onsdag 30. april 2014

Bare to små nøster....

Ein liten svipptur til Husnes for å kjøpa litt sommarkler til husets minste bebuerar, og då vart det jo sjølvsagt garn med heim. Syns egentlig eg har vore flink etter jul, har ikkje vore dei avskrekkande mengdane med nytt garn i hus. (Likevel såpass mykje at eg er glad mannen aldri er heime når eg kjem med posane mine)


Men, det var ikkje så mykje sommarkler å få tak i på detta senteret. Egentlig så var det jo ikkje så mykje garn heller som frista, men desse to nøstene låg og lyste i mot meg. Bokstavelig talt!


Dei blir til sokkar..... ein gong. Vil ikkje komma med forslag om kva for eit år det blir, men eg lovar å strikka av det før det går ut på dato.


I postkassen dukkar det også opp litt kjekke ting mellom reklame og rekningar. Hadde nesten gitt opp heile Strikkemagasinet, og vurderte sei det opp. Syns det er så lite småting der, stort sett jakkar og genserar. 


Men så dukkar jo denne modellen her opp, og den falt eg pladask for. Den SKAL eg laga, forhåpentligvis i år. Drømme litt om lett bomullsgarn, mens eg durar vidare på Marius.

tirsdag 29. april 2014

Bakemester Harepus

Det har blitt lite strikking i helga. I staden har det vore grilling, terrasseliv og litt kakebaking til konfirmasjon. Den kakebakinga gjekk jo så som så...
Laga Margits ostekaka, og den har eg laga så mange gonger at eg var sikker på å få den fin.

Og kaka såg fin ut den, med speilblank bjørnebærgele på toppen, når eg la meg lørdag kveld. La folie over forma slik at den ikkje skulle tørka. Det var ikkje nåke sjakktrekk. Hadde lyst å grina når eg stod opp søndag og skulle setja kaka på fat. Folien hadde klistra seg nedi geleen og laga heller skjemmande merker i overflata. Men kaka måtte jo avgårde, hadde jo lova.. Dryssa over litt melis, og sjølv om det ikkje vart fint så gjorde det i alle fall heile gelelokket jamt ujamt:)
Heldigvis så smakte kaka godt, det er det viktigaste. Vil du testa ut sjølv kjem oppskrifta her:

Enkel måte å knusa kjeks på.

* 1 pk Bixit kjeks
* 100 g smelta smør

Knus kjeksa og rør inn det smelta smøret. Press så blandingen utover botnen i ei form, sett kaldt.

* 1 bx kremfløyte
* 100 g melis

Pisk dette til krem.

* 1 beger lettrømme
* 2 beger naturell smøreost
* 1 ts vaniljesukker
* 1 pk sitrongele rørt ut i 2 dl kokande vatn. Avkjøl før det røres inn.


Rør alt inn i kremen og hell over kjeksbotnen. Sett i kjøleskap. Når det har stivna, hell over 1 pk gele rørt ut i 4 dl kokande vatn. Avkjøl litt før du heller det over, og sett i kjøleskap igjen.
Så må bare gelelokket stivna, så er kaka klar. Anbefale ikkje å legga folie over.


Bladde gjennom ein del av oppskriftene i dei gamle bladene eg fekk av naboen til mamma og pappa, og sjekk desse fine her. Så stilig måte å bruka gamle redskaper på!
Nå må eg seriøst kasta meg over strikketøyet. Laaangt igjen på mariusen, og eg trur kanskje naboen snart tenke at den burde vore klar.


lørdag 26. april 2014

Pruting er undervurdert!

På min veg til påskeferie i Suldal vart det ein liten stopp i Odda. Vi hadde 7 minutter til overs før vi hadde ein avtale, og når vi likavel passerte Husflidbutikken så måtte eg innom.
Som eg har antyda tidlegare så er eg ikkje mektig imponert over denne butikken, men når det bare var for å slå i hel dei 7 minutta så fekk den duga.

Og på innsida møtte eg ei blid dama, som eg aldri har sett der før. Og så stod det jammen ei tilbudskorg skvist inn bak døra. I korga var det stort sett lilla og brun Mandarin Petit, sennepsgul Sisu og gult heklegarn. Skiltet kunne fortelja at det var -50%.


Så eg spurte om eg fekk ein god pris viss eg kjøpte ein god del nøster...
Det gjorde eg, som dåke ser:):)

 
4 nøster Lanett, 2 nøster Smart, 12 Sisu og 24 Mandarin Petit til 500 kroner. Syns egentlig eg gjorde ein bra handel eg, med tanke på at ordinær pris var sånn omtrentleg 1596 kroner. Med andre ord, pruting er undervurdert! Og heller ikkje utenkeleg at eg vurderar å gå innom butikken igjen ved ein seinare andledning...

fredag 25. april 2014

Filati og Mayflower

Eg har kjøpt meg nåken brukte mønsterhefter på ei facebookside der ein driv med slikt. (Eg kan dessverre ikkje gjengi kva sida heiter, for eg er med på så mange slike sider, og handlar jo i hytt og vær - då blir det litt vanskeleg å halda styr på kor einkvar ting kjem frå).


Det var både Dale og Sandneshefter, og det er jo alltid litt sjansespel å handla når ein ikkje får bladd gjennom og sett kva som faktisk står inni. Men heftene var bra dei, kjekke oppskrifter og sjølve heftene var i god stand.


Likevel må eg innrømma at det var Mayflower og Filati Infanti som fekk meg til å jubla. Fantastisk mange fine modellar, og lekre bilder. Spesielt i Filati..





Nei, nå blei eg jammen usikker. Sinnsjukt mykje fint i Mayflowerheftet også. Ikkje minst så var bildene her i ein klasse for seg. Blir så lekkert med mjuke, fine strikkaplagg mot grove naturmaterialer.




Eg har leita og søkt på nettet for å finna ut om det går an å kjøpa fleire av desse Filatiheftene, men eg klare bare finna hefter på tysk. Det blir ikkje aktuelt for å sei det sånn. Finne infosider der alt står på engelsk, men når eg navigerar fram til rette plassen der ein faktisk kan handla, så er det KUN tysk. Viss nåken veit om kor ein kan få kjøpt Filati Infanti på engelsk, så skrik gjerne ut. (Helst så høgt at eg høyre det.)


Med oppskrifter frå Lana Grossa så tenke eg at det må vera noko som passar til dette nydelige garnet eg fekk av Sølvi. Supermjukt, som det lovar på banderolen.

torsdag 24. april 2014

Nytt norsk strikkeblad

...eller bladet er ikkje nytt, men det er nytt at det no kjem på norsk. Eg har tidlegare hatt bladet på svensk, men sa opp abonnementet i fjor.


No når det kjem på norsk så gir eg det ein ny sjanse, alltid kjekt når det dukkar opp strikkeblader i postkassen. Vil du også prøva så kan du f.eks bestilla her!

Med tørre stiar og temperaturar mellom 15 og 20 grader ser eg folk jogga og springa til fjells kvar enn eg snur meg. Sjølv går eg for denne varianten. Ha ein fin strikkekveld!

onsdag 23. april 2014

Påskestrikk

Då var påsken over, og eg synes me har hoppa rett frå seinvinter til sommar. Grilling, shorst og terrasseliv. Slutten av påsken vart heldigvis bedre enn starten, og søndag feira me mannen sin dag med grilling og kaker ute.


Gaven falt sjølvsagt i smak, han flirte godt når han leste det treffande budskapet på t-skjortene.
Eg kjem garantert til å handla hos Zazzle igjen, dei har så mykje artig.


Mange viser fram alt dei har strikka i påsken, både i bloggar og på ulike forum på fb. Eg har jo ikkje så veldig mykje å visa til, pinnane har aldri fått kvila så lenge. På to veker er ein skarve sokk alt eg har strikka. Tett på skandale med andre ord. Forhåpentligvis blir det litt meir fart på pinnane framover, har tross alt ein Marius som skal bli ferdig.

lørdag 19. april 2014

Påskemysteriet med den forsvunne sko

Denne påsken har slett ikkje starta som planlagt. Eg skulle kosa meg med ungane på hyttå, eta masse god mat, aka og ikkje minst strikka. I staden har eg lege strak ut med omganssjuka heile veka, ikkje ete og i alle fall ikkje strikka. Så i går reiste me heim. Tidenes mest asosiale og slappe påske.


Men, med kort veg til hytta så fekk ungane seg ein tur. Det var lite snø, så ski var utelukka, men det var god mulighet både til aking og snøballkrig.


Litt grått eine dagen, men så skein det verkeleg opp. Alle kunne vera ute, lunsj på verandaen og ungane storkoste seg.
Påskeharen hadde jammen teke seg ein tur til fjells den og!


Utpå ettermiddagen ropar Madel at ho ikkje har sko. Og då har frøknå klart å gå av seg eine skoen i snøen. Og me leita, og leita.. og leita, men me fann søren ikkje skoen igjen. Årets påskemysterium med andre ord. Ganske utruleg egentleg, for det var ikkje så mykje snø, og jentå hadde ikkje klart å bevega seg over dei store areala. Pappa leita lenge, gravde og snudde på snøen, men skoen er som sunke i jorda. Reknar med den dukkar opp utover våren.


