torsdag 18. juli 2013

Bare rumper

Eg har jo ein liten svakhet, ikkje bare for garn, men også for oppskriftsbøker og hefter. Det er med andre ord ikkje noko nytt at eg har kjøpt brukte mønsterhefter på nett. Denne gongen var det ikkje sånne hauande gamle hefter, vil tippa dei er frå starten av 90 talet eller der omkring.



                                                       Litt til store, og litt til små...


                     Og ikkje alle fargekombinasjonane er like tiltalande og aktuelle i dag..


Men det eg reagerer litt på er at dei faktisk har avbilda nakne barnerumper på baksida av to av heftene. Eg skjønne jo at eg som småbarnsmor kanskje er litt meir snerpete på dette området, og ikkje minst at tidene har forandra seg dei siste 20 åra, men likevel..? Var det virkelig greit med nakne babyrumper i dei vinklane på den tida?



Og kva er vitsen med nakne babyar når ein skal visa fram strikkeplagg? Hadde det ikkje vore bedre bruk av ei kulørt side å faktisk vist ein av modellane inni?
Jaja, eit godt kjøp var det lell, spennande hefter som ikkje er så lette å få tak i!

2 kommentarer:

  1. Ser jo et par interessante plagg her på bildene dine! Den fargerike heldrakten hadde kjempefin fasong -fargene er det jo lett å gjøre noe med :)
    Er det grønne plagget bolero? Hadde flott snitt rundt kragen i alle fall!
    Og så er jeg enig i deg med nakenbildene. Men det var vel bare andre tider... Eller?

    SvarSlett
  2. Ja, det var den gong det- me susa rundt i vår lille strikkeverden og rekna ikkje med at born kunne bli så grovt utnytta av si uskuld!! Men, fine oppskrifter er det å finna. Fargesmaken, er som baken.... eller stumpen;)

    SvarSlett