fredag 6. september 2013

Ikkje tomhendt

Det vart jo ikkje avbilda nåke garnfangst i bloggen min om besøket til Vetlaløo. Men ingen trudde vel at eg kom heim tomhendt?
Neida, denna garnjunkien lar ikkje ein sjanse gå frå seg....


Denne fine posen her inneholdt garnfangsten. Må sei eg var ganske "finsleg" med berre 3 nøster, og to nye rundpinnar.



Babysilk til halv pris - det kan ein jo ikkje gå forbi. Dessverre berre to nøster, men trur det skal halda til ei lita bukse eller tunika til baby.


Og så vart det eit nøste med sokkegarn - med glitter! Dette må jo bli sokkar til jentene, trur det eine nøstet skal holda til eit par i 39 og eit i 26. Var så mykje som 425 meter på nøstet. Litt spent på kossen glitteret held seg etter ein del gonger i vaskemaskinen, nokon som har erfaringar med det?


Og så har eg endelig plukka desse babybootiesane opp av strikkekorga og gitt dei ein runde i vaskemaskinen. Men, dei er litt stusselige der dei står, så noko pynt må dei få. Men kva? Sidan leggen kan brettast er det kanskje dumt å sy pynteknapp utanpå? Og sidan bootiesane er strikka i superwashgarn må i alle fall pynten også tåla ein real runde i vaskemaskinen.
Eg får grubla litt..



Så eit lite boktips. Eg surfar stadig innom ulike nettbutikkar med strikkebøker, både norske og utanlandske, med varierande hell. Konklusjonen min er at ark.no faktisk er ein av dei som har det breiaste utvalget, spesielt av norske bøker. No har dei f.eks denne strikkeboka her på tilbud, og det var her eg fann Den Store Guttestrikkeboka også. Guttestrikkeboka bestilte eg denne veka, og eg er kjempespent på innhaldet i denne. Forventningane er skyhøge!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar