tirsdag 30. juli 2013

Lodden og varm

...ja eg snakkar ikkje om hybelkaniner, men om genseren eg har strikka til Victoria.
Genseren har vore ferdig ei stund, men det kan ta utruleg mange veker frå ein ting er ferdig til eg får somla meg til å ta bilder.


I tillegg så har det vore så varmt og klamt i det siste at eg ikkje kunne tre på den stakkars jenta ein langerma genser i mohairmix!


Både eg og jenta er tåleg fornøyd, men eg ser jo det at genseren for det første er litt stor, samt at armane er omlag 7 cm for lange. Det bortforklarar me bare med at eg hadde tenkt at genseren skulle vara minst to sesongar!


Eg har nesten ikkje brukt mønster, kikka bare litt på ein enkel genser i Pickles-boka for å vita sånn omtrentleg masketal. Hadde eg fulgt ei oppskrift hadde kanskje armane blitt passelige og!?!. Eg noterar meg det bak øyra til neste gong!



Eg brukte Fine Wool frå SMC saman med nåke Plumet eg hadde kjøpt i ei tilbudskorg på Jernbanen i Bergen. Resultatet blei ein herlig lett og mjuk genser, som eg sjølvsagt håpar blir ein favoritt.
Nå når eg leita etter ein god link til garnet frå SMC, kom eg jo sjølvsagt over heimesida deiras... Hjelpe meg, der har eg ikkje vore innom før. Tok bare ein rask kikk, men nå må eg jo inn og sjekka om dei f.eks har nettbutikk...? PayPal-kontoen min ynkar seg og håpar dei ikkje har...


Oppdaga forresten ein spennande sak i dag. Namaste som har laga den knakande gode oppbevaringsveska eg har til rundpinnane mine, har nå komt med ein ny modell. Dobbel breidde, med plass til endå fleire pinna. Likevel liten og hendig. Sjekk ut Double Wide!


søndag 28. juli 2013

Garnsafari - del 2

Sjølv om det blei langt på natt før strikkepinnane fekk kvila, starta me på dag to av husmorferien raske og utkvilte. Faktisk meir utsulta på strikking enn mat, så det blei ei maska og tre før frokost.


Strålande ver var det, og me pakka våre legemer i bilen for å kjøra til første stopp: Haukeli! Her hadde eg tidlegare observert ein garnbutikk, den gongen var den stengt, men i dag hadde vi forsikra oss i forkant angåande opningstidene.


Aamyri Systoge gav ikkje eit veldig imponerande inntrykk i det me entra dørstokken... Men det tok seg raskt opp.



Eg kom nemlig bort til eit bord der det akkurat blei lagt fram ein god del med eldre oppskrifter! Juhuuuu, snakk om flaks! 5 kroner oppskrifta og mønstrane var i veldig god stand.


Her var det fleire eg ikkje hadde, så eit lite knippe måtte nesten få vera med tilbake til Uskedalen.


Garnutvalget var ikkje det mest spennande, men ein og anna godbit var det jo. I tillegg til garn var det litt ferdige håndarbeidsprodukt, sysaker og knappar.

Nålefilta ku - fantastisk skapning!




To håndlaga knappar med hjerteform ropte på meg når eg prøvde gå forbi, så dei må eg finna eit passande prosjekt til.


Fin på tilbud er fint, så eg kjøpte fire nøster. Ellers klarte eg faktisk å begrensa meg ganske godt. Til meg å vera...


Linda fant og ein og annan godbit som var verdt og kjøpa med seg, men ho var måtehalden som alltid.


Så suste vi vidare nedover i Telemark, og neste stopp på vår Garnsafari var Åmot. Som dåke sikkert huske hadde eg ein aldri så liten bomtur der tidlegare i år, det kan du lesa om her!
Både Sølvi og Linda hadde mange lovord å sei om denne butikken, så forventningane var store då me nærma oss døra.


Og skuffelsen desto større.. For et rotehol! Her var det litt garn hist og her, stort sett i plastposar, og heilt utav system. Innimellom garn og litt sysaker var det masse sengetøy, dukar og vaskefiller, og ikkje minst oppskrifter. Ingen bilder tatt her inne, eg orka ikkje prøva finna eit fint garnmotiv. Dåke får klara dåke med mi levande skildring av rotet!


Men, eg handla tre ting her: Ein boks sikkerhetsnåler, knappar og eit hefte med Selbumønster. (Kjøpte faktisk nåken vaskefiller og, men det passa så dårleg inn i ein strikkeblogg:))


Som dåke skjønne, det er mykje gale med butikken når Jane ikkje kjøpe garn! Andre hadde sikkert funne litt, men i hovedsak var det Raumagarn, og det er ikkje min favoritt.


Jaja, litt molefonkne og slukøyra tusla me oss ned til lunsj. Og humøret til Linda steig betrakteleg når ho fekk sin eigen brus!


 
Med god mat i magen vende me nasen mot Vågsli att, klare for ei lang og god strikkeøkt. Fjernsynet var faktisk ikkje på heile kvelden, me prata, strikka, lo og fjaste. Ein liten luftetur bort skitrekket til Gamlestøyl var me også på.



Og etter lufteturen var det sjølvsagt klart for meir tedrikking, skravling og strikking. Slik ser krativitet og strikkeglede ut i praksis!



Så var Husmorferien vår over for denne gong. Etter ein god frokost og strikking i sola var det bare å pakka pinnar og garn i bilen og kjøra over fjellet igjen. Tusen takk for reisefølget Linda, og tusen takk for den smashing koppen - som faktisk var det beste kjøpet i Åmot!



fredag 26. juli 2013

Garnsafari - del 1

Det har vore stille på bloggen eit par dagar, ikkje så unormalt. Men denne gongen har eg ikkje bare vore lat, eg har vore på husmorferie. Også kalla Garnsafari!
Ferda starta i Uskedalen der eg plukka opp Linda ved Grana - viktig med godt reisefølge når ein skal på Safari.  Så suste vi avgårde med retning Odda.


I Odda måtte vi ha ein liten matbit, og så skulle vi innom Husfliden i Gågata. Eg fekk ikkje ta bilde inne, derfor får dåke nøya dåke med ei fresh Linda på utsida av butikken.
Me synes egentlig det var litt rart at eg ikkje kunne ta bilde, men strengt tatt er ikkje dette ein butikk å anbefala folk i det heile. Trangt, varmt, dyrt og veldig lite spennande garn. Ikkje ei einaste tilbudskorg eller nokon ting på salg.


Likevel så blei jo eg frista og handla med meg nokre få nøster. Her kjem bortforklaringane:
Tresko - dette garnet strikka alltid farmor i, og nostalgien tok meg fullstendig. Ikkje overalt ein får tak i dette garnet, og fargen var og litt utypisk.
Mandarin - sjekk den nydelige fargen da! Blågrå og mjuk, dette må det jo bli et lite babyplagg av!


Petunia - Mamma har faktisk bestilt et par gryteklutar. Eg strikka eit par til ho i 8.klasse, burgunder i dobbel rillestrikk. Dei lever endå, men treng avlasting. Beige og brun Petunia tenke eg vil passa i tjukkelse, og farge, så då hadde eg meir enn gyldig grunn for å foreta det innkjøpet!:)


Etter Husfliden tusla vi oss mot bilen igjen, men strente innom Narvesen på vegen. Det kunne jo henda at dei hadde nokre kjekke strikkeblader som vi ikkje hadde. Og det stemte!


Let`s Knit blei med meg ut derifrå, og det var eit supert blad. Varierande oppskrifter, både på store og små ting, passe med reklame og ein del tips om garntypar osv. Trur eg må sjekka om det går an å få det sendt rett heim i postkassen...


Så suste vi vidare mot vårt mål for dagen: Vågsli! Her har eg leigd leilighet før, både sommar og vinter, og det er ein veldig grei plass å vera. Passe langt, passe stort, bra turområde, gode senger og god utsikt! Vil du ha deg ein tur kan du sjekka her!


Det første vi gjorde vel innlosjerte var sjølsagt å finna fram strikkeblad og strikketøy og komma oss ut på terrassen for å nyta høgfjellssola.


Det nye strikkebladet skulle saumfarast, og så hadde vi sjølsagt mykje garnprat på lager. Morgondagens utflukt måtte også planleggast, vi var jo tross alt på Garnsafari, og hadde butikk både i Haukeli og Åmot som mål.

Kva fann vi der? Følg med i morgon...

søndag 21. juli 2013

Snakk om kjempesmell!!

Eg har gått på ein kjempesmell i nettbutikken Adlibris, og det er jammen meg eine og aleine Rigmor sin feil. Ho la ut eit bilde av to veldig fristande strikkebøker, og skreiv så varmt om denne nettbutikken som eg aldri hadde vore innom...  Eg vil framheva hadde, for nå har eg vore der, og det blei dyrt!


Men kven kan vel styra seg når det nesten flommar over av fristande titlar og glansa framsider på både babyklær, interiør og kosedyr.

 
Eg skjønne ikkje koffer et strikkande land som Norge har så skralt utvalg av strikkebøker?? Sjå bare på Danskane og ikkje minst Amerikanerane! Rett nok er dei fleire Over There, men der er garnet så dyrt at strikking er rikmannssport og ikkje hobby for kvarmansen!


