fredag 15. mars 2013

Garnbelønning

I går så stod den kjekke nødvendigheten tannlegebesøk på programmet. Eg har heldigvis alltid hatt problemfrie tenner, men lika fullt så grua eg meg i forkant. Om ikkje anna så til betalinga. Håpar jammen baken min følte seg fornem den dagen, som fekk sitta et kvarter i ein stol til den nette sum av 1000 kroner!


Men, så til belønningsdelen. Eg og Monica tok turen til Porselensbuo før eg skulle til tannlegen, med den tanken at enten så var det ein runde med litt trøstehandling. Eller så var det ei fin-fin belønning for å ha pussa kvar ei tann grundig. (I ettertid kan eg fortella at det var ein belønningstur)
Butikken, som verkeleg har takhøgd, sjølv om det er lågt under taket, verkeleg bugnar av garn. Kven blir ikkje i godt humør av å trø over dørstokken her?







Sidan Drops har salg måtte jo det sjekkast ut. Butikken hadde bare inne litt Polaris i tillegg til Eskimo, men Eskimo funke jo fint den.Tenkte å testa ut om det kunne brukast til desse vestane eg har drive å strikka på, og handla derfor med meg tweedvarianten også.




Gjestal sin Superwash var på salg også,  så nokre nøster av denne fekk og vera med heim. Tenkte at den sjokkgrøne må bli litt stilig som mønsterfarge på det svarte? Kanskje til ei guttehua?




Nye pinnar var også påkravd, eg har jo stadig vekk ein pinne for lite. Pinnane frå Knit Pro er ein sikker vinnar, men ny type med Bambuspinnar frista til teststrikking. . Står ingenting utenpå pinnane om podusent/forhandlar, men dette bør eg kunne få sjekka opp i dersom pinnane skulle visa seg å vera fantastiske.




Bladde også gjennom dei siste heftene frå Dale garn, men enda bare opp med det til baby. Ikkje noko revolusjonerande i dette heftet heller, men eit par ganske artige og tidlause modellar som eg kanskje må prøva meg på ein gong...

6 kommentarer:

  1. Kjenner meg igjenn - både i butikken og det med belønning!

    SvarSlett
  2. Herlig butikk! Og ei triveleg dame som driv den! Må vera flott belønning med eit besøk her, ja.

    SvarSlett
  3. For et vakkert syn...! Kor i alle dager ligger denne go'biten henne? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Butikken ligg på Bjørke i Rosendal og er faktisk husa i eit gamalt, ombygd fjøs.

      Slett
  4. Takk for det, då e den pin'a så eg veit om den om eg køyrer forbi en gang :)

    SvarSlett
  5. Det er en fryd å besøke Porselensbuo :) Der blir du virkelig tatt varmt imot! Herlige bilder av alt garnet, Jane! Fikk lyst på en tur innover med en gang :)

    SvarSlett