mandag 25. mars 2013

Hit, men ikkje lenger..

Så var det stopp på jakken til Madel - rett og slett tomt for garn. Eg ante jo dette alt når eg hadde komt halvvegs på bolen, og krisen er ikkje større enn at eg må la det ligga eit par dagar. Hjelpen er nemlig nær, og kjem på påskeferie med garn i bagasjen håpar eg!


Eg kunne jo sjølsagt bare bestilt sjølv hos Norwegian Spirit, men dei har ein rimeleg høg pris for å senda, og når eg bare skal ha eit enkelt nøste så er det faktisk ikkje verdt det!

Helgå gjekk med stadige små drypp på bursdagsbarnet. Fine påskeblomar frå mannen - og han var fullt klar over at han hadde aldri sluppe unna med gule blomar om det ikkje var påske.


Påskebukett frå svigers også, så nå har eg jammen fått litt gult både på kjøkken og i stova.


Og så kom det jo to hentelappar i postkassen min på lørdag. Et blikk på avsendar sa meg at dette var kjekke pakkar, sjølvsagt strikkerelatert.

Den eine inneholdt bøkene eg hadde bestilt frå www.sommerfuglen.dk, og her er eg imponert over kjapp levering! I tillegg blei eg positivt overraska over at ein slepp både moms og toll på bøker, så lenge ein bestiller bare bøker i pakken. Med andre ord blei totalprisen 273 kroner for alle tre bøkene.


Dei to små "heftene" av Sys Fredens var det veldig mykje fint i, og ho kjem no langt opp på lista over favorittforfatterar. Den siste boka av Lene Holme Samsøe var litt meir rotete, men det var ein og anna godbit her også. Ikkje minst eit herligt froskemønster!


Og så kom det litt garn gitt.... Skjønne ikkje kossen det stadig skjer altså, at det dukkar opp i postkassen min. Det er jo alltid lika velkomment sjølvsagt..
Denne gongen var det tre nydelige nøster med Merino Mia frå Prism.


Dette er første gang eg handle hos Yarn Market, og veldig høg porto gjer at eg nok kjem til å var litt tilbakeholden med å driva småkjøp herfrå. Men til tross for litt høg pris, så er garnet berre nydeleg. Fargespelet i den mjuke merinotråden er ein fryd for auga, og eg føle nesten at det var verdt 30 dollar i porto..

 
 

1 kommentar:

  1. Friste, friste -med monge godbetar. Garnet har nokre alldeles nydlege fargar!!! Eg må få ble i dei bøkene!!

    SvarSlett