Det fins jo også ein del ganske "smale" bøker, som f.eks denne her med oppskrifter der du kan strikka deg ein bart! Kanskje denne også havna i handlekurven din, Rigmor?? (Kan legga til her at Rigmor er trønder...)


Heile formiddagen gjekk med andre ord med til å mysa på strikkebøker, og eit aldri så "lite" knippe er på veg til min postkasse. Eg takkar for tipset Rigmor, visakortet mitt er ikkje lika fornøyd, men det komme seg kanskje når det får kjølt seg ner litt!!

*Alle bildene er lånt frå Adlibris sin nettbutikk, reknar med at dei ikkje har nåke i mot det!*

lørdag 20. juli 2013

Made by Me

Eg har ikkje vore av dei største og ivrigaste tilhengarane til det nye norske kreative bladet som såg dagens lys i fjor. Med Tine Solheim bak rattet kom bladet inn som nesten ensom majestet på eit utsulta marked. Likevel så har ikkje Made by Me  blitt heilt den høydaren eg hadde håpa på.
Første bladet var greit nok. Litt for mykje spesielt for min trauste smak. Blad nummer to kikka eg gjennom og så fekk ungane leika med det. Blad nummer tre bladde eg bare gjennom og gav vekk.
Du ser trenden...


Likevel så kom eg til å kjøpa det siste bladet, og faktisk så skuffa det ikkje. Det var fleire meir "folkelige" modellar enn det har vore tidlegare. Og babytøyet var direkte sjarmerande.


Likevel så er det jo vist enkelte ting som kanskje ikkje bli like aktuelt her i heimen. Spørs vel om den trauste bonden min ville hatt ein sånn strikka genser...


Og eg vil vel kanskje ikkje satsa på ei sånn hua når mørket kjem krypande til hausten...


Denne derimot, kunne eg godt tenkt meg å strikka. Klassisk og enkel modell der ein kan leika seg litt med ulike tynne garntypar.


Og for dei som er flinke til å sy var det ein fantastisk kjole på trykk. Denne syntes eg var reine drømmen, og nesten så fin at eg kunne få lyst å læra meg å træ symaskin. Tenk å kunna sy seg noko slikt da! Måtte vore superkjekt!


Neste blad kjem visstnok i august, og med den oppturen dette bladet var, så er det vel ikkje utenkeleg at det også får vera med heim...
Eg får retta nasen nedi strikkekorga, har blitt minimalt med den type aktivitet i dag, varmt som det har vore...

Kreativt krumspring

Det nærmar seg endestasjonen på min tredje Mariustunika. Og målet mitt om å bruka opp dette forferdelige Sisugarnet er snart nådd. I alle fall for fargane mørkeblå, raud og kvit.
Men, no når eg skal til på mønsteret ser eg jo det at det slett ikkje kjem til å vera nok av det mørkeblå og kvite til å kunna følgja oppskrifta til punkt og prikke. Eit kreativt krumspring er nok påkravd!


                       Magnettavle til mønsteret er eit must - kjøpt hos Ateljè Margaretha.


Eg har meir enn nok av det raude igjen, men det blir for mørkt og tungt med bare raudt i mønsteret. Nei her får ein kvessa hjernen og prøva finna ei løysing som gjer at eg blir kvitt mest mulig garn og tunikaen ser nokonlunde presentabel ut! *to be continued*


Og så ein liten gladnyhet.  I dag var det masse herlige "meiser" tilgjengelige i Wollmeise sin nettbutikk. Fleire garntjukkelsar og masse ulike fargar, både einsfarga og fleirfarga. Ser ut som oppgraderinga av nettbutikken har vore vellykka.


torsdag 18. juli 2013

Bare rumper

Eg har jo ein liten svakhet, ikkje bare for garn, men også for oppskriftsbøker og hefter. Det er med andre ord ikkje noko nytt at eg har kjøpt brukte mønsterhefter på nett. Denne gongen var det ikkje sånne hauande gamle hefter, vil tippa dei er frå starten av 90 talet eller der omkring.



                                                       Litt til store, og litt til små...


                     Og ikkje alle fargekombinasjonane er like tiltalande og aktuelle i dag..


Men det eg reagerer litt på er at dei faktisk har avbilda nakne barnerumper på baksida av to av heftene. Eg skjønne jo at eg som småbarnsmor kanskje er litt meir snerpete på dette området, og ikkje minst at tidene har forandra seg dei siste 20 åra, men likevel..? Var det virkelig greit med nakne babyrumper i dei vinklane på den tida?



Og kva er vitsen med nakne babyar når ein skal visa fram strikkeplagg? Hadde det ikkje vore bedre bruk av ei kulørt side å faktisk vist ein av modellane inni?
Jaja, eit godt kjøp var det lell, spennande hefter som ikkje er så lette å få tak i!