onsdag 10. juli 2013

Engelske strikkebøker

Her for ei god stund sidan fekk eg eit par bokpakkar i posten. Eg lovte at innholdet var såpassa kjekt at det fortente eit eige blogginnlegg, og då er det vel kanskje på tide å halda det eg lovar? Det forrige innlegget kan du mysa på her!


Her er det vel eigentleg ikkje så mykje å seia, sjå og nyt! Denne boka var absolutt ein høydare av innholdet i pakken. Så mange fine og artige modellar.




Denne boka hadde også eit par søte plagg, men jakken utanpå er utvilsomt den finaste av dei.

 
Knitted Sweaters & More var ikkje så veldig sprek. Følte eg hang litt igjen på slutten av 90-talet i denne med pelsgarn på mansjettane og andre stunt som eg meiner bør høyra fortida til. (Det sa me vel også om mohairgarnet for berre eit par år sidan, så ein skal vel aldri sei aldri. Kanskje får pelsgarnet ei ny blømingstid også?)


Val Pierce har ikkje fått ein ny tilhengar i meg etter denne boka. Tungstrikka modellar (les masse montering) og berre eit par diagram som eg har trua på kjem til å bli brukt. Ikkje verdt pengane, sjølv om den var på salg!

Cuddly Knits derimot, var ein ny høydare. Mange herlige modellar, ikkje minst denne stilige buksa her!


Eg fann ei handfull ganske så uimotståelige modellar i denne her også...  Koffer er mange norske mønster så kjedelige? Skulle ønska mange fleire av desse bøkene vart oversatt til norsk slik at alle kunne få glede av dei! Strikkebokutvalget i Norge er heller labert spør du meg. I alle fall når ein samanliknar med engelske mønster og ser kva ein kan få der!



Denne jakken er bare nydeleg! Så enkel i grunn, men dei hempene gjer underverker!
Teppet med kaninene er også artig, og litt annleis enn dei babyteppa eg er vane med å sjå.



Denne boka her er ein av få som faktisk er å finna på norsk. Nå må eg ærleg innrømma at eg ikkje har gått etter i sømmane for å sjekka at alle mønstrane er med i begge bøkene, men framsidebiletet er i det minste likt! Kanskje eg må leita fram den norske utgaven min og bruka som ordliste når eg skal til å prøva meg på engelske mønster. Det har eg nemlig fortsatt til gode, å strikka etter engelsk oppskrift.


Kanskje du vil ha deg ein snartur innom www.ark.no  og sjå om du finn noko som fristar? Eg kan i alle fall anbefala Quick Knits-bøkene på det varmaste. Her får du valuta for pengene!

5 kommentarer:

  1. Godt at detta biblioteket, ikkje er langt unna ;)

    SvarSlett
  2. Åh, nå fikk jeg lyst til å strikke babyklær! :)

    SvarSlett
  3. 60 quick babyknits har eg og, anbefalast! Og det er ikkje vanskeleg å strikke på engelsk heller :) Eg berre googlar viss eg står fast.

    Mitt siste bokinnkjøp er frå Island, Prjónađ úr íslenskri ull. Fant ut at det var greit å ha oppskriftar til alle kiloane med Lopi som havna i handlevogna på mystisk vis. Eg trur til og med eg ska klare å tyde islandsken og. (Ein er vel ikkje lingvist for ingenting!)
    Men no ser eg jo at eg må kjøpe 60 more babyknits og. Og kanskje litt Cascade og. Ai ai.

    Herlege bøker, god strikk!

    SvarSlett
  4. Her var det myyye fint, Jane!
    Den røde jakken med hempene sine -rett og slett lekker!
    Vet hvor jeg kan gå om jeg skal strikke babytøy... :-D

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten