tirsdag 12. mars 2013

Sakte, men sikkert...

Etter å ha strikka to vestar i Andes på pinne 7, så går det heller trått med jakken i Summerspun. Men, garnet er nydelig å strikka av, og det glir fantastisk godt på pinnane. Var egentlig litt skeptisk sidan det er så laus tvinn på garnet, var redd det lett skulle dela seg, men det er slett ikkje noko problem. Garnet får terningkast 6 av meg!


Desverre ser eg at eg antagelig ikkje har nok til jakken, det betyr meir garnhandling! Kanskje ikkje noko desverre sånn i bunn og grunn...


Ein snartur på butikken i går gav også ganske god fangst på hobbyfronten. Hadde fått med meg at Familien skulle komma med nytt strikkeblad, og for ein strikke-entusiast er nesten desse bladene eit "must". Ikkje ein innertiar denne gongen etter min smak, desverre. Eit par-tre kjekke modellar, men lite nytt og spennande.




Den tredje strikkeboka til Allers var også på plass i hyllene, men som den forrige var det ein liten skuffelse. Heilt grei samling av ulike strikke/hekleoppskrifter, men dei klare liksom ikkje gjenta suksessen med første boka Strikk til Småfolk. Bøkene kan også kjøpast her!



2 kommentarer:

  1. Nydelig farge på det garnet ditt. Jeg kan jo ikke kjenne på det her jeg sitter. Kjenner jeg deg rett, klarer du nok å finne mere garn.
    Greit du kommer med advarsel om heftene. Får se litt på dem før de evt. blir med hjem. Kan jo hende at du, som jeg, blir litt mer kritisk etter hvert som du har sett mange hefter og blader og bøker...

    SvarSlett
  2. Hei!! Så fine fargar i garnet ditt. Stod med dei same heftene på Husnes idag. Eg kjøpte med meg Allers sitt Påskehefte. Litt meir variert.

    SvarSlett