søndag 26. januar 2014

These boots are made for walking!

Jammen fekk eg til å laga babybooties i størrelse 28! Men med tanke på kor små dei er, så tok det veldig lang tid.
Uten oppskrift, så blei det jo ein del prøving og feiling. Et under at tålmodigheten, og den meget korte lunta mi, tålte påkjenninga.


Ser ut som passformen er bra, men kor gode dei er i bruk kan eg jo ikkje gå god for. Kanskje eg må laga eit par til turboen her i huset for å kvalitetssikra. Viss eg gidde. Rart med det, men dessa bootiesane likar eg ikkje å strikka. Om dei er aldri så søte og fine. Trur det er all den snuinga og dillinga som tar litt luven frå meg.




Sidan dei måtte vera litt slitesterke har eg brukt Sisu, og nå må eg spør; Har dei endra Sisuen? For eg har jo ikkje vore nøgd med den før, syns den var kvass og stikkete. (Les om mitt elendige sisu-moment HER!)  Men dette rosa her, som eg kjøpte hos Ullkroken, er mykje mjukare! Nå var det plutselig veldig greit å strikka med! Faktisk var det så godt at eg gjekk tilbake og kjøpte to nøster til etter å ha prøvd det. Snodige saker!

lørdag 25. januar 2014

Garnsparing

Eg ser at fleire i fjor sparte ein tier per oppbrukte garnnøste, og fann ut at det måtte jo prøvast. Sidan eg ikkje gidde driva å vega og loggføra alt eg strikke og handle, så er jo dette ein måte som kan gi ein viss peikepinn på kor mykje som blir strikka opp i løpet av året. Og kanskje inspirera til å bruka opp restar?


Enkelte har jo hatt ein tier for vanleg 50-grams nøste, og 20 for 100 g nøste, men det gidde eg ikkje dilla med. Her blir det ein tier om det er 100 eller 50 gram, eller bare ein liten rest. For sjølv om eg nesten brukte opp garnet på babytøflene, så er det fortsatt ein liten dott igjen. Med andre ord ingen tier på bøssa før også denne er brukt.


Så kanskje eg skulle strikka ein tunika til Madel av litt restegarn:) Det må jo brukast det også, og i tillegg blir sparebøssa fort tung.


For dei som føle dei trenge påfyll av garn, så er det halv pris på masse utgåande fargar hos Sandnesgarn. Garantert verdt ein kikk!

torsdag 23. januar 2014

Litt gløymsk...

Av og til, men bare av og til, så glømme eg ut når eg har bestilt nåke. Som med denne boka her..
Den dukka vel opp i eit engelsk strikkemagasin, og plutselig så hadde eg funne den på nett og bestilt


Gjekk litt tid før den dukka opp i posten, og då hadde eg glømt at den var på veg gitt.
What to knit when youre expecting , (ikkje la dåke forvirra av tittelen, ingenting å expecta her nemlig) herlig bok med fine bilder og lekre modellar.


Falt fullstendig for denne vetle jakkesaken her... notert på ønskelista...


Og så spør eg igjen, koffer kan ikkje alle desse søte, kjekke, artige og flotte bøkene bli oversatt til norsk? Trur ikkje det hadde vore problem å få solgt dei. Strikkebølga som skyller over landet nå er jo reine flodbølga.

Å pusla med garnnøster..

Når eg prøve stabla nøster på den mest fullpakka, praktiske og kompakte måten, ja då skulle eg av og til ønska at nøstene hadde meir fasong som små kvadratiske boksar. Snakk om ustabil bygningsmasse, dei lodne rakkarane ligge i alle fall ikkje i ro som eg vil!


For her skal det jo ikkje bare sjå fint ut, det må jo også funka i praksis. Prøve samla dei ulike produsentane, og sjølvsagt ligge alle fargane av ein garntype samla.


Men så må eg jo også stabla eit lag bak det som faktisk er synleg, ellers hadde det vore dårleg utnyttelse av plassen. Her skal det verkeleg stuast! Ikea er jammen fine greier gitt...

onsdag 22. januar 2014

Balar med boots

Eg kan vel konstatera at eg ikkje gjer meg som designar. Nå har eg bala og styra, strikka og rekt opp igjen, sånn omtrentleg ørten gonger! Jane gjer ting ho ikkje kan - lagar strikkeoppskrift!

Endeleg ser eg enden på dette, men jammen har eg fått ny respekt for dei som lagar mønster. Nå er det sikkert ein kode som må knekkast, og når ein først har funne formelen så er det vel kanskje ikkje lika bale kvar gong..?
Men, mi utfordring var å laga babybooties, som eg tidlegare har strikka opp til størrelse 6 mnd., i størrelse 28. Og uten nåken peikepinnar og oppskrift så var det ikkje så lett.


Første runden så blei det størrelse 26, yngstejenta var prøvekanin. Nytt forsøk, fleire riller framover vrista, men så fekk eg jo ikkje prøva før neste dag. Kan jo ikkje begynna å dra søte, små barn utav djup og god søvn for å prøva sokkar midt på nattå!
Nå gjenstår bare litt avfelling og trådfesting før dei kan sendast avgårde.


Fekk og sendt avgårde premie etter tippekonkurransen på garnlageret mitt. Håpar at damen som tippa rettast finne i alle fall noko ho kan bruka i pakken.


Siden det var to stykke som begge tippa 135 kg, så blei det trøstepremie til den som var lengst i frå  når det skulle tippast på gram over 135 kg.

mandag 20. januar 2014

Vestavind

Det er så herleg å få ting heilt ferdige. Ikkje bare strikka ferdig, men festa trådar, sy i knappar og la det få ein runde i vaskemaskinen. Og sidan det ikkje blei nåke særleg strikking med meg denna vekå, så kunne eg i alle fall gjera ein innsats med å få ting utav strikkekorga. Sidan det egentleg berre mangla vask og tørk på desse her, så gjekk det ganske kjapt.


Første vesten er strikka i Eskimo frå Garnstudio, 3 nøster til str 2 år. Godt å strikka med, og oppførte seg fint i første vasken i alle fall. Her strikka eg på pinne 5,5 så den vart ganske kompakt. Knappane er jo berre fantastiske, og om eg ikkje hugsar heilt feil så bestilte eg dei på www.stofstedet.dk .


Den andre vesten, som er noko større, strikka eg på pinne 7 med Andes frå Garnstudio. Når eg gjekk opp såpass på pinnestørrelsen så vart den mykje mjukare. Litt for mjuk og slafsen etter min smak, så trur eg neste gong satsar på pinne 6/6,5. Det gjekk med 200 gram garn til denne i størrelse 7 år.


Og så er jo endeleg babygenseren i havn. Snakk om drygt prosjekt med tanke på at det er ein nyføddjakke (0-3mnd). Ikkje bare fordi eg brukte sånn ca hundre år på strikking/opprekking før eg kunne ansjå meg som ferdig, men eg har utsatt det i det lengste med å sy i dei stakkars tre knappane. Men målstreken er nå passert, og strikkekorga mi ser mykje meir oversikteleg og ryddig ut. Så lenge det vare...

lørdag 18. januar 2014

Strikkestopp!!

Denne veka har det vore fullstendig strikkestopp. Det er så typisk når eg har masse som skulle vore ferdig. Men, slikt er vanskeleg å styra.
Torsdag bar det avgårde til Haukeland, kan jo ikkje sitta sånn unyttig i heimen over tid. 11 kortisoninjeksjonar og i dag begynne endelig ting å fungera. Eg står klar til å kasta meg over spøtet!

Sidan eg hadde Tor Ove med som sjåfør, så vart det ganske kjapt klart at det ikkje var snakk om noko garnstopp på denna turen nei. I følge han så var det ein heilt unødvendig post på programmet. Mulig han hadde dei 135 kiloane i kjellaren i tankane...
Men... eg klarte nå på mirakuløst vis å handla garn likavel. Hehe, denna damå e kje rådlaus. Me var nemleg innom Obs for at sjåføren skulle kjøpa kaffi med heim, og ka skimtar eg borti hyllene? Joda, nåken lodne, fargerike saker. Eg var alt på veg bort til garnet når eg høyrer maen prøver stoppa meg, men han var for sein. I følge han hadde me slett ikkje tid å bortom dei hyllene, men eg trenge nå strengt tatt ikkje så mange sekunder for å grabba med meg garn eg:)


Ola Raggegarn må jo testast, kan jo henda det er bedre enn Tresko. Og om det ikkje er det så har eg ikkje tapt dei store summane. 10 kr nøsta.