Men, uten sko måtte då altså frøknå berast ned att. Det hadde sjølvsagt ikkje ho noko i mot. God utsikt frå ryggen til Bestefar.


Nå får eg bare kryssa fingrane for at resten av påsken byr på meir strikking og garnkos. Når eg ser rundt på ka andre har rukke og fått av pinnane i påsken så skjemmer eg verkeleg laget!
For påskeinspirasjon til både strikkepinnar og heklekrok kan du sjekka ut sidene til garnstudio, der finn du og mønster til denne lubne, gule saken her!

mandag 14. april 2014

Klaragenseren

Huskar dåke eg var på jakt etter genseren som Klara Klegg hadde på seg i Jul i Svingen? Ingen hadde mønster eller visste kor eg kunne få tak i det. Eg hadde eigentleg gitt opp..


Men ting ordnar seg. Lurt å ha venner med større mønstersamling og mykje meir strikkekunnskap enn seg sjølv. Tusen takk godaste Zirkona, du fiksar det meste:)



Eg vil ikkje bruka originalgarnet, det er litt stikkete, så får finna eit godt alternativ. Ser føre meg fargane lys gammelrosa, lysebrun og offwhite - håpar det ser lika fint ut "live" som inni i håvet mitt.
Men, genseren er laangt nede på strikkelista. Først må Mariusen bli ferdig, så to par sokkar eg har fått bestilling på.

lørdag 12. april 2014

Huefin

Eldstejenta har, endeleg, fått seg ei ny hua. Nå i overgangen til vår, så kan det vera greit med noko til å varma øyrene på kalde morgonar, som likevel ikkje blir for varmt når sola er framme midt på dagen.


Ei enkel, glatt lue som lett fekk plass under sykkelhjelmen var ønsket, og eg brukte ei oppskrift frå Familien (2/14).


Garnet var noko asiatisk, blanding av merino og silke, som eg kjøpte på nett for eit par år sidan. Eg kan dessverre ikkje sei så mykje meir om det, sidan eg er så dårleg på sånne kinesiske skriftteikn. Men, det var overraskande hardt å strikka med, virka nesten som bomull.

Bildet er lovleg lånt av Zirkona

Sidan det er rullekant nederst på hua, så burde eg jo vaska og blokka den. Vi fekk sjå ein genial måte til dette i vinter, ved bruk av ein bukse/klypehengar. Eg hadde dessverre ikkje ein sånn, og hua vart teken i bruk alt før den hadde vore innom vaskemaskinen. Men tanken om korleis eg burde ha gjort det var der, det telle vel litt?

torsdag 10. april 2014

Stutt rundpinne

Eg måtte rett og slett starta på eine armen til Mariusgenseren. Det var litt demotiverande at det ikkje vaks fortare på bolen enn det gjorde. Syns eg strikka og strikka og strikka eg, men er ikkje lenger enn halvvegs før mønsterstart.


Armen derimot, den veks litt fortare. Vrangborden strikka eg med fem pinnar, men så måtte eg prøva den korte rundpinnen eg kjøpte for ei tid tilbake. Vil ikkje ha noko skilje der eg byttar pinnar, og på glattstrikk kan det fort visa om ein brukar strømpepinnar. Det kan jo ikkje pirke-petra ha noko av!


 Har sett at det er ulike erfaringar med så kort rundpinne, men eg ville nå gi det ein sjanse. Og 30 cm (eller 28,5 cm for å vera eksakt) er ikkje mykje å sno fingrane rundt. Dei første omgangane sleit eg verkeleg, men så begynte eg finna ein teknikk som funka. Glad det er snakk om pinne 3,5 for eg trur eg hadde slitt med å få det jamt på f.eks pinne 2,5!


Eg konkluderar med, at det tross litt bal, gir eit betre resultat enn å strikka på strømpepinnar.

Ikkje så Easy...

Av og til så kan dei enklaste tinga gjerast så utruleg vanskeleg. Eg har i alle fall knota og bala veldig med Enkel Vest frå Pickles denne gongen. Ganske utruleg sidan eg har strikka omtrent 20 stykker av den etter kvart. Trudde det berre kunne gå beine vegen når det var Enkel Vest og i garnet Easy...


Men, når eg ikkje hadde strikka med Easy før så var det ikkje så easy å heilt vita kva pinnestørrelse eg skulle bruka. 5, 6 eller kanskje 7?
La opp, strikka to rundar, nei vart for kompakt. Rekka opp att, og prøva med ein pinnestørrelse større..


Nei, då vart det for mange masker, og garnet glei dårleg på metallpinnane. Rekka opp igjen og ta ein størrelse mindre. Ikkje bare bare når ein ikkje kan holda seg til garnet som faktisk er oppgitt i mønsteret..


Hadde fire nøster, og trudde det skulle holda. Det trudde eg heilt til eg var komt til siste fellinga oppe rundt halsen. Då innsåg eg at det var for lite garn. Og sidan eg alt hadde strikka færre omgangar enn eg skulle på bærestykket, så måtte eg ha rekt opp heilt ned til under ermehola for å fått ein normal fasong.


Det gidda eg jo ikkje, Easy var nemlig ikkje så fantastisk å strikka med. Løysinga vart å bruka ein rest (frå ein tidlegare strikka vest) til siste omgang og avfellinga. Skal ikkje påstå at det blei så veldig fint, men viss eg tek igjen det kvite i f.eks knappar og muligens noko brodert mønster...? Ja, då burde det gå gjennom sensuren.


Spent på om dette garnet vert litt mjukare etter vask, det var nemlig ganske stivt og stikkete å strikka med. Litt stålullfeeling på det rett og slett.
Siden eg er lika treg som alltid med å festa trådar og sy i knappar, så drøye det nok litt før ferdigbilde kjem.

mandag 7. april 2014

Ikkje som planlagt

Sånn omtrentleg i skrivende stund skulle eg vore ferdig med kontroll på Haukeland og i full gang med garnhandling hos Annes garn. Etterpå var planen å tilbringa heile ettermiddagen i den koselege stova til Åshild, med snakketøy og strikketøy i høgt tempo. Eg hadde verkeleg sett fram til eit avbrekk etter å ha vore isolert i heimen siden fredag, fullt oppteken med å tømma spybøtter og vaska sengetøy. Og alt såg jo egentlig lyst ut heilt fram til klokka var litt over 11 i går kveld, då blei eldstejenta dårleg igjen etter å ha styrt unna spybøtta heile dagen.
Sånn omtrent kl 03 i natt kunne eg endeleg legga meg, og då hadde eg for lengst sett "kosedagen" min spylt ut i sjøen. Skikkelig surt. Ikkje umulig at det blir garnshopping på nett i dag, som plaster på såret.

 
Sist eg besøkte Åshild sov eg rett ved siden av garnskapet hennas. Kor lurt det er kan jo diskuterast, det blir litt som bukken og havresekken.
Fremst i skapet hennas låg det nokre nydelige nøster kvit Cascade, og det var liksom noko ekstraordinært med desse. Både farge, fasong på nøsta og kvaliteten på garnet gjorde at eg bare måtte ha nokre slike i skapet mitt eg også.


Så det var bare å legga inn ei bestilling hos Strikkinnom. Dette er for øvrig ein av dei nettbutikkane med best utvalg av garn, spør du meg. Så det vart jo litt meir enn Cascade som kom i pakken.
Lekker farge på Softknit Cotton frå Rowan, litt uvanleg tvinn, men det kjennes utruleg mjukt ut.


Og så likte eg så godt den grårosa litt ubestemmelige fargen på Milk & Honey frå Viking, og då måtte det sjølvsagt vera med.

lørdag 5. april 2014

Går det på fram, mon tru?

Eg føle eg strikke og strikke og strikke og strikke, men det vise knapt igjen. Eg er ikkje komt halvvegs på bolen ein gong, og det etter ganske iherdig strikking denne veka. Det er berre å gå på med krum nakke.


Nå var planen at eg skulle bruka heile helga til å strikka, men det gjekk litt i vasken, bokstavelig talt. Det starta bra då, med lunsj på svingen torsdag.


Når fredagen kom så klarte eg å lausriva meg frå strikketøyet og tok eit skikkeleg skippertak. Vaska bad og bytta på senger. Var så fornøyd med meg sjølv i går kveld, la meg med den tanken at lørdags morning kunne eg stå opp og gå rett på strikkinga. Det trudde eg i alle fall fram til 03 i natt når eldstejenta fant ut at ho skulle ta vårreingjeringa på tarmsystemet.
Så nå sitte eg her, utslitt etter spybøttetømming, og vente at dagens 8 vaskemaskin skal bli ferdig. Strikka, seie du, nei jammen, det har eg endå ikkje rukke i dag.


Enn så lenge kose eg meg med sist ankomne strikkeblad, og konkluderar med at eg seriøst må læra meg heklekunsten. Så mykje artig å laga, som aldri på nokon som helst måte kan bli lika stilig i ein strikka versjon.