tirsdag 29. april 2014

Bakemester Harepus

Det har blitt lite strikking i helga. I staden har det vore grilling, terrasseliv og litt kakebaking til konfirmasjon. Den kakebakinga gjekk jo så som så...
Laga Margits ostekaka, og den har eg laga så mange gonger at eg var sikker på å få den fin.

Og kaka såg fin ut den, med speilblank bjørnebærgele på toppen, når eg la meg lørdag kveld. La folie over forma slik at den ikkje skulle tørka. Det var ikkje nåke sjakktrekk. Hadde lyst å grina når eg stod opp søndag og skulle setja kaka på fat. Folien hadde klistra seg nedi geleen og laga heller skjemmande merker i overflata. Men kaka måtte jo avgårde, hadde jo lova.. Dryssa over litt melis, og sjølv om det ikkje vart fint så gjorde det i alle fall heile gelelokket jamt ujamt:)
Heldigvis så smakte kaka godt, det er det viktigaste. Vil du testa ut sjølv kjem oppskrifta her:

Enkel måte å knusa kjeks på.

* 1 pk Bixit kjeks
* 100 g smelta smør

Knus kjeksa og rør inn det smelta smøret. Press så blandingen utover botnen i ei form, sett kaldt.

* 1 bx kremfløyte
* 100 g melis

Pisk dette til krem.

* 1 beger lettrømme
* 2 beger naturell smøreost
* 1 ts vaniljesukker
* 1 pk sitrongele rørt ut i 2 dl kokande vatn. Avkjøl før det røres inn.


Rør alt inn i kremen og hell over kjeksbotnen. Sett i kjøleskap. Når det har stivna, hell over 1 pk gele rørt ut i 4 dl kokande vatn. Avkjøl litt før du heller det over, og sett i kjøleskap igjen.
Så må bare gelelokket stivna, så er kaka klar. Anbefale ikkje å legga folie over.


Bladde gjennom ein del av oppskriftene i dei gamle bladene eg fekk av naboen til mamma og pappa, og sjekk desse fine her. Så stilig måte å bruka gamle redskaper på!
Nå må eg seriøst kasta meg over strikketøyet. Laaangt igjen på mariusen, og eg trur kanskje naboen snart tenke at den burde vore klar.


4 kommentarer:

  1. Kjedeleg når bakinga ikkje blir som tenkt. Synest det ofte skjer når det er noko ekstra.

    Likte godt dei små biletvevane du viser. Nydelig gjennbruk.

    SvarSlett
  2. Kaka blei fin den med pyntetrekket! Synd eg ikkje rakk å smaka, sundagen,- men, har fått smakt før og du har ei god oppskrift her! Stilig å veve på rekved og redskaper. God strikkeveke!

    SvarSlett
  3. Den oppskriften fristet Jane, denne skal prøves :) uff ja, typisk når det er en spes anledning at det skjer noe - men helt sikkert go` :) strikking ja - her går det i opprekk, strikk, opprekk, strikk, og nå ser det jaggu meg ut til at jeg rekker opp igjen! Lite effektivt da - men, noen dager skal vel være slik. Ha en fin dag Jane, og ei riktig god helg når du kommer dit hen

    SvarSlett
  4. Glemte nevne de flotte bildene, vevbildene, de var skjønne :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten