lørdag 12. april 2014

Huefin

Eldstejenta har, endeleg, fått seg ei ny hua. Nå i overgangen til vår, så kan det vera greit med noko til å varma øyrene på kalde morgonar, som likevel ikkje blir for varmt når sola er framme midt på dagen.


Ei enkel, glatt lue som lett fekk plass under sykkelhjelmen var ønsket, og eg brukte ei oppskrift frå Familien (2/14).


Garnet var noko asiatisk, blanding av merino og silke, som eg kjøpte på nett for eit par år sidan. Eg kan dessverre ikkje sei så mykje meir om det, sidan eg er så dårleg på sånne kinesiske skriftteikn. Men, det var overraskande hardt å strikka med, virka nesten som bomull.

Bildet er lovleg lånt av Zirkona

Sidan det er rullekant nederst på hua, så burde eg jo vaska og blokka den. Vi fekk sjå ein genial måte til dette i vinter, ved bruk av ein bukse/klypehengar. Eg hadde dessverre ikkje ein sånn, og hua vart teken i bruk alt før den hadde vore innom vaskemaskinen. Men tanken om korleis eg burde ha gjort det var der, det telle vel litt?

1 kommentar:

  1. Veldig flott hue! Kjekt med garn som er farga slik. Ein veit liksom ikkje heilt korleis det ferdige resultatet blir. Eg har faktisk det nummeret av Familien. Kanskje eg skulle gi meg i kast med den oppskrifta.
    God påske til deg og dine!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten