onsdag 27. mars 2013

Blogginspirasjon

Verdsveven (internett for bokmålsfolk) har blitt ein skikkeleg tidstjuv. All den gode strikketida eg somlar vekk på å surfa rundt mellom nøster, strikkepinnar og inspirerande bloggar. Men, eg klare liksom ikkje heilt la vera heller, det er jo så mykje fint å sjå der ute!!!

Eg har fleire venner som bloggar, og desse er det jo sjølvsagt at eg følgjer. Men så har eg funne nokon klare favorittar frå "ukjende" bloggerar.
Ein god blogg for meg har eit ryddig oppsett, fine bilder, mykje inspirasjon, lett og godt språk og ein heile haug med gode tips og linkar.
Her er mi topp 3 liste som eg anbefalar ALLE å sjekka ut!


1. plass: strikke hikke - ein festlig blogg med veldig mykje strikk etter min smak. Mange gode tips og lett "penneføring". Enkelte klare å skriva på ein måte som gjer at du faktisk føle du kjenne dei etter ei stund, og denne bloggen er sånn.

2. plass: Sidsels kreative hjørne - ein blogg som vise at det faktisk er mulig å rekka alt. God inspirasjonskilde som gladeleg deler oppskrifter, og mange fine bilder. Denne bloggen har faktisk meir enn ein gong lokka meg ut på glattisen når det gjeld garnkjøp. Nå sist med dette herlige "safari"-garnet! Innlegget som førte til handel kan du lesa HER!


3.plass: G-Anettes Kreativiteter - så fantastisk lekre plagg som kjem frå denne dama her. Nydelige bilder, og godt forklart & fortalt. Kjem ofta med "ny" inspirasjon, ting som ikkje har vore "diller" rundtom i det ganske land, og linkar til oppskrifter er med!

Etter å ha sjekka ut desse tre her blir du nok, som meg, sittande halve kvelden å mysa på bloggar. Lista over ting ein har tenkt (og lyst) å strikka, blir bare lenger, og lenger og lenger...


Eit "garnlys" høyrer heime i ein kvar strikkeheim. Julegåve som no brenn på siste verset!

Og i kveld har eg verkeleg kosa meg med fyr i ovnen, te i koppen og lys på bordet. Teen er forresten ganske nyoppdaga, sjølv om den har stått i hylla på matbutikken i bygda i lengre tid. Merkinga med "økologisk" har ein veldig avvisande effekt på meg, så eg har faktisk ikkje gidda sett to gonger på pakken ka type te det har vore oppi ein gong. Men, nå har eg altså både lest på pakken, kjøpt den med heim, og funne ut at eg digge den teen! Jacobs Earl Grey smakte fantastisk godt, og hadde ein fyldig anis-smak som ikkje har det kunstige preget pose-te ofte har. Mynte-teen har fått konkurranse!!


Siden tysdag nå akkurat har blitt til onsdag, bør eg vel også vurdera å rekka ein omgang og to på strikketøyet mitt. Nytt prosjekt er litt hemmelig, men eg kan sei såpass at eg ALDRI hadde trudd at dette skulle på pinnane mine...




mandag 25. mars 2013

Hit, men ikkje lenger..

Så var det stopp på jakken til Madel - rett og slett tomt for garn. Eg ante jo dette alt når eg hadde komt halvvegs på bolen, og krisen er ikkje større enn at eg må la det ligga eit par dagar. Hjelpen er nemlig nær, og kjem på påskeferie med garn i bagasjen håpar eg!


Eg kunne jo sjølsagt bare bestilt sjølv hos Norwegian Spirit, men dei har ein rimeleg høg pris for å senda, og når eg bare skal ha eit enkelt nøste så er det faktisk ikkje verdt det!

Helgå gjekk med stadige små drypp på bursdagsbarnet. Fine påskeblomar frå mannen - og han var fullt klar over at han hadde aldri sluppe unna med gule blomar om det ikkje var påske.


Påskebukett frå svigers også, så nå har eg jammen fått litt gult både på kjøkken og i stova.


Og så kom det jo to hentelappar i postkassen min på lørdag. Et blikk på avsendar sa meg at dette var kjekke pakkar, sjølvsagt strikkerelatert.

Den eine inneholdt bøkene eg hadde bestilt frå www.sommerfuglen.dk, og her er eg imponert over kjapp levering! I tillegg blei eg positivt overraska over at ein slepp både moms og toll på bøker, så lenge ein bestiller bare bøker i pakken. Med andre ord blei totalprisen 273 kroner for alle tre bøkene.


Dei to små "heftene" av Sys Fredens var det veldig mykje fint i, og ho kjem no langt opp på lista over favorittforfatterar. Den siste boka av Lene Holme Samsøe var litt meir rotete, men det var ein og anna godbit her også. Ikkje minst eit herligt froskemønster!


Og så kom det litt garn gitt.... Skjønne ikkje kossen det stadig skjer altså, at det dukkar opp i postkassen min. Det er jo alltid lika velkomment sjølvsagt..
Denne gongen var det tre nydelige nøster med Merino Mia frå Prism.


Dette er første gang eg handle hos Yarn Market, og veldig høg porto gjer at eg nok kjem til å var litt tilbakeholden med å driva småkjøp herfrå. Men til tross for litt høg pris, så er garnet berre nydeleg. Fargespelet i den mjuke merinotråden er ein fryd for auga, og eg føle nesten at det var verdt 30 dollar i porto..

 
 

søndag 24. mars 2013

Hurra for meg!

Så var det den dagen i året igjen då, når det blir stadfesta at eg er eitt år eldre. Sidan eg slutta telja rundt 24, så gjer det egentlig ingenting..
Faktisk så har det vore ganske kjekt med bursdag denne gongen. Eg gjorde nemlig noko som eg ikkje pleie gjera, nemlig å feira meg sjøl. Sidan eg hverken likar å laga eller eta kaker, så har eg som regel hoppa galant over alt som kan minna om bursdagsfeiring. Synes derfor eg slo til på stortromma når eg i går kveld inviterte mine beste venninner på kaka. Eg hadde derimot eit krav til gjestene - Ta med strikketøy!
Er det ikkje så in med slike temafestar da? Temaet mitt var STRIKKING!


Og eg er ikkje i tvil om at eg har valgt dei beste venninnene ein kan tenka seg - bare sjekk denne fantastiske gåvestraumen då!
Av Åse fekk eg øyremerka midlar til garnkjøp. Etter å ha sett garnberget mitt meinte ho nemleg at eg antagelig mangla noko. Og det har ho vel egentlig ganske rett i!


Linda kom med KUle sokkar, som eg hadde ønska meg. For litt sidan handla ho dette vottemønsteret i Jorids Mønsterbutikk, og eg skal slett ikkje nekta for at eg hinta litt om at bursdagen min nærma seg og at eg syntes det kumønsteret var utruleg fint. Damen var ikkje verre enn at ho laga sokkemønster av det. I tillegg fekk eg ein velgjerande salvesak som eg kunne bruka på "idrettsskaden" min, nemlig sprukne fingertuppar. Går veldig dårleg å strikka når huden ikkje er heil, for du kan vera sikker på at det er akkurat rett nedi såret eg treff med strikkepinnnen..


Eit strikkeblad og eldre utgave av eit Dale-hefte havna også i mi eige..



Av Lene fekk eg ny mønsterbok frå Du Store Alpakka, som for ein gongs skuld hadde noko å fara med. Eg har så mange gonger blitt skuffa over heftene/bøkene til DSA, men denne var det kjempemykje søtt inni. I tillegg kom ho med fira nøster supermjuk BabySilk og sjarmerande treknappar!



Og Monica kom med den søtaste korga, fullstappa med "snop"!. Bare korga i seg sjøl er jo nydeleg, og når det då i tillegg er putta M, te og garn oppi, ja då blir det ein fin bursdag gitt!
Faktisk så var det garn eg ikkje hadde frå før også. (Godt gjort).


Det versta var jo at gjestene til dels gjorde litt narr av meg, der eg blei lukksalig og blank i augene av å opna pakke etter pakke med garn og strikk inni.


Eg kan ikkje anna enn å anbefala ein slik temabursdag på det varmaste. Og på toppen av det heile så dukka det opp to pakkelappar i postkassen i dag. Ein frå www.sommerfuglen.dk  og ein frå www.yarn.com - happy bursdag til meg!



onsdag 20. mars 2013

Til meg - frå meg

Det er veldig viktig å belønna seg sjølv litt i kvardagen, sidan det er kvardagar det er flest av. Det kan jo gjerast på fleire måtar, f.eks med ein herlig bukett tulipanar.


....eller med ein stoooor pakke med strikkepinnar frå Kina! Eg er litt usikker på kor eg kom over denne annonsa, og i starten trudde eg faktisk det måtte vera noko lureri. 15 sett med strømpepinnar i bambus til bare 149 kroner - inkludert frakt! Virka for godt til å vera sant.


Så eg bestilte eit sett til meg og eit til strikkementoren min Linda, og i går kom herligheten i postkassen.
Jammen stemte det og, 149 kroner totalt, med frakt - og ingen toll eller moms eller andre tåpelige avgifter. Et lite hurra!!


Eg er litt "fin i nasen", og syntes pinnane lukta litt rart. Derfor fekk dei seg et lite bad i lunka zalovatn, og så ein lufterunde i vinduskarmen. Kanskje ikkje det luraste eg har gjort. Eit par av pinnane blei litt håse, men eg trur at lett pussing med litt stålull skal fiksa det. Sånn ellers kjentes pinnane gode ut, men eg kan jo ikkje seia noko sikkert før eg har testa dei med ulike typar garn. Grundigare tilbakemelding kjem!


Og som om det ikkje er ei utfordring i seg sjølv å prøva begrensa garninnkjøpa, så får eg sånne kjekke linkar som DETTE tilsendt på facebook. Trur folk verkeleg at eg har viljestyrke i lengden til å stå i mot tilbud på alle kantar? Og dette er jo et VELDIG godt tilbud, eller ka?

tirsdag 19. mars 2013

På feil hylle?

Eg trur eg har valgt totalt feil retning når det gjelde bloggen min. Såg nemleg på tv i går at dei mest populære "rosa-bloggerane" kan tjena opp mot 100.000 i månaden! Både sminke og klær blei omtrent kasta etter dei i håp om å bli blogga om. Til dags dato har eg endå ikkje sett ein einaste garn-leverandør som har gjort det minste lille forsøk på å kasta nøster etter meg!

Men, for å halda på interessen, ja min eigen altså, så trur eg at eg holde meg til garn og strikkerier i innlegga. Og det første eg må skriva litt varmt om er dette herlige heftet som lurte seg oppi handleposen min på lørdag.



Eg har sett på dette på nett, hadde til og med lagt det i "handlekurven", men ikkje komt så langt som til utsjekking. (Sikkert fordi eg hadde planar om å kikka litt på garnet i samme nettbutikken)
Men då eg kom over det (i samme butikk som hadde forlokkande garnsalg i helga), så tenkte eg at det var lika greit å spara porto og kjøpa det der og då.

Herlige, enkle modellar, og som tittelen seie - alt er strikka på pinne 3. Og danskane har mange gode strikkebøker. Eg har mellom anna fleire små hefter av Sys Fredens, og inne på denne nettsida finn du eit ganske rikt utvalg. Har du alt antatt at eg har bestilt nåke herifrå, så har du heilt rett. To små hefter og ei bok blei det - spent å sjå om dei svarar til forventningane, som sjølvsagt er skyhøge.


