søndag 10. mars 2013

Å velga venner med omhu

Helga starta veldig bra på fredag med strikkebesøk av Monica. Eg veit å velgja mine venner med omhu, ho hadde nemleg med seg vidunderlege, nysteikte Dajm-muffins!!


For meg som ikkje bakar i det heile tatt er det så kjekt å ha sånne herlige venninner som elskar å svinga slikkepotten! Så kvelden blei egentlig ganske perfekt med rumpa godt plassert i kvar vår recliner, te og muffins, Idol på TV og klirrande strikkepinnar! Jammen fekk me gjort ein del på dei seks timane også, lenge sidan eg  har vore så effektiv på strikkefronten.


Pakken frå Die Wollbox er også opna. Og her blir det garantert fleire bestillingar. Rart med det, men eg synes at fargekombinasjonane i utanlandsk multifarga garn er så mykje finare enn det du finn i butikkane her..


Ingen planar for garnet endå, det skal få ligga til "modning" på lageret til det rette prosjektet dukkar opp. Trur muligens at det multifarga grønne må bli ein babyjakke eller dress..



Og stiligare sokkegarn enn dette grøn/turkise har eg ikkje sett på lenge. Alltid spennande om sånn garn stripar seg eller blir melert.



Dette garnet, Mini Mochi var det desverre bare eit nøste igjen av når eg handla. Herlege duse fargar, og fantastisk mjukt og godt. Kanskje nok til ein hals? Eller så er eg ikkje verre enn at eg sende avgårde ei bestilling til!

På pinnane har eg lagt opp til ein jakke til minstejenta. Trur at Rowan sitt Summerspun kan passa til den modellen som er vist utanpå dette danske mønsterhefte. Tar meg visse kunstneriske friheter i forhold til oppskrifta, og trur eg vil velgja perlestrikk i staden for den trauste vrangborden. På den måten kan eg også strikka knappestolpane etterkvart, og slepp opp-plukking av masker etterpå.
Trur kanskje det vil gi eit litt meir jentetet preg på jakken også. Kjempespent på kossen dette garnet, som har ein veldig uvanleg tvinn, er å strikka med. Fargespelet er i alle fall nydeleg å kvila augene på.









3 kommentarer:

  1. Så mye spennende og fint garn! Og muffinsene fikk meg skikkelig godtesyk.. Spørs om det blir en tur på butikken... ;)

    SvarSlett
  2. åååh sjå på det garnet...tenkte eg skulle holde denne butikken som ei "gulerot" at når eg hadde strikka opp endel av det som no ligger så skulle eg belønne meg sjøl med ei bestilling. Men ser at eg nok kjeme til å ryke utpå før det ja... :o)

    SvarSlett
  3. Aldeles nydelige farger i garnet du har kjøpt deg!!
    Og muffinsene til Monica er helt sikkert kjempegode -hun er dyktig på kjøkkenet :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten