torsdag 7. mars 2013

Undrenes tid er ikkje forbi!

I to år har eg leita, søkt, etterlyst, snust og snoka etter ei spesiell kofteoppskrift. Eg har saumfart nettsider, gamle oppskrifter som garnleverandørar har lagt ut, bøker på biblioteket er sjekka ut og eg har vore i strikkeoppskriftene til naboar. Bekjente har saumfart både loft og kjellar hos seg sjølv, bestemødre, svigermødre og lokale strikkebutikkar. Eg har sendt e-post til fleire av dei store spinneria, og folk har til og med sjekka ut Husfliden sine arkiver. Men, kofteoppskrifta har ikkje vore å oppdriva.

Fleire gonger har eg sendt ut etterlysning på store strikkeforum på nettet, som Trådsnella og Strikkesida på Facebook, utan hell. Sist veke tenkte eg å gi det ein siste sjanse sidan Strikkesida faktisk nærma seg 28.000 medlemmer, og jammen!! Det vart Jackpot, Bingo og Julaften på ein gong!! Her satt det ei dama ikkje så mange mil vekke, som faktisk hadde denne oppskrifta!

Grunnen til at eg så veldig gjerne ville ha dette mønsteret er at eg praktisk talt budde i ei sånn kofta når eg var 15 år. Foreldra mine fekk like kofter ein gong på slutten av 70-talet/starten 80-talet, og når trenden med litt-trauste- og- gamle- klær- henta- fram- frå -loft- og- kjellar meldte seg i 8.klasse, blei kofta fort ein favoritt.

Mamma i Weekend-kofta - bilde er frå tidleg på 80-talet

Men, etter ei stund så blei kofta for lite trendy, ei ny dille meldte seg vel, og mamma sendte den antagelig avgårde til Fretex. Det skulle gå mange, mange år før eg sakna den, og strikke-entusiasmen min var blitt så stor at eg skjønte kva eg hadde mista. Og desperasjonen begynte jo etterkvart å melda seg når det viste seg at dette mønsteret var som sunke i jorda. Ikkje ein gong dama som hadde strikka koftene til mamma og pappa huska kva garn/leverandør ho hadde brukt.
Men så dukka det altså opp!


 
 
Tusen, tusen takk til den rause strikkesjela som hjalp meg, eg er evig takknemlig! Nå skal eg prøva finna eit godt erstatningsgarn for Triplex, som var originalgarnet.
 Modellen heiter forresten "Weekend" og på baksida av mønsteret står det:
En "Selvgjort er Velgjort" modell fra Sandnes Kamgarn Spinneri





9 kommentarer:

  1. Så flott at oppskriften endelig dukket opp.
    Jeg har jo sett du har etterlyst denne lenge.
    Håper du finner fint garn å strikke denne av.
    Ha en fin dag. :)

    SvarSlett
  2. Så heldig du var.... Har sett etterlysinga, og sjølv om eg har mykje rart og gammalt liggande, denne hadde eg ikkje sett før.
    Garn som passer finn du alltid, blir spennande å sjå framover no..

    SvarSlett
  3. Så flott! Du får hive deg på strikkepinnane no, for denne gleder eg meg til å sjå!

    SvarSlett
  4. Så KJEMPEFLOTT at du har fått tak i mønsteret. Koften er aldeles nydelig :)
    Gleder meg stort på dine vegne!

    SvarSlett
  5. Dette var gøy! Gleder meg med deg. Har tidligere rota i mine oppskrifter for å lete etter den for deg.
    Tipper pinnene snart går varme.

    SvarSlett
  6. Helt supert at den dukket opp! Har forsøkt flere "veier", men dette var litt av en nøtt.

    SvarSlett
  7. Så bra at du endeleg fekk tak i oppskrifta! Gleder meg til å sjå kofta få liv igjen :)

    SvarSlett
  8. Inger Anna Hopaneng3. januar 2017 kl. 17:31

    Heia, noen som vet om denne finnes i barnemønster? Jeg strikka meg ei lignende kofte når eg va 13-14 år dvs 1972-73. Har også prøvt å finne mønster t den... kofta som eg strikka er sansynligvis gitt bort a mammaen min. Kofta som jeg strikka er det bare en mønsterbord langs stolpekanten, men hovedmønsteret ser ganske likt ut som jeg husker den... finner bare et uklart bilde av meg i kofta ☺️Ha vørre veldig artig å fått tak i mønsteret.
    Mvh Inger Hopaneng

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten