mandag 4. mars 2013

Nattskift

Eg strikka som ein gal heile fredagskvelden, og hadde eit ørlite håp om å få ferdig sokkane som skulle vera med på tur til Kvildal laurdags morning. Men, når klokka var halv 3 på natta og eg bare var halvvegs på foten, konkluderte eg med at eg ikkje kom til å nå det. Det var berre å resignera, pakka strikketøyet i veska og krypa under dyna. Det var nemleg berre fira timar til klokka kom til å ringe, og eg måtte opp


På den tre timars kjøreturen vart sokkane sjølvsagt ferdige. Og når vi kom fram fekk eg festa trådar. Sokkane var klare til avlevering, bortsett frå at dei måtte fotograferast til bloggdokumentasjon, og så måtte dei vegast...
Maen såg litt rart på meg då eg stappa ei digital kjøkenvekt i veskå før me reiste, og eg kan jo skjøna at han lurte litt. Men når eg nå ein gong skal prøva loggføra, eller bloggføra er vel eit bedre ord, alt innkjøp og bruk av garn, ja då må også dei 125 gram med sokkar også vera med.





Den nye eigaren, som truleg ikkje vil frysa på beina resten av denne vinteren, var nøgd. Og då er eg og jammen nøgd! Men det mest spennande gjenstår, å sjå kva slitestyrke Raggen har..


Faktaboks:
Garn: Raggen frå Europris
Innhald: 80 % ull/ 20% nylon
Pinne: 3,5
Antal masker til herrestr: 52
Garnforbruk: 125 g til eitt par.

1 kommentar:

  1. Du er en kløpper på labbestrikking!
    Kjekke labber i Raggen-garn. Regner med at det kommer en liten epistel om slitestyrken med tiden ;)

    SvarSlett