torsdag 10. april 2014

Stutt rundpinne

Eg måtte rett og slett starta på eine armen til Mariusgenseren. Det var litt demotiverande at det ikkje vaks fortare på bolen enn det gjorde. Syns eg strikka og strikka og strikka eg, men er ikkje lenger enn halvvegs før mønsterstart.


Armen derimot, den veks litt fortare. Vrangborden strikka eg med fem pinnar, men så måtte eg prøva den korte rundpinnen eg kjøpte for ei tid tilbake. Vil ikkje ha noko skilje der eg byttar pinnar, og på glattstrikk kan det fort visa om ein brukar strømpepinnar. Det kan jo ikkje pirke-petra ha noko av!


 Har sett at det er ulike erfaringar med så kort rundpinne, men eg ville nå gi det ein sjanse. Og 30 cm (eller 28,5 cm for å vera eksakt) er ikkje mykje å sno fingrane rundt. Dei første omgangane sleit eg verkeleg, men så begynte eg finna ein teknikk som funka. Glad det er snakk om pinne 3,5 for eg trur eg hadde slitt med å få det jamt på f.eks pinne 2,5!


Eg konkluderar med, at det tross litt bal, gir eit betre resultat enn å strikka på strømpepinnar.

2 kommentarer:

  1. Det er en vanesak med så små pinner men kommer seg med trening. Du skifter vel til en større når du får flere masker. Enig i at på armer blir det penere med rundpinne.

    SvarSlett
  2. Så enig, det er nok en vanesak, går fort over til rundpinne jeg også, når det er mange nok masker :) pent du strikker Jane :) ønsker deg ei riktig god helg!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten