mandag 9. september 2013

Garnsafari i Hardanger

Det blei ikkje dei heilt store ferieturane i sommar, det blir det jo aldri med oss. Men ved hjelp av litt masing, truslar, lokking og luring fekk eg nå med maen på ein lynvisitt til den nye 5-stjernes campingplassen i Hallingdal. Campingen kan kort oppsummerast slik: Dyrt, flott og kjekt for ungane!

Meeeeen, det store høgdepunktet for na mor var jo sjølvsagt ikkje campingen, men stoppet på vegen.
Eg har kjørt langs fjorden og over Hardangervidda før, og visste godt kva skattkammer som skjulte seg i Kinsarvik. Det fann eg nemlig ut i fjor når eg og jentene var på tur til Mikkelparken...


For i kjellaren på den smårotete Spar-butikken skjule det seg mykje meir enn ein skulle tru. Ved første augekast så ser det kun ut som nettopp det, rot.


Men, eit lite stativ ved veggen fangar mi merksemd og eg går ned. Og det angrar eg ikkje på..

 
 


Ikkje fancy, ikkje straumlinjeforma, men her har dei mykje forskjellig garn!! (Og stoff og anna stæsj for dei som kan slikt)



Eg fann f.eks SMC Fine Wool i mange fargar, og blei ganske overraska når eg skulle betala. Vanligvis har eg betalt fleire og femti kroner per nøste, men her betalte eg 30. I tillegg så la dei oppi to mønsterhefter av litt eldre dato i posen min, heilt gratis.


Eg hadde jo mann og barn på slep, så eg rakk ikkje mysa så mykje som eg hadde ønska der. Men det blei nå ein pose med litt ymse oppi, både bomullsgarn og ull.  Duett og Mandarin fann eg i tilbudskorga til 20 kroner, reknar med at det er fargar som går ut.





Nokre knappar måtte også vera med heim. Likte spesielt godt dei søte soppane, litt originalt. Eg anbefalar alle som kjører gjennom Kinsarvik å stoppa ein liten tur her. Noko av det beste med butikken er at dei har ein del eldre mønsterhefter, slike som ikkje er så enkle å få tak i lenger. Av og til treng me litt nostalgi!


Eg må jo også ta med garnbutikken/souvenirbutikken eg var innom i Eidfjord, men den fortjenar hverken bilder eller hederleg omtale. Det var svært lite garn der, eg har nesten like mykje bare her i stova. Og så følte eg meg litt "attacked" av hu som jobbar der. Ho var veldig, veldig overgira på å selga meg garn. Då mistar faktisk garnjunkien Jane "suget", så eg sprang kjapt ut igjen.


Alt i alt nøgd med feriefangsten, den har alt funne seg ein fin-fin plass i garnlageret mitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar