mandag 18. mars 2013

Sjølvinnsikt

Først av alt må eg få takka for utruleg god respons og tilbakemeldingar på sist blogginnlegg. Eg visste jo at eg stilte meg litt utsatt for hogg der eg bretta ut "diagnosen" min, langt framskreden garnmani, for kvarmansen. Men, det var ikkje så mange formanande peikefingrar som eg hadde frykta. Reaksjonane bar meir preg av lettelse frå andre garnsamlerar, at det faktisk var nokon som var verre enn dei. Tenke eg redda kvelden deiras, og at fleire med god samvittighet kunne ta ein runde innom garnbutikken.


Så var det det mykje omtalte veddemålet med min kjære... Eg holdt ikkje meir enn 48 timar, og rauk på ein kjempesmell i helga. Eg prøve med eit litt spakt forsøk her å skulda på Linda, sidan ho hadde blogga så fjågt om garnsalg på eine butikken på Husnes. Visstnok selde Baronessa ut nokre kvalitetar til halv pris. Eg ante jo ikkje kva type, men jammen var eg så nysgjerrig at eg bare MÅTTE ta ein tur og sjå. Og dette synet møtte meg....


Misti og Miski frå DSA til 29 kroner. Eit vell av fargar, herlig kvalitet, og eg gjentar: HALV PRIS!!
Oddsen min var rett og slett elendig, og ja, det blei med garn heim!!!
Ei venninna skjønte godt dilemmaet mitt og meinte at etter utstillingen å dømma var det jo slett ikkje garn eg handla, men deler av ei madrass. Tvile på den holde ovanfor "domstolen".
Uansett, 15 nøster Misti i offwhite og lys,lys syrin hoppa opp i posen min.


Garnet er fantastisk mjukt, 100% alpakka, fargane uimotståelige, og det er perfekt tjukkelse til desse enkle vestane som eg strikke så masse av. Faktisk så hadde eg tenkt å styrta ut å hamstra endå meir i dag, men eg er veldig glad at eg la opp og starta strikka med garnet før eg tok turen...


Garnet røyte nemlig nåke så inni granskauen at eg ser meir eller mindre ut som ein isbjørn i fanget! Og det etter bare å ha lagt opp. Utruleg godt å strikka med, men eg vil jo klø meg i hel i nasen av det!
Skal strikka opp det eg har i full fart, og så skal eg legga meg på minnet at eg ikkje trenge meir av den typen...
Veit jo at det kan bedra seg etter vask, men det hjelpe jo ikkje meg mens eg strikke...


Så til det avgjerande spørsmålet - trenge eg egentlig å innrømma til min bedre halvdel at han kjenne meg bedre enn eg gjer sjøl? Og at eg har gått på ein kjempesmell med veddemålet? Eg tenkte meir at han måtte sjølv finna det ut.. på ein måte... Trenge jo ikkje kasta sannheten på han..
Han lese heldigvis ikkje bloggar...




1 kommentar:

  1. Du er herlig, altså! Lykke til med domstolen ;-)
    Og, har han egentlig oversikt over hvilket garn du har? Han trenger jo ikke å finne ut at du har kjøpt.. ;) Med mindre han spør, da.

    SvarSlett