Jakken til yngstejenta vokse litt kvar dag, og halve første armen er ferdig. For å slippa ujamne overgangar mellom pinnane, så strikke eg på to korte rundpinnar i staden for strømpepinnar. Eg har blitt lært "Magic Loop" ein gong, men når eg nå plutselig hadde tenkt å testa det, så blei eg litt usikker. Då blei det ein mellomting, kan kanskje kalla det mystisk loop?..
Blir i alle fall jamt og fint å strikka på denne måten, og sidan eg må bytta mellom lys og mørk pinne, så huske eg faktisk å auka der eg skal også.
Garnet imponerar stadig - terningkast seks. Spenninga kjem når det skal brukast og vaskast...

mandag 18. mars 2013

Sjølvinnsikt

Først av alt må eg få takka for utruleg god respons og tilbakemeldingar på sist blogginnlegg. Eg visste jo at eg stilte meg litt utsatt for hogg der eg bretta ut "diagnosen" min, langt framskreden garnmani, for kvarmansen. Men, det var ikkje så mange formanande peikefingrar som eg hadde frykta. Reaksjonane bar meir preg av lettelse frå andre garnsamlerar, at det faktisk var nokon som var verre enn dei. Tenke eg redda kvelden deiras, og at fleire med god samvittighet kunne ta ein runde innom garnbutikken.


Så var det det mykje omtalte veddemålet med min kjære... Eg holdt ikkje meir enn 48 timar, og rauk på ein kjempesmell i helga. Eg prøve med eit litt spakt forsøk her å skulda på Linda, sidan ho hadde blogga så fjågt om garnsalg på eine butikken på Husnes. Visstnok selde Baronessa ut nokre kvalitetar til halv pris. Eg ante jo ikkje kva type, men jammen var eg så nysgjerrig at eg bare MÅTTE ta ein tur og sjå. Og dette synet møtte meg....


Misti og Miski frå DSA til 29 kroner. Eit vell av fargar, herlig kvalitet, og eg gjentar: HALV PRIS!!
Oddsen min var rett og slett elendig, og ja, det blei med garn heim!!!
Ei venninna skjønte godt dilemmaet mitt og meinte at etter utstillingen å dømma var det jo slett ikkje garn eg handla, men deler av ei madrass. Tvile på den holde ovanfor "domstolen".
Uansett, 15 nøster Misti i offwhite og lys,lys syrin hoppa opp i posen min.


Garnet er fantastisk mjukt, 100% alpakka, fargane uimotståelige, og det er perfekt tjukkelse til desse enkle vestane som eg strikke så masse av. Faktisk så hadde eg tenkt å styrta ut å hamstra endå meir i dag, men eg er veldig glad at eg la opp og starta strikka med garnet før eg tok turen...


Garnet røyte nemlig nåke så inni granskauen at eg ser meir eller mindre ut som ein isbjørn i fanget! Og det etter bare å ha lagt opp. Utruleg godt å strikka med, men eg vil jo klø meg i hel i nasen av det!
Skal strikka opp det eg har i full fart, og så skal eg legga meg på minnet at eg ikkje trenge meir av den typen...
Veit jo at det kan bedra seg etter vask, men det hjelpe jo ikkje meg mens eg strikke...


Så til det avgjerande spørsmålet - trenge eg egentlig å innrømma til min bedre halvdel at han kjenne meg bedre enn eg gjer sjøl? Og at eg har gått på ein kjempesmell med veddemålet? Eg tenkte meir at han måtte sjølv finna det ut.. på ein måte... Trenge jo ikkje kasta sannheten på han..
Han lese heldigvis ikkje bloggar...




lørdag 16. mars 2013

Alvorleg garngalskap

Med fare for å bli tvangsinnlagt skal eg nå visa kva eg har holdt på med store delar av denne veka.
Eg har hatt enorme mengder garn mellom fingrane, men faktisk ikkje strikka så mykje.

Det var når eg lørdag kveld skulle starta på nytt prosjekt, og ikkje kunna finna ein ting inne på garnrommet, at realiteten stirra meg i kvitauga! Jane, du må ta deg ein seriøs ryddesjau i denna galskapen, og få sortert alt garnet og mønstrane.

Og på eit trangt gjesterom er einaste måten å få alt ut først...




Galskapen lenge leve - eg klarte faktisk sjokkera meg sjølv litt med kor mykje 110 kilo garn faktisk er i volum. Og eldstejenta, som faktisk er over 1,50 høg, ser ganske liten ut oppi her.


Første dagen gjekk med til å tømma rommet, vaska og rydda der, og sist men ikkje minst, tørka utav 14 plastkassar som alle nøstene skulle oppi igjen.



For den som trudde at 14 plastkassar var nok, så tok dei feil. Eg måtte i tillegg ha 6 trådkorger, ein monstrumsvær plastbag og to sånne store vednett. (Forøvrig heilt frie for ved)


Eg gjekk jo på oppgaven med friskt mot - men det visna ganskje kjapt gitt. Syntes eg rydda og sorterte i det uendelige, kassane blei fullare og fullare, men haugen på golvet minka knapt. I tillegg så blei det jo sinnsjukt varmt under all ulla, det er nemlig varme i golvet!




Ei stund hadde eg mest lyst å setta meg ned å grina, det tok jo aldri slutt. Og eg sverga høglytt at eg ALDRI skulle handla meir garn igjen! Ironisk nok så kom det garn i posten den dagen gitt...


Eit par a-ha opplevelsar fekk eg meg. Eg hadde mindre raggegarn enn eg hadde trudd, og veldig lite Merino Extra Fine frå Drops.
Derimot så har eg alt for masse med nåke fælt partigarn/tilbudsgarn som eg i si tid handla på Sandnes Uldvarefabrikk. Problemet er jo at eg ikkje vett sånn heilt ka det garnet egentlig består av, antal meter, strikkefasthet e.l, for på banderolen står det bare Tilbudsgarn.


Skikkeleg vårstemning i eine trådkorga - kan bli knasiga sokkar av dette her!


Og så var eg endeleg, og utruleg nok i mål. Gangen var igjen ein ganske vanleg gang, og ikkje eit ullent hav!






Midt i oppstandelsen kom mannen min heim, som visstnok har slutta å bli sjokkert når det gjelde meg og garn, og eg sa til han og at eg ALDRI skulle handla meir garn!
"Det holde du ikkje til påske ein gong" fekk eg til svar. Tøff i trynet som eg var, litt høg på lykkefølelsen av å vera i mål, så strakk eg fram neven og spurte så kjekt; "Ska me vedda?"
Så eg håpar påsken kjem snart... Og at ting som alt er bestilt på nett ikkje telle med..

fredag 15. mars 2013

Garnbelønning

I går så stod den kjekke nødvendigheten tannlegebesøk på programmet. Eg har heldigvis alltid hatt problemfrie tenner, men lika fullt så grua eg meg i forkant. Om ikkje anna så til betalinga. Håpar jammen baken min følte seg fornem den dagen, som fekk sitta et kvarter i ein stol til den nette sum av 1000 kroner!


Men, så til belønningsdelen. Eg og Monica tok turen til Porselensbuo før eg skulle til tannlegen, med den tanken at enten så var det ein runde med litt trøstehandling. Eller så var det ei fin-fin belønning for å ha pussa kvar ei tann grundig. (I ettertid kan eg fortella at det var ein belønningstur)
Butikken, som verkeleg har takhøgd, sjølv om det er lågt under taket, verkeleg bugnar av garn. Kven blir ikkje i godt humør av å trø over dørstokken her?







Sidan Drops har salg måtte jo det sjekkast ut. Butikken hadde bare inne litt Polaris i tillegg til Eskimo, men Eskimo funke jo fint den.Tenkte å testa ut om det kunne brukast til desse vestane eg har drive å strikka på, og handla derfor med meg tweedvarianten også.




Gjestal sin Superwash var på salg også,  så nokre nøster av denne fekk og vera med heim. Tenkte at den sjokkgrøne må bli litt stilig som mønsterfarge på det svarte? Kanskje til ei guttehua?




Nye pinnar var også påkravd, eg har jo stadig vekk ein pinne for lite. Pinnane frå Knit Pro er ein sikker vinnar, men ny type med Bambuspinnar frista til teststrikking. . Står ingenting utenpå pinnane om podusent/forhandlar, men dette bør eg kunne få sjekka opp i dersom pinnane skulle visa seg å vera fantastiske.




Bladde også gjennom dei siste heftene frå Dale garn, men enda bare opp med det til baby. Ikkje noko revolusjonerande i dette heftet heller, men eit par ganske artige og tidlause modellar som eg kanskje må prøva meg på ein gong...