onsdag 20. mars 2013

Til meg - frå meg

Det er veldig viktig å belønna seg sjølv litt i kvardagen, sidan det er kvardagar det er flest av. Det kan jo gjerast på fleire måtar, f.eks med ein herlig bukett tulipanar.


....eller med ein stoooor pakke med strikkepinnar frå Kina! Eg er litt usikker på kor eg kom over denne annonsa, og i starten trudde eg faktisk det måtte vera noko lureri. 15 sett med strømpepinnar i bambus til bare 149 kroner - inkludert frakt! Virka for godt til å vera sant.


Så eg bestilte eit sett til meg og eit til strikkementoren min Linda, og i går kom herligheten i postkassen.
Jammen stemte det og, 149 kroner totalt, med frakt - og ingen toll eller moms eller andre tåpelige avgifter. Et lite hurra!!


Eg er litt "fin i nasen", og syntes pinnane lukta litt rart. Derfor fekk dei seg et lite bad i lunka zalovatn, og så ein lufterunde i vinduskarmen. Kanskje ikkje det luraste eg har gjort. Eit par av pinnane blei litt håse, men eg trur at lett pussing med litt stålull skal fiksa det. Sånn ellers kjentes pinnane gode ut, men eg kan jo ikkje seia noko sikkert før eg har testa dei med ulike typar garn. Grundigare tilbakemelding kjem!


Og som om det ikkje er ei utfordring i seg sjølv å prøva begrensa garninnkjøpa, så får eg sånne kjekke linkar som DETTE tilsendt på facebook. Trur folk verkeleg at eg har viljestyrke i lengden til å stå i mot tilbud på alle kantar? Og dette er jo et VELDIG godt tilbud, eller ka?

2 kommentarer:

  1. Absolutt bra tilbod!! Glede meg til å testa eg med. Eddik skal være god måte å fjerne sjenerande lukt på ting. Men ser eg kom for seint med det rådet. Det håse kan du pussa ned med ei neglefil!

    SvarSlett
  2. hej hej lenge siden jeg vært på din blogg nu, koselig å se hvad denne damen har drevet med :-)
    ja du har helt rett en skal købe sig selv slike vakre gaver som du og dine flotte blomster, ikke bare til merkedager, nej nej som du sier det er mest hverdager og de er like stas som merkedager! :-)
    fra hun med "den magiske kluten" ;-)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten