lørdag 7. september 2013

Meis i kassen

"Fløy en liten blåmeis gjennom vindu, gjennom vindu, gjennom vindu - fløy en liten blåmeis gjennom vindu - en dag i august"... eller, den er vel meir lilla enn blå.


To herlige, kompakte hespar dukka opp i postkassen min for litt sidan.  Avsendar: Wollmeise, Tyskland. Eg var litt usikker på fargen, men den litt matte, gråaktige lillatonen var bare snadder. Mykje bedre enn på bildet eg kikka på i nettbutikken. Her er det mange meter med lykke, og eg skal ha eit gjennomtenkt prosjekt før eg sprettar desse.


Pakkane frå Wollmeise er jo så innbydande, og det sjarmerar jo at dei legg ved ein liten pose med gummibjørnar!
Fortsatt ser eg at det er ganske mykje garn igjen i nettbutikken deiras fleire dagar etter dei legg ut, men etter å ha sett ka eg må ut med i gebyr for å få det gjennom tollen så blir det leeenge til neste bestilling. Eg betalte faktisk lika mykje i gebyr for at dei skulle fortolla pakken min som ein meis koste - og det er ikkje billig! Og det var bare gebyret, momsen kom jo i tillegg kan du veta...
*sukk* eg betalar gjerne både skatt, moms og avgifter på det meste, men kunne godt tenkt meg at dei heva tollgrensa frå 200 til f.eks 1000 sånn at det vart lempeligare å kjøpa garn frå utlandet.

Men når eg såg denne grønne hespen her, i fargen wasabi, så fristar det jo å fly fleire meisar til Uskedalen! (Bildet er lånt frå nettbutikken til Wollmeise)


Så har eg ei lita etterlysing å komma med. Denne boka her skulle eg så gjerne hatt fatt i. Kanskje har du den i hylla og kunne tenkt deg å selga den, eller veit den ligg i ein kasse på loftet i rotet etter tanten til bror til fetteren til oldemor! Eg tek i mot alle tips med takk!

1 kommentar:

  1. eg og bestilte to hesper her for litt sia, og må jo sei at gleden over dei vart litt forkorta når en må ut med så mykje i toll og avgifter...Trur vi må danne ei gruppe "nei til toll på garn", -i allefall så lenge norske produsenter ikkje har det samme utvalget som i utlandet ;o)

    SvarSlett