tirsdag 26. juni 2012

Håndarbeid vs husarbeid

Når det gjeld tidsbruken min er det ein stadig kamp mellom håndarbeid og husarbeid. Stort sett så slår fornuften inn og det er husarbeidet som vinn kampen. Ikkje fordi eg likar så veldig godt å vaska, rydda og legga samen kler, men med to ungar (og ein mann) så trengs det litt matlaging, støvsuging og klesvask. Helst så ville eg brukt det meste av dagen på å strikka, men eg klare rett og slett ikkje å finna roen i godstolen mens hybelkaninane dansar bortover parketten med dei mest elegante piruettane, mens dei liksom rope mot meg: "Me blir fleire og fleire og fleire.. Sjå kor fint me dansar over parketten i sollyset"..  Så med andre ord så går det slett ikkje så fort på strikkefronten som eg skulle ønska... I tillegg så har eg funne ut at reine golv er litt lurt når ettåringen finn det for godt å legga seg på magen å sleika litt på golvet. Hadde vore dumt om ho blei kvalt av ein svær hybelkanin!



Me har nettopp lært å myyyysa...


Likevel så klare eg til stadighet å handla garn... I går var eg og Lene ein tur til Bjørke for å sjekka om det var noko spennande på 10-kroners tilbudet. Det var det jo sjølvsagt, men syntes eg var ganske flink når eg klarte begrensa meg til 3 nøster med Fresco bomullsgarn. Truleg blir dei klutar ein gong i tida.







Kjolen er snart ferdig sjølv om det har vore litt strikketørke denne veka. Men, når eg verkeleg skulle setta meg ned i kveld å gjera den ferdig, så går eg jammen tom for garn! (Truleg smitta av ei venninne som til stadighet går tom for garn sånn rett før ho er i mål med prosjekta. Ja Linda, eg siktar til deg). Min bedre halvdel var i telefonen i stad, og når eg beklage meg over at eg faktisk er tom for garn, så fnyse han og lure på om eg er gal. "Ka med dei 60 kiloane du har i kjellaren da? Du kan vel bruka nåke av det vel?"  Usj, ka vett nå han. For det første så er det slett ikkje 60 kilo garn, nærmare 90, og eg har faktisk ikkje et einaste nøste til av dette garnet! Så det så!





Også eg som var så veldig spent på det ferdige resultatet, rett og slett fordi eg ikkje har oppskrift, men tar det litt på gefyhlen! Nå får spenninga venta til i morgo, og eg får heller starta på ein klut.. eller kanskje jakken til meg sjøl?

lørdag 23. juni 2012

Dansk garngave

Denne bloggen starta eg egentlig på onsdag formiddag, men dagen enda med besøk hos lege, så legevakt og til slutt ein ambulansetur til Haugesund med eldstejenta. Slett ikkje slik eg hadde tenkt å bruka dagen, den var satt av til strikking og klesvask, men med veldige magesmerter og raskt stigande feber på jentå, så blei me sendt avgårde i den store, gule bilen.
Det var heldigvis ikkje blindtarmen, eller noko anna alvorleg, så etter å ha fått litt medisiner og godsaker intravenøst, så fekk me reisa heim kvelden etter. Dei såg kanskje kor ukomfortabel hu mor var, og kor lyst me hadde å reisa heim, så gleda var stor då dei kom med beskjeden at det bare var å reisa, men med open retur i 3 dagar om ho vart verre.

Men, å komma seg frå Haugesund til Uskedalen ein torsdag ettermiddag, når Victoria hverken hadde jakke eller sko, det var jo ikkje så enkelt. Sjukepleiaren sa at me kunne ta kystbussen, men den går for det førsta ikkje lenger enn til Stord, altså bare halvvegs, og å dra ei sjuk lita frøken barføtt og uten jakke på ein buss, det frista lite.
Men eg har ei snill svigermor, ja egentlig svigerfamilie, som klarte pusla samen å passa minstejenta som var plassert der, ta fjoset, og ikkje minst slåtten, slik at svigermor kunne kjøra den lange vegen til Haugesund å henta oss. Og litt før kl 22 på kvelden var me tilbake. Sjølv om sjukehus innebere mykje venting, så klarte eg slett ikkje finna roen til strikking, så på den fronten har det skjedd lite.

Så til noko positivt. Før denne suppa med sjukehus og farting, så hadde eg besøk av snille Monica som hadde vore på ferie til Danmark. Heldige meg fekk presang då ho kom på besøk. Lekkert nøste med lilla cashmere og ei søt, lita oppskriftbok. Kanonkjekk og koselig gave, perfekt for ein garngal strikkefan! Og den lillafargen var bare så sommarleg og flott, og cashmere må utvilsomt vera verdas mjukaste garn. Det kan kanskje slå følge med dei to hespane eg kjøpte i Los Angeles.


Sko gjerne fått dette rette veg, men det legg seg slik uansett, så dåke får legga hovudet på skakke:)


Eg har sjølvsagt klart å karra til meg litt garn heilt på egenhånd og. Det har tross alt vore 10-kroners salg på Porselensbuo, og slikt kan ein ikkje la gå forbi. Så det blei ein del garn, 5,7 kg for å vera nøyaktig. Og nå begynne eg virkelig å få et plassproblem til oppbevaringa. Men, dei fleste hobbyar tar vel litt plass?





Endå et par nye strikkebøker frå Bokkilden har også komt. Desse var ikkje lika imponerande, men det er vanskelig å sjå ut i frå framsida kva boka faktisk inneheld. Og det var ikkje mulig å bla i desse før eg kjøpte. Heldivis er prisane på engelske strikkebøker veldig snille, så det kostar ikkje stort meir enn ein utgave av Simply Knitting, som tross alt stort sett inneheld reklame og annonser.












søndag 17. juni 2012

Nye strikkebøker.. Igjen.

Har jo sjølvsagt dukka nokre nye strikkebøker opp i postkassen. Det er jo så lett å la seg frista når ein surrar rundt inne på bokkilden.no. Utruleg stort utvalg, spesielt i engelske mønster. Og der er det mykje fint, kunne gjerne blitt fleire sånne oversatt til norsk.





I postkassen denne gong var det to bøker med barneoppskrifter, spesielt Wonderland hadde mykje snasigt!  Så nå gjenstår det bare å læra seg å lesa oppskriftene på engelsk då. Har printa ut strikkeordlista, men ikkje komt så langt eg har prøvd meg.. Du vett det at eg skal bare, skal bare...

Det eg skulle denne gong var ein kvit klut som var på bestilling. Og før eg kunne strikka den måtte eg jo gjera ferdig den eg hadde på pinnen. Så resultatet vart ein sprek sak i Muskat Soft frå Drops, og ei kvit i Pure Milk Fiber frå Viking.




 Og det melkegarnet var bare nydelig mjukt og godt å strikka av. Kjøpte desverre bare to, det var det som var igjen på Porselensbuo på 10-krones tilbudet.





Har brukt ein del tid på å hjelpa Kristlaug å rydda i butikken på Bjørke den siste tida (Porselensbuo Gåver og Hobby for dei som ikkje er lokalkjende). Me har rydda fram ein masse garn, funne restar og utgåtte garntypar og satt alt i fine korger til 10 kroner nøstet. Garnhespar som har kosta så mykje som 132 kroner har faktisk blitt solgt til 10 kroner, i lag med garn som Faerytale frå DSA og Vivaldi frå Drops.
Så i går fekk eg "betalinga" mi: ei stor budda med mønsterhefter frå Navia, Gjestal og Viking. Utruleg kjekt, og masse godt lesestoff i dagane som kjem!
Alle som er i nærheten av Rosendal bør ta seg ein tur oppom kyrkja og sjekka ut den strøkne garnbutikken som nå antageleg har sommarens beste garntilbud.





Ikkje blitt strikking i dag, har rydda i strikkekorga og strikkeveska, og det tok jammen si tid. Fy som eg klare rota på eit så lite område, er jo veldig begrensa antal kvadratmeter oppi ei veska...
Men nå er det gjort, pinnar på plass, maskemarkørar i boksen sin og alle garnrestane er i kassen sin. Klar for nytt prosjekt!

torsdag 14. juni 2012

Snuppekjole

Så har eg fått ferdig ein liten kjole. Garnet er babyull frå Dale, og oppskrifta er henta frå boka Strikk til Nøstebarn. Brukte masketalet til minste størrelse, men dette garnet bygger meir enn Silkeulla til Nøstebarn, så vil tippa den har mål som kan passa ei lita frøken på 3-6 mnd.





Laga tidlegare ein liknande kjole, som var strikka ganske så til punkt og prikke etter oppskrifta. Men det var jo sjølvsagt eit par ting eg ikkje likte med den. F.eks så var fellingane godt synlige midt frampå i staden for i sida, så på denne versjonen vart dei flytta ut i sidene. I tillegg så skulle selar og bærestykke vera i rillestrikk, men eg er ikkje særlg fan av riller, så denne gong blei det perlestrikk i staden. Syntes og det gjorde seg godt med eit silkeband i skiftet mellom stakk og bærestykke, og det er bare tredd laust i, så det kan lett takast ut.






Eg er framleis svært imponert over den utrulege effekten ein runde i varmt vatn med Milo har å seia. Plagget ser rett og slett strøkent ut etterpå, og blir utruleg mjukt. Treng aldri ha dårleg samvittighet for at eg ikkje gidde dampa dei ferdige plagga, for det er ikkje bare nål- og tråd-fobi eg har, trur også eg er råka av strykejern-angst.




Kjolen får seg eit lite bad.



Boka "Strikk til Nøstebarn" har ein del bra, men litt i overkant mykje rillestrikk. Plagga er litt enkle og har eit visst retropreg over seg, men med små endringar i fargevalg eller ved å bruka andre garnkvalitetar kan plagga bli veldig fine. Ei bok som er verdt å ha i hylla, ikkje minst fordi den inneheld mange basisoppskrifter på både huer, bukser og dressar.




Elles kan eg tipsa alle garnglade om stort 10-krones salg på Porselensbuo i Rosendal. Ei mengd med garn til bare ein tier. Blandt anna Navia, Bris, Vivaldi, Silke Alpaca, Milk & Honey, Brilla og Arabella. Løp og kjøp, det gjorde eg, og kom heim med 3 bæreposar..
 Blogg om den synda kjem seinare når eg tør opna posane og sjå på galskapen...

mandag 11. juni 2012

Funn på bruktbutikken

Eg har gjort et nytt funn, denne gongen på den lokale bruktbutikken. Var innom ein rask tur på lørdag, og der låg det, lettare henslengt, eit fint strikkehefte frå 1946.





 Heftet er nr. 11 frå O-GO, og eg måtte lesa meg gjennom for å finna ut kva årgang dette var. Tilfeldigvis var det ein strikkekonkurranse der det sto innsendingsfrist.







Mange fine modellar, og eg lar meg fasinera av den høgtidelige måten å skriva på. Mange spennande garntypar som Perlekrepp, Fredsgarn, Norgesgarn, 2-trådet bondegarn, Silke Anemone og Triplex og Fyrstegarn.
Svært lite diagram, mønsteret er som oftast ramsa opp omgang for omgang, slik ein ser i engelske mønster.








På strikkefronten har det nesten vore stillstand denne helga. Dagane har gått med til besøk og ikkje minst Aktivitetsdag i Uskedalen med hoppeslott, andeløp, kuskitbingo og Ta-sjansen. Men no er spøtet framme igjen, og det er oppløpet igjen på kjolen. Fekk et strikkeproblem her lørdags morgon då eg skulle laga knapphol på dei perlestrikka kjolestroppane. Heldigvis er eksperthjelp bare et tastetrykk unna, så tusen takk for hjelp Zirkona.
For knapphol på perlestrikk er ikkje så enkelt som å strikka to samen og eit kast. Eg prøvde det opptil fleire gonger og rekte opp igjen, men det blei slett ikkje knapphol, bare noko som likna på strikkefeil. Løysinga var å strikka dei maskene som skal bli knapphol rett omgangen før, altså dei må bli rett på retta. Og vips, så blei det fine knapphol! Ny lærdom lagra i harddisken.




