søndag 30. mars 2014

Raskt levert

Eg må sei eg er imponert over rask levering frå Nøstenett. Hadde knapt rukke å trekka pusten før garnet var på plass. Dette er ein genser, ser du ikkje det? Eit såkalla FØR bilde...


Litt usikker på den petrolfarga, om det er nok blått i den. Syns kanskje den hadla litt for mykje over i grønt, så eg får høyra med mottakaren kva han syns om saken!


Det vart jo eit par andre ting med i bestillinga også, sjølvsagt. Mønsterhefter frå Sandnes på tilbud, samt at eg for sikkerhets skyld også bestilte heftet med Mariusgenseren i, sidan det skal vera så mykje feil i boka.


Og så måtte eg ha med dei fire nye katalogane til Drops, utan at eg skjønne heilt koffer eg gidde. Det er omtrent det samme som var i mønsterheftene for fire-fem år sidan. Garnstudio hadde trengt litt friskt blod i designerstaben, dei har ein tendens til å gjenta seg sjølv. Og så saknar eg oppskrifter til baby og barn. Heldigvis er katalogane rimelige, så det føles ikkje som ein bommert likavel.


Så, med garnet på plass er eg i gang med genseren....

lørdag 29. mars 2014

Å gå forbi...

I dag måtte eg ta turen til Odda, helsemessig ærend, og eg hadde jo superflaks då det viste seg at Vetla Løo  hadde åpent.


Denna butikken har ein heilt særeigen stemning, men i dag blei det ikkje garnhandling på meg. Syns det var komt så masse mohair og alpakkagarn - ingen favoritt - og det var liksom litt uoversiktelig i dag.


Men, eg kjøpte melkekaker og strikke-te og kaffi. Perfekte gåver til strikkemedsøstre.


Husflidbutikken i Odda strena eg raskt forbi - men eg hadde hørt rykter om at det skulle finnast ein butikk til. Og det stemte, garnradaren min peila den inn rett bortanfor "torget". Bunad, Garn og Quilt.


Eg er glad i korger og butikkinteriør som byr på litt skattejakt, men her mista eg heilt oversikten. Koffer i all verden skal alle dessa nydelige nøstene ligga i plast! Litt meir orden i sakene her, og eg hadde garantert vandra ut med ein svær pose.


                    Ingenting var logisk plassert.... Men katalogane frå Drops var gratis.
 

Enden på visa var i alle fall at eg, til tross for fleire garnbutikkar, reiste heim med eit par joggesko til minstejenta, og ingen garnnøster!

tirsdag 25. mars 2014

Hurra for 80-talet

Syns det var på sin plass med eit hefte frå 80-talet sidan underteikna hadde bursdag i helga. Bursdagen vart forresten feira i noko som likna fosterstilling på grunn av ein real nakkekink. Blei lite kake og selskapeligheter for å sei det sånn.


Men i postkassen sist veke dumpa dette heftet frå 1984. Kjøpte det på ei fb-side der eg har funne fleire godbitar før. Heftet var i veldig god stand, ser knapt nok ut som det har vore bladd i.



Var veldig mykje som aldri kjem på pinnane. Ikkje for å feira den svenske nasjonaldagen ein gong...


Men lengst bak i heftet dukka det opp to modellar som var veldig fine. Syns liksom eg har sett noko liknande i det siste.


lørdag 22. mars 2014

Nøstenett

Her ein kveld fekk eg ein overraskande og koseleg telefon. Naboen lurte på om eg kunne strikka Mariusgenser til han. Eg klare jo aldri sei nei, så det skal vi sjølvsagt få til, var svaret mitt. I utgangspunktet ville han ha originalfargane. Dei er ikkje eg så glad i, så eg fann eit bilde på Strikkesida av ein versjon i koksgrå, kvit og petrol. Heldigvis så fall dette i smak, og til ein vaksen kar, litt mørk i fargane, så trur eg det vil bli kjempefint!

Bilde lånt frå ei flink strikkerske på Strikkesida.
Men, sjølv om garnlageret mitt rommar mykje, så er det ikkje noko der som kan brukast til Mariusgenser i XL. I alle fall ikkje i rett garn og rett farge. Siden det er på bestilling syns eg det er greit å bruka originalgarnet, Smart frå Sandnes. For ein ungkar har eg ein mistanke om at superwashgarn er å foretrekka!

Ein liten runde i diverse nettbutikkar, og konklusjonen var at Nøstenett var den som var mest gunstig på pris. Ikkje bare var garnet 1 kr billigare per nøste, men dei har fast lågpris på frakt: 50 kr. Når ein bestiller for over 750, så var det gratis frakt. Med andre ord, gratis frakt på meg. Sidan det har vore snakk om så mykje feil i mønstrane i Mariusboka, valgte eg også å bestilla mønsterhefte. Litt utidig å sitta der med 300 masker på pinnen, halve mønsteret ferdig, for så å oppdaga at det er feil!


SÅ må eg visa, i ord og bilete, at våren definitivt er her. Dei siste vekene har den store "dilla" for skuleungane vore sparkesyklar. Og då helst triksesparkesyklar. Kor flink ho mi er å triksa skal eg ikkje uttala meg om, men eg er ikkje i tvil om at ho har gjort eit forsøk!!

torsdag 20. mars 2014

Fornuftstrikk

Det har ramla inn med kjekke blader og hefter den siste tida. Postkassen har bugna av inspirasjon i alle fasongar - og når ein ser på strikkemodellane så er våren rett rundt hjørna.



Denna her syntes eg var kanonstilig. Fargen var ikkje heilt i mi gata, men det er nå ein smal sak å gjera noko med!


Men til tross for sidevis med spennande oppskrifter så har denna skrotten drive med nåke ganske lite vårleg og spennande. Sokkestrikking. To par herresokkar i str 45 har det blitt, eit i Tresko og eit i Robust.


Dei har jo sjølvsagt vore ferdig strikka ei stund, men så var det denne trådfestinga da.... Godt eg klare ta meg i samen innimellom, for det er tross alt ikkje så store jobben med dei trådane sånn egentlig..


 Det er ei stund sidan sist blogginnlegg, og eg hadde egentlig begynt vurdera om eg bare skulle droppa heile blogginga. Heller bruka meir tid på å faktisk få strikka litt. Det fins så mange flinke strikkerar som har superproffe bloggar, og eg kjem nok aldri til å komma på det nivået. Det er heller ikkje noko egentlig mål, eg trives som amatør.
Men, så fekk eg ein koselig kommentar når eg var i nabobygda å handla her i starten av veka, og då tenkte eg at kanskje eg kan inspirera nokon med noko likevel? Om ikkje anna så kan kanskje garn og strikkegleden min smitta litt av? Eller eg kan visa ei ny nettside med garn, ei kjekk mønsterbok eller eit garn som bør prøvast? Og så har eg jo hatt nåken episoder som tydeleg kan visa kva ein IKKJE skal gjera, og det kan jo vera litt nytte i det også....

fredag 14. mars 2014

Høna eller egget?

Ser når eg blar tilbake i bloggen at det jammen har blitt litt bøker i det siste. Eg er litt usikker på korleis dette skjer, plutselig bare er dei i postkassen.:)


Men altså, denne boka her - med hønsestrikk- synes eg liksom måtte vera representert i bokhylla mi. Eg såg føre meg side opp og side ned, med mønsterbord etter mønsterbord, så det blei ein ørliten skuffelse når eg bladde gjennom boka og det var masse "utenomsnakk" og mange bilder av ein og samme genser.


Eg meiner på ingen måte at boka er dårleg, den var bare ikkje heilt som eg hadde forventa meg. Det er lekre og innbydande bilder, fine modellar, og det er jo mange mønsterborder. Bare ikkje så mange som eg hadde sett for meg oppi mitt lille hode!


Boka er absolutt ein "bør ha" for alle strikkerar, og eg applauderer løysinga med ringperm. Då blir mønstrane lettare å bruka. Alle oppskriftsbøker burde vore sånn, svært praktisk. Ein slepp trykka, kna, dra og slita for å få boka til å ligg oppslått.
Viss denne ikkje står i hylla di endå, kan du kjøpa den HER!

onsdag 12. mars 2014

Perfekt match!

Det er veldig ulike meiningar om kva pinnar som er best, men ein kan vel sjå ein viss enighet om at pinnar frå Knit Pro og addi stort sett kjem godt utav det. Eg har i tillegg funne meg ein favoritt i ibenholtpinnar, som faktisk er hakket bedre enn både Harmony Wood og bambus.
Av dårlige pinnar så kan eg i alle fall sei at plastpinnar frå Nille ikkje blir brukt her i huset, og eg var heller ikkje særleg nøgd med bambuspinnane frå Viking heller. Vaieren er så sinnsjukt mjuk at eg har problemer med å skyva maskene over.


Men, det står ikkje bare på pinnane. For garn oppføre seg slett ikkje likt på metall og tre. Og nå trur eg at eg har funne ein perfeck match. Det meste flyte jo godt og kjennes bra ut, men denne duoen her passa ekstremt godt i lag. Harmony Wood pinnar frå Knit Pro og sokkegarnet Iglu Color frå Regia. Perfekt, nydelig å strikka med.


Og på pinnane har eg då sjølvsagt sokkar. Denne gong prøve eg å læra meg ny type hæl - som eg synes passar bedre til babysokkar og til sokkar med glatt skaft, enn den eg pleie bruka.                 Short row heel fins det sikkert fleire variantar av, og eg har vore borti den på workshop hos Zirkona, men aldri brukt den.  Synes at varianten eg fann i denne bloggen var enkel å forstå, og synes den blei ganske brukande å sjå til og.

onsdag 5. mars 2014

Sjå her alle strikkenerder!

Er du strikkegal, handarbeidsnerd eller bare historieinteressert? Då bør du i alle fall ta turen til Åkra i morgo kveld og høyra på denne dama her!!


 Annemor Sundbø, som omtrent var den einaste som hadde noko å fara med på NRK sin Nasjonale strikkekveld, er nærast eit ikon innan strikking i Norge. Ei dama som verkeleg kan si strikkehistorie, og som har skrive fleire bøker.


Du kan lesa om arrangementet HER, og eg anbefalar alle som er i normal kjørbar avstand til Åkra om å ta turen. Ikkje lange svippen frå hverken Odda, Etne, Stord eller Skånevik. Eg håpar arrangørane får fulle hus når dei har klart å laga i stand eit så til dei grader fornuftig kulturarrangement!!
Og om du ikkje bur på desse trakter, så kan det jo henda at damen dukke opp ein plass i nærheten av deg? Virke nemlig som det er ein liten turnè på gang!

mandag 3. mars 2014

Garnsalg - rett hjem!

Når eg kom igjen frå husmorferien min låg det jammen ein pakke å venta på meg. Så kan dåke jo gjetta kva som var oppi...


Det er faktisk andre gang eg har bestilt frå Berits strikk og sybutikk. Og denne gongen var det fleire nye garnsortar i posen.





Eg begynne få ganske mykje Helårsgarn i skapet, uten at eg har  strikka ei einaste maska med dette endå. Men det kjennes veldig godt ut, og lovord frå andre strikkerar gjer at det blei bestilt også denne gongen.


Tjukt garn med tanke på vestar. Ser mykje ut, men går ganske fort å bruka opp. Litt andre fargar enn eg vanlegvis går for.




Det skal bli spennande å testa både Samo og Carmen, alltid kjekt med nye strikkeerfaringar. Slengte med ei lita votteoppskrift i pakken min, ein gong må jo eg og få til å strikka vottar.


Dagens tips: Hos Strikkenett er Alpaca Silk frå Garnstudio månedens nøste - kun 17 kroner. Har ikkje prøvd garnet, men det ser ut til å vera midt i blinken til mjuke kosegenserar.

lørdag 1. mars 2014

Barndomslære

Frå ein er ganske liten så lærer ein jo at når ein har gjort noko ein ikkje burde ha gjort, så må ein fortella det til ein voksen. Det er ikkje bra for ein å gå og halda på slikt.  Så derfor slenge eg innom for å fortelja at eg har handla garn. Igjen...


I følge det bulande og sprekkferdige garnskapet mitt, så burde eg visst ikkje ha gjort det. Men på Husnes har dei ein butikk med litt garn, og utanfor den butikken står det ei gammal seng med tilbudsgarn oppi. Og når eg såg at det var komt Nomottagarn oppi der, ja då bare MÅTTE eg ha det.

 
På veg til kassen så ville det seg slik at eg også kikka litt på desse nøstene her... Og dei blei igrunn så god venn med dei andre nøstene at eg ikkje hadde hjerta til å splitta dei. Alle fekk vera med heim - viktig å vera inkluderande. ..
Til mitt forsvar (syltynt) så vil eg berre få opplysa om at det også var raggegarn til kun 10 kroner der, som eg faktisk gjekk standhaftig forbi! (Mulig at det frista litt mindre når ekspeditøren fortalte at det var resirkulert garn, derfor kunne dei holda prisen så låg.. Ka som meines med resirkulert bør kanskje sjekkast ut her...) Over og ut!