Eg er ingen tilhengar av akryl, men nå skal eg faktisk gi eit garn med akryl i (40%) ein sjanse. Adore hadde ein fin glans og kjentes ganske mjukt ut, så får eg håpa det lever opp til førsteinntrykket.

Men nå, når eg endeleg klare bøya samtlige fingrar, skal det strikkast!!

torsdag 16. januar 2014

I have a dream... om ein jakke

Sjølv om me berre har komt til midten av januar, så kjennes jula som noko fjernt som skjedde for lenge sidan. Følte meg litt sånn som dette når det nye året plutselig skulle starte med brask og salutt!
(Eg vil gjerne understreka at dette ikkje er eit sjølvportrett, eg har nemleg kortare hår! Bildet snubla eg over på ei fb-side, så det har eg tjuvlånt!)


 
I det eine Familien som kom rett rundt jul, så var det mønster på ein råflott jakke. Det er sjeldan eg finn noko som eg kunne tenkt meg sjølv, men denne har eg kikka og kikka på og tenkt at jammen skulle eg hatt ein sånn i skapet. Bare sjekk den kule reimsaken øverst i halsen!


Eg går til stadighet tilbake til jakken, men synes den ser for invikla ut for meg. Har jo aldri strikka eit så stort plagg med ein masse flettemønster. Men tenke den kanskje kan ligga på modning ei stund. Kanskje blir eg modig nok ein dag til å kasta meg uti det.
Viss nokon har strikka denne i ein annan farge hadde det vore veldig artig og sett.

tirsdag 14. januar 2014

Endelig!!

Så kom han då endeleg, denna vinteren! Lett snødryss i går, så det så vidt er kvitt, og gradestokken er omtrent der den bør vera. Omtrent ein månad for seint, men bedre seint enn aldri! Jula er pakka vekk for lengst, også desse flotte snømennene som den yngre garde i huset fekk til jul. (Alle ser vel at desse kjem frå ei kreativ dama i Herøysund)


Og når kulden kom, så kunne eg endeleg bruka dei fine, varme julegåvene eg fekk!
Linda syter jo alltid for at eg har varme, fine og gode sokkar. Eg har endå ikkje strikka eit einaste par sokkar til meg sjølv, og det har eg egentlig ikkje behov for når ho strikkar sånne artige saker til å varma undersåttane mine med:)


Ein avsendar, litt lenger nord i fylket, hadde heldigvis tenkt på at kanskje eg kom til å frysa på fingrane mine. Åshild er verkeleg ei dama eg ser opp til, på alle måtar, men ikkje minst når det kjem til handarbeid. Bare sjå desse nydelege vottane her! Dei er så flotte at dei kun skal bli brukt til fint!


Ser at mange har hatt "årsoppgjer" over alt dei strikka i fjor, ikkje minst alle dei strikka julegåvene. Mitt oppgjer er ganske enkelt, ingen strikka julegåver, ingenting strikka til meg sjølv, ein jakke + hua til minstejenta og nokre sokkar til bror min. Resten har forsvunne i Epla-butikken min. Nytt år og nye muligheter til å endra på den statistikken.

mandag 13. januar 2014

Ny bok i samlinga

Midt i "julestria" følte eg for å belønna meg sjøl litt. Ikkje fordi eg hverken dreiv noko veldig intensiv rundvasking eller baking, men enkelte godbitar kan ein ikkje la gå forbi. Enda en Strikkebok frå Pickles er jo då ein slik godbit.


Eg har alle tre bøkene til Pickles, og sjølv om eg bare har brukt 3-4 av oppskriftene, så er desse bøkene noko av det kjæraste eg har. Bøkene er ein humørløftar, og alle dei fine bildene kan gjera ein kvar grå dag eit hakk eller to lysare. Det besta med desse bøkene er jo at det er mange oppskrifter utan montering, det er ein fordel for oss med nål-og-tråd-fobi!




Mange spreke modellar, både til store og små, og den stripete dressen har komt høgt opp på ønskelista.


Ein kan også følga Pickles på nett, og jentene er veldig flinke til å oppdatera med nye oppskrifter, kurs og gode tilbud. Verdt å sjekka ut!

søndag 12. januar 2014

Garnbingo

Etter mange, mange veker utan husmorlufting, gjekk turen til Stord torsdag kveld. Ullkroken kunne nemleg freista med strikkekafè, og eg har jo sagt fleire gonger at eg gjerne skulle tatt ein tur der. I tillegg skulle det denne kvelden vera garnbingo, noko som jo måtte bli ein høydare. Eg slapp heldigvis å reisa aleina, Linda var ikkje så vanskeleg å overtala.

Kjapt over fjorden med båt, og me rakk både Fem Høns og ein anna garnbutikk før me inntok Ullkroken. Eg har skrive det før, og skrive det igjen, denne butikken er bortimot den perfekte strikkebutikk. Godt utvalg frå både Sandnes og Rauma, både i garnkvalitetar og fargar, samt ein drøss med godbitar frå andre leverandørar. Og så er det alltid mange kjekke tilbudskorger som står både her og der.


Men, det var jo ikkje bare handling denne kvelden, sjølv om det vart to rundar i butikken på både meg og Linda. Det var også garnbingo. Og snakk om kvalitetsunderholdning! Garnbingo fungerar som all anna bingo, bortsett frå at det ikkje er tal i rutene du skal kryssa, men garntypar/strikketilbehør. I tillegg så er jo premien, ikkje uventa, garn og pinnar!! Dette var supermoro, eg anbefalar det som aktivitet til alle strikkekafèar!

 
Og jammen vant eg også. Hurra! Det morsomme var at eg stod og holdt på eit slikt nøste i butikken, og hadde planar om at eg skulle kjøpa det. Men tanken på dei 135 kiloane med garn heime slo inn, så eg la det i frå meg. Men det var tydeligvis meininga at dette skulle vera med meg heim.

 
Ikkje utenkeleg at me tek ein tur til på Strikkekafè på Ullkroken, då med fleire utsendingar frå denne sida av fjorden vil eg tru.
For å sjå bilder frå tidlegare besøk i butikken, sjå HER!
Er du på FB finn du også sida til Ullkroken der.


På veg til båten heim, gjekk eg og Linda forbi dette butikkvinduet her. Og me vart litt i stuss kva dei egentlig prøver å selja her...

torsdag 9. januar 2014

Eit eple her og eit eple der...

Eg skal vel ikkje prøva innbilla nokon at Eplabutiiken min, Spøtekroken, har nokon enorm omsetnad, men det ruslar nå ut ein vest eller eit par sokkar nå og då. Og i haust har det liksom vore ganske jamt og trutt, og sidan eg er litt treg å fylla på så er det heller et slunkent utvalg nå.


Hjalp litt når eg kunne putta inn nokre raggsokkar, og eg bør snart ha klart både ein liten genser og eit par Vestar. Er berre desse knappane som dåke jo veit må SYAST i...


Kjøpte meg nokre kjekke kort på www.etsy.com . Den sida er egentlig like farleg som einkvar bugnande garnbutikk, så eg prøver å ikkje klikka meg innom for ofte. Men desse korta syntes eg nesten var noko eg måtte ha.


Eg fann korta mi hos denne damen HER! Og i utgangspunktet hadde ho bare dei store korta med garnnøste, men det var ingen problem å laga nokon mindre. Dei vart med sau på.


Artige kort som eg synes det er greit å legga ved når eg sender strikkating frå Eplabutikken min. Då kan eg skriva ei lita helsing, samt tips om f.eks vasking av plagget og kva garn det er strikka av. Og så håpar eg jo sjølvsagt at mottakaren synes det er litt triveleg at det ligg ei lita helsing saman med plagget.

tirsdag 7. januar 2014

*trommevirvel* ..og vekta på garnlageret er....