Så får målet bli å komma i havn med kjolen i kveld,  men først blir det ein kjekk tur til Porselensbuo der det er stort 10-kronerssalg på garn. Masse restar og utgåtte garntypar. Gler meg, blir nok ein del med heim tippar eg:)

torsdag 7. juni 2012

Strikkeblad

Dagen i dag blei slett ikkje så verst. Vêret har vore bra, sol men ikkje for varmt. Snille ungar så eg har rukke gjera klar gjesterommet til mamma og pappa som kjem i helga. (Ryddinga bestod stort sett i å få unna strikkeoppskrifter, og prøva gjømma unna mest mulig garn for å unngå at garnmengden blir tema.)
Somla meg til å laga fiskemiddag med poteter, pluss i margen for den, i alle fall i min marg! Og på toppen av det heila dukka jammen Strikkemagasinet opp i postkassen. Så nå har eg satt meg ned med ein stor kopp mynte-te og skal kosa meg med bladet.





Strikkemagasinet er vel det einaste reine strikkebladet som er på norsk, desverre. Men det er til gjengjeld et ganske bra blad med breidt utvalg av oppskrifter, ganske trendy og fancy ting som ein virkelig har lyst på fordi det er fint, ikkje bare ein ullgenser som skal varma. Dei har ganske mykje stilig til guttar, og store størrelsar, og det er ofte mangelvare i andre oppskriftshefter og bøker. Desverre litt lite småting som huer, vottar, sokkar og sjal, men det hende dei har temanummer med fokus på dette.

Eg maskar meg vidare på kjolen min i babyull, men la opp til eit terrassestrikk i dag som eg lett kunne hiva frå meg. Ny klut på gang, og sjølv om garnet manglar magebelte så trur eg det er Muskat Soft frå Drops eg har på pinnane.




Som dåke sikkert ser så har eg blitt medlem av Strikkeblogger.no (Vanskeleg å unngå den stooore, rosa logoen øvst i bloggen her) og der er det rett og slett ei utømeleg kilde med inspirasjon. Anbefale alle å ta seg ein sveip innom der!

søndag 3. juni 2012

Ei veka med kjøkkenklutar



Nå har eg kun strikka kjøkkenklutar i meir enn ei veke, og er egentlig ganske fornøyd med den aktiviteten for ei stund. Herlig å få brukt opp ein masse restar av allslags rare typar bomullsgarn som eg hadde liggande, og nå er det faktisk bare garn nok til to klutar til av sånne "einstøingar" av nåken nøster. Ryddestrikking!







Eg har brukt litt ulikt garn og litt ulike mønster, og dermed har både størrelse og fasong på klutane blitt forskjellig.


Muskat soft frå Drops, her brukte eg dobbel perlestrikk og pinne nr 4. Strikke ganske fast, og ville ikkje at klutane skulle bli for harde.





Så strikka eg i Paris frå Drops. Dette garnet er ein del tjukkare, men samtidig mjukare. Pinne nr 5 og det "vanlige" klutmønsteret med ein pinne rett, og så annankvar maske rett og vrang tilbake.






Prøvde og vrangbord på eit par filler med to rette og ein vrang i Paris på pinne 5, og med 60 masker.






Neste prosjekt er ein liten babykjole der eg har planar om å sy på ein blondekant nederst. Alle som kjenne meg veit jo at eg har nål og tråd-fobi, så det er vel ingen som trur det før dei ser det når det gjeld syinga. Men planen er der i alle fall. Siden dagen i dag har blitt brukt på tivoli og restaurantbesøk, så satsar eg på et par timar med strikking nå før Jon Blund klare overmanna meg.
Det oppstod en feil i denne gadgeten