mandag 2. september 2013

Gamle mønster

Det har blitt ein del gamle mønster i sommar. Plutselig så blei eldre oppskrifter veldig i vinden, og fleire sider på FB har sikta seg inn på dette markedet.
(..og Jane kikkar innom desse sidene til stadighet som dåke ser...)


Eg har komt over fleire godbitar som eg har kjøpt, både enkeltmønstrar og hefter/bøker. Her er det mange kuriositetar og ein god del underholdning å få tak i.


Eg har spesielt lagt min elsk på koftemønster. Det fins jo så utruleg mange stedskofter, og mange av mønstrane har eg aldri sett. Eg håpar at kofta kan få ein ny sjanse slik som Marius og Fana har gjort!


Dette mønsteret minnar jo litt om den populære Osloanorakken som har herja landet på kryss og tvers tidlegare i år.


Eg kjøper kun originale oppskrifter, og er faktisk litt sjokkert når eg ser folk sel kopiar av enkeltmønster til 15 kroner stk. Det synes eg ikkje det er verdt, originalane er jo knapt nok verdt det. Og er det lovleg? Ein ting er å kopiera eldre mønster til ei venninne, men å annonsera at ein selger kopiar? Mulig gråsone kanskje...

Bildet lånt frå Nasjonalbiblioteket si nettside
Mange etterlyser spesifikke mønster også. Genserar dei hadde i barndommen, eller strikka til mannen som forlovelsesgave i 1967. Eit lite tips då kan jo vera å besøka Nasjonalbiblioteket på nett. Her ligg det enorme mengder med eldre, (og nye) strikkebøker som du kan bla og kikka i. Supert viss ein er på leit etter info om ei eldre bok, eit spesielt mønster, eller bare vil kosa seg med å bla i strikkebøker. Her treng du garantert GOD tid!

4 kommentarer:

  1. Håper jeg kan få lov å ta en titt når jeg en vakker dag stikker innom! Det blir spennende :)
    Har et koftemønster som jeg er på jakt etter...
    Tusen takk for link -kanskje jeg er heldig å finne den rette kofta der!

    SvarSlett
  2. Spennande blogg! Dette er ein viktig del av strikkehistorien. Så flott at slike mønster vert tatt vare på!

    SvarSlett
  3. Så mange tøffe mønster! Og takk for tips. Eg jaktar nemleg eit mønster til ein genser eg vil strikke. Har genseren, men ikkje mønsteret og ingen har så langt kunne hjelpe...

    SvarSlett
  4. En utrolig flott skatt det der altså! :)

    SvarSlett