Tusen takk for enorm respons på min ganske så uhøgtidelege konkurranse. Så kjekt at så mange har vore inne og tippa, har vore kjekt å følga med på. Eg visste jo heller ikkje resultatet før nå i kveld. Eg hadde startvekta første januar 2013 på 108 kg, og så har eg vegd og skrive opp kvar ting som er strikka og alt som er kjøpt inn eller fått av garn. Mitt tippeforslag var 186 kg.


Då har eg rekna, og kontrollrekna, og lageret mitt er altså: 135, xx kg!!!

To damer hadde svart 135 kg, så derfor må eg ha ein aldri så liten finalerunde mellom Linda Tvedt og Laila Eide. Supert om dåke kan komma med ein desimal eller to på dette, sånn at eg kan finna ein vinnar!

Eg må egentlig sei at eg er ganske overraska, eg trudde det skulle vera mykje verre. Så spørs det då, kor mange av desse kiloane eg får trykka inn i garnskapet.


Trur ikkje det blir noko loggføring og veging av alt som blir kjøpt inn og strikka opp i 2014. Det er alt for dillete og stjele mykje strikketid. I år trur eg heller at eg skal prøva varianten med å spara ein tier for kvart nøste som blir oppbrukt. Vurderar å starta med ein kjole i restegarn til Madel, for å få ein skikkeleg "flying start".

søndag 5. januar 2014

Bittelitt resultat-trøbbel

Eg som trudde at det var ein ganske enkel sak å gjennomføra ein aldri så liten gjettekonkurranse om kor mykje garn eg hadde. Men, nei, det kom nok litt rusk i maskineriet. For uvitande som eg er, skreiv eg i bloggen at ein kunne svara både i sjølve bloggen og på Facebook. Etter at mange hadde svart på innlegget i Strikkesida, så vart innlegget sletta av admin. der. Det er nemlig ikkje lov å ha konkurransar inne på fb. Linkar til blogg med konkurranse er lov, men ikkje direkte på fb altså.
Så nå har eg bedt, og ber, folk som hadde svart på fb om å gå inn i sjølve blogginnlegget å legga inn svaret der. Kan ikkje gjera anna enn å håpa at samtlege gjer det. Veldig kjedelig om ein som svarte på fb hadde rett, men ikkje vant fordi eg ikkje kunne finna svaret igjen.
Dermed forskyv eg avsløringstidspunktet til tysdag, rett og slett slik at alle som har lyst å vera med å gjetta får sjansen!
Har du ikkje tippa endå, kan du gjera det HER!


Dette nøstet her får faktisk ikkje lov å vera med i rekneskapet ein gong. Rett og slett fordi det ved nærmare ettersyn meir ser ut som ei strimla t-skjorta enn garn. Nøstet hadde mamma med heim til meg sist ho var på reise. Ho meinte eg kunne laga gryteklutar av det. Eg vil ikkje påta meg den jobben, men det kan kanskje gå an å hekla eit gryteunderlag. Eg får ta kolossen med ut til Linda og høyra kva ho meinar at det grønne vidunderet kan brukast til.
Nokon som har vore borti dette? Og i så fall, kva vart resultatet?

onsdag 1. januar 2014

Tipp garnvekta

Hæppy nju jer! Då var me i gong med 2014, og eg tenke me startar med eit brak eg. Mitt kjære garn er jo så smått begynt å flytta inn i garnskapet, og her strides dei lærde om kor mykje av garnet eg faktisk kjem å få plass til. Så før me får endeleg svar på det så fleskar eg til med ein real tippekonkurranse:

 Kor mange kilo var garnlageret mitt 31.12.13?


Premien blir ei stor pakke med diverse godbitar, både garn, strikkeutstyr og mønsterbøker!!
Det skal jo noko til å treffa akkurat på grammet, men då blir det den som er nærmast, med mindre det er snakk om veldig store avvik.

Håpe mange kjem med eit forslag, og del gjerne på fb eller i bloggen din!!
Godt nytt år!
Det oppstod en feil i denne gadgeten