onsdag 2. april 2014

Ikkje tull med ull!

Det har vore masse diskusjonar angåande vasking av ullplagg på forskjellige forum i det siste. Og alle veit jo at ull skal vaskast varsomt og med egne vaskemiddel. Brukte ein Milo, så var ein liksom trygg, trudde eg... Kari Traa virkar jo temmeleg overbevisande der ho sprett rundt med dei lilla sauene sine..

Men, når vi besøkte Hillesvåg så lærte eg noko heilt anna. Nemlig at superwashbehandla garn skulle ha ei heilt anna behandling enn ubehandla garn. Superwashgarnet er visstnok plastbelagt (?) på ein måte som gjer at Milo kan brukast som vaskemiddel der. Anna ullgarn, samt ubehandla ull, tåler absolutt ikkje Milo. Det tørkar ut og gjer at fibrane blir tørre, porøse og ein lett får hol.
Hadde ein ikkje vaskemiddel som egna seg til ubehandla ull, så var det faktisk bedre å bruka hårshampo enn Milo.



Her i huset er det stort sett superwashull, ulltrøyer og bukser til ungane, og dei går i maskinen med Milo som selskap. Og det har gått bra. Eg er så syndig at eg til og med brukar skyllemiddel, sjølv om eg veit at det er fy-fy, men eg likar lukta det gir.
Eg har ikkje noko erfaring med vaskemiddel tiltenkt ull og silke, men eg ser at Strikkinnom har ulike typar, det same har Nøstebarn.
At ein ikkje skal bruka vanleg vaskepulver veit eg jo, men at det skulle gi så katastrofale resultat viss ein gjorde det hadde eg ingen anelse om!


Minstejenta slutta med bleier rundt jul, og eit par uhell måtte jo påreknast. Når ho kom heim frå barnehagen med våt ullbukse og ulltrøye i ein pose, fordi ho hadde tissa seg ut, så tenkte eg at det kunne få ligga litt i bløyt før eg vaska det. Vil jo ha det skikkelig reint. Og jada, eg veit at ull er meir sjølrensande enn anna, men likevel, tiss, æsj!! Så eg la ullsettet i bløyt i vasken med ein liten dæsj vanleg OMO.


OMO går IKKJE i lag med ullplagg, være seg superwash eller ikkje. Eg var ganske sjokkert når eg såg at vaskepulveret rett og slett hadde etsa hol i klærne, fleire stader. Det var ikkje så mykje vaskepulver eg hadde oppi, bare ein dæsj!! Og ullsettet var julegave og hadde bare vore brukt ein gong tidlegare.
 Dyrkjøpt lærdom med andre ord, så nå blir det alltid MILO!

9 kommentarer:

  1. Hei Jane :) ja dette har jeg også fulgt nøye med på - og dette var jo leit da! Men hva gjør man ikke for å få tøyet rent da. Bedre lykke neste gang :) dessuten, dette lille hullet fikser du nok med nål og tråd tipper jeg :)

    SvarSlett
  2. Har opplevd det samme med tynne ullklær fra Joha - uten å bruke etsende vaskemidler. Ei erfaren "ulldame" jeg snakket med mente det trolig var svakhet i de enkelte maskene, at garnet var ekstra tynt og ikke tålte friksjon så godt. Hun anbefalte meg å ta med plaggene tilbake til butikken og klage.

    SvarSlett
  3. Oi? Trodde ikke det ville ha slik effekt. Jeg kjører generelt all ull med milo i vaskemaskina. Jeg har ikke tålmodighet til å håndvaske engang, selv om jeg prøver å gjøre det med hjemmestrikkede plagg. Men det skjer ikke akkurat alltid. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Uff nei håndvask driv ikkje eg heller med. Overleve det ikkje vaskemaskina så høyre det ikkje heima i dette huset!

      Slett
  4. Holder meg til milo jeg når det gjelder ulltøyet uansett om det bare er 10% ull i det. Vanlige vaskemiddel har både blekemidler i, annen ph-verdi og enzymer som ulla ikke liker. Har også laget et innlegg om dette i bloggen min. Når det gjelder flekker og slikt vil jeg anbefale gallesåpe som fåes kjøpt på clhasolsson. Takk for et flott innlegg :-)

    SvarSlett
  5. Overrasker meg at èn gangs vask med Omo ville ødelegge ulltøyet. Men nå er både du og vi blitt litt klokere! Godt at du deler slike kjedelige erfaringer...
    Ekstra kjedelig for deg som fikk ødelagt ulltøyet til minstejenten!

    SvarSlett
    Svar
    1. Må understreka at det ikkje bare var ein vanleg runde i maskina med Omo, dei låg i bløyt over natta.

      Slett
  6. Ergerlig med hol! Men du har nokre interessante betraktningar... Svigerfar fortalte med for ikkje lenge sidan at han hadde sett eit forbrukarprogram på tv der dei konkluderte med at Milo slett ikkje var åleine om å vere "bra for ulla mi". Det er bare det at dei er så å sei einerådande på markedet. Håpar du greier å bøte litt på miseren... God helg!

    SvarSlett
  7. Einig! Ulltøyet blir tørt og porøst med Milo er mi erfaring. Skit set seg lettare fast tøyet. Nøstebarn har ein god ullvask. Aclima har ein god ullshampoo. (Aclima ulltøyprodusent, har eigen ullvask). Den naturlege lanolinen i ulla blir ikkje vaska ut.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten