, med trådfesting, knappar og vasking.


Det måtte eit lite dykk i knappeglaset til før eg fann dei rette knappane. På eit så enkelt plagg er knappane ekstra viktige. Dei må passa til både fargen og garntypen, og så må dei vera gode å knappa sidan det er eit barneplagg!



Eg lure litt på kor mange sånne vestar eg har strikka nå, men med tjukt garn og tjukke pinnar minkar det fort i garnlageret! 204 g og ein lang ettermiddag - vips - så har du ein vest.



Leste forresten noko gledelig på nett i dag.( Huske ikkje kva nettavis det var, men det var av det seriøse slaget.) Høgre har visstnok lova å heva grensa frå 200kr til 1000kr på varekjøp frå utlandet. Yess!! Det kan me lika. Ein får straks meir garn for 1000 kroner, enn for 200! Her er det fleire garnbutikkar på nett som kan forventa salgsauke vil eg tru! Så til alle garnelskerar, gratulera med ny regjering!


tirsdag 10. september 2013

I butikkhyllene


Når hausten kjem og det meste visnar ute, då bløme det med strikkebøker og hefter i butikkhyllene. Dei siste to vekene har det komt opptil fleire av arten, og eg har kjøpt samtlige. Og samtlige er bare sånn midt på treet.. eller faktisk litt under..


Allers sin Strikk til Gullungen dukka opp som ein veldig hyggelig overraskelse. Eg pleie ha ganske stålkontroll på kva tid slike bøker/hefter kjem, men denne hadde eg hverken hørt snakk om eller sett annonse for. Ganske tilfeldig eg svinga bortom bladhylla den dagen, men humøret steig jo 34 hakk når eg kunne kjøpa den med meg heim.


Eg har dei tre andre strikkebøkene til Allers, og denne kjem dessverre i det nedre sjiktet. Eit par fine modellar, men det er litt "gammalt nytt" på ein måte. Ikkje så mange positive overraskelsar, og mykje veldig enkelt.
Nokon fine modellar er det likevel, og siden den er såpass rimelig er den heilt grei å ha i samlinga. Sitte ikkje igjen med ein følelse av at eg bare kasta pengane utav vinduet. Terninkast 3


Å kasta pengar var det derimot å gå til innkjøp av denne her. Skikkelig skuffande frå Familien!
For nybegynnerar er dette eit greit hefte, men eg føle det blir litt til ingen nytte å kjøpa meg oppskrift på rillestrikka skjerf...


Joda, eg er kritisk og eg er kresen, men det er det sikkert andre også som er. I dette heftet er det stort sett mønster og oppskrifter som er sendt inn av leserane. Eg like tanken, men mange av modellane er hverken nyskapande, fristande eller vist fram med fine bilder. Og eg likar å la meg frista av lekre modellar på flotte bilder (eg presiserar:strikkemodellar) Her synes eg redaksjonen faktisk kunne gjort ein bedre jobb med materialet dei fekk tilsendt. Terningkast 1