søndag 7. juli 2013

Vekas garntur

Denne veka starta utvilsomt veldig bra med dilletur til Leirvik i lag med Linda! Bortsett frå ein brillesjekk for reisefølget, så var det eine og åleine ein dillekjøpesnopegarnkoseosstur! Første stopp var Fem Høns, og her blei det både kakeboksar og tekanna.


Så var det garnbutikken som stod for tur. Og Ullkroken skuffa ikkje denne gongen heller. Galskapen starta jo alt i tilbudskorgene på utsida...



Sjølv om det ikkje er så mange vekene sidan eg var innom butikken her sist, så hadde det jammen komt både nye garntypar, nye utstillingsmodellar og ikkje minst nye tilbud. 20% rabatt på alt bomullsgarn og ei mengd med "restekorger". Det likar vi!



Honnør igjen til smilande og blid betjening. God og avslappa atmosfære her, ein får hjelp når ein treng, men det er heller ingenting i vegen for å gå i evigheter å kjenna, snusa, kikka og sjå på garnet.


For min del så blei det ganske begrensa handling denne gongen, sånn til meg å vera..
Eg hadde faktisk mindre i posen enn Linda, endå så flink ho pleie vera til å begrensa seg.



Eg måtte jo ha med meg heim litt Mini Duett frå Sandnes. Herlege gutefargar i et garn eg ikkje har prøvd. Blanding i ull og bomull er alltid spennande.


Så låg det moldvarpbrune Mandarin på tilbud, desverre bare tre nøster, men eg trur eg skal ha nok til noko lite av dette. Fargen kjem ikkje godt fram på bildet, men er beint fram smashing!


Baby Sock har eg ikkje vore borti før, i alle fall ikkje anna enn at eg har eit nøste med lilla Baby Sock liggande i ein eller annan kasse. Men sidan Sølvi har snakka varmt om dette garnet tok eg sjansen og kjøpte med nokre nøster sidan dei blei solgt ut til halv pris! 13 kroner nøstet for kvalitetsgarn er jo slett ikkje verst. Så gjenstår det å sjå om eg og Sølvi er enige om kva som kjenneteiknar godt garn...


Litt knappar vart det også med heim, samt eit mønsterhefte.



Garnhandling teke jo på, så ein liten rast på kafeen på senteret måtte til. Håpar ikkje det blir for lenge til neste tur!

Triveleg reisefølge!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det oppstod en feil i denne gadgeten