søndag 12. januar 2014

Garnbingo

Etter mange, mange veker utan husmorlufting, gjekk turen til Stord torsdag kveld. Ullkroken kunne nemleg freista med strikkekafè, og eg har jo sagt fleire gonger at eg gjerne skulle tatt ein tur der. I tillegg skulle det denne kvelden vera garnbingo, noko som jo måtte bli ein høydare. Eg slapp heldigvis å reisa aleina, Linda var ikkje så vanskeleg å overtala.

Kjapt over fjorden med båt, og me rakk både Fem Høns og ein anna garnbutikk før me inntok Ullkroken. Eg har skrive det før, og skrive det igjen, denne butikken er bortimot den perfekte strikkebutikk. Godt utvalg frå både Sandnes og Rauma, både i garnkvalitetar og fargar, samt ein drøss med godbitar frå andre leverandørar. Og så er det alltid mange kjekke tilbudskorger som står både her og der.


Men, det var jo ikkje bare handling denne kvelden, sjølv om det vart to rundar i butikken på både meg og Linda. Det var også garnbingo. Og snakk om kvalitetsunderholdning! Garnbingo fungerar som all anna bingo, bortsett frå at det ikkje er tal i rutene du skal kryssa, men garntypar/strikketilbehør. I tillegg så er jo premien, ikkje uventa, garn og pinnar!! Dette var supermoro, eg anbefalar det som aktivitet til alle strikkekafèar!

 
Og jammen vant eg også. Hurra! Det morsomme var at eg stod og holdt på eit slikt nøste i butikken, og hadde planar om at eg skulle kjøpa det. Men tanken på dei 135 kiloane med garn heime slo inn, så eg la det i frå meg. Men det var tydeligvis meininga at dette skulle vera med meg heim.

 
Ikkje utenkeleg at me tek ein tur til på Strikkekafè på Ullkroken, då med fleire utsendingar frå denne sida av fjorden vil eg tru.
For å sjå bilder frå tidlegare besøk i butikken, sjå HER!
Er du på FB finn du også sida til Ullkroken der.


På veg til båten heim, gjekk eg og Linda forbi dette butikkvinduet her. Og me vart litt i stuss kva dei egentlig prøver å selja her...

4 kommentarer:

  1. Garnbingo høyrest kjempeartig ut! :) det skulle eg gjerne vore med på, og ingenting er betre å vinne en garn og strikkeutstyr :)

    SvarSlett
  2. Garnbingo!! Hørtes kjempeartig ut. Det har vært noe ;-)

    SvarSlett
  3. Det hørtes skikkelig gøy ut med garnbingo :o) alltid kjekt å vinne noe;) må si meg enig over det utstillingsvinduet.... Hihi!

    SvarSlett
  4. Dette hørtes kjekt ut. Flott nøste du fikk med hjem.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten