tirsdag 29. oktober 2013

Bækk in bissniss

Det har vore skikkelig labert på både strikkefronten og bloggefronten. Eg har rett og slett lege strak ut i ei veka, heilt utslått av nye medisiner. Nå har eg kutta dei ut, og nå vende både strikkelyst og humør tilbake.


Kanskje det blir noko meir enn berre opprekking dei neste dagane? For eg må jo berre innrømma at det etter sist blogg faktisk blei to rundar til med opprekking. Sjølv om eg visstnok påstod at fjerde forsøk var siste gang...


Meeen, eg måtte jo bare prøva å sjå om eg kunne få det bedre ved å testa ut nokon av tipsa eg fekk på bloggen. Så på femte forsøk testa eg kossen fargeskifta blei med fira masker meir. Lika markerte fargefelt då. Så måtte eg prøva å strikka stramare, men neida, eg ende med same resultat. Så nå sitte eg her, på sjuende forsøket, og bolen har fortsatt lika markerte fargefelt. Får jo bare håpa at nokon likar det. Eg må uansett bare få den genseren ferdig og ut av systemet, eller så komme eg aldri til å komma meg vidare til neste prosjekt.

Den lokale garnbutikken har hatt opprydningssalg og eg har snopt meg masse mønsterhefter til kun ein tier..


Og sjølv om eg ikkje er den ivrigaste på brodering så kjøpte eg nokon babysmekker til å brodera på, samt ein broderipakke til eldstejenta. Så langt har ho ikkje akkurat kasta seg over den, men får ho plutselig ånden over seg, så skal det ikkje mangla på prosjekter i alle fall.



For dei som svinsar forbi Rosendal så er det bare å ta seg ein tur oppom Porselensbuo på Bjørke. Garn på tilbud, stoff til 50 kroner meteren, halv pris på alle broderipakkar og masse mønsterhefter til ein tier. Vil tippa det er vanskeleg å gå tomhendt ut.


Sjølv trur eg kanskje at eg må legga inn ei aldri så lita bestilling hos www.strikkenett.no - det nye merino/ullgarnet til Garnstudio trur eg må prøvast.  Nokon som alt har hatt det på pinnane?



fredag 25. oktober 2013

Rykk tilbake til start...igjen!!

Snakk om å ha kjørt seg inn i ei blindgata her da. Eg har strikka litt dei siste dagane, men eg har rekt opp igjen lika mykje, så her er det lite nytt å visa til gitt. Som eg skreiv i sist blogg så måtte eg rekka opp genserbolen fordi den rulla seg. Starta på nytt, denne gong med tre riller nederst, og tenkte at nå var det bare å dura i veg. Og det kunne det jo sikkert ha vore...


Men, med multifarga garn så kan ein ikkje alltid forutsjå kossen mønsteret blir, og nå fekk eg plutselig store felter med samme farge. Ikkje den flotte melerte "looken" som gjorde at eg bare elska utsjånaden på den første bolen. Pirke-Jane rekte derfor opp, og starta på nytt. Denne gong på ein litt anna stad på garnet. Etter fem-seks centimeter ser eg jo at akkurat det samme skjer igjen... Eg prøve derfor å bryta tråden, begynne litt lenger uti garnet, i et håp om at dei fine korte fargeøvegangane skal komma igjen. Men NEI, det blir sånne store felter nå også.

Så eg rekke opp for fjerde gong. Starte på nytt, og nå får det bare bli som det blir. Eller så kjem eg til å slita ut garnet på opprekking. Men skikkelig frustrerande at det ikkje skal bli likt som første gongen, utidige fargeskift!


Ein liten fristelse måtte forresten vera med frå butikken her om dagen. Eg kjøpe jo bare vekeblad dersom det er strikking i dei, og desse friske fargeklattane her kunne eg ikkje motstå. Kanskje ikkje lika imponert når eg begynte studera oppskriftene, men heilt greie grunnmønster.


onsdag 23. oktober 2013

Håplaust pirkete

I dag trur eg jammen at strikkerådgjevaren min, Linda, var ein smule oppgitt over meg. Eg tok turen ut til ho fordi eg trengte litt eksperthjelp til det siste strikkeprosjektet mitt, Rullegenser frå  boka Strikk Til Nøstebarn.


På denne genseren så skal det ikkje strikkast vrangbord, den skal som navnet tilseier, rulla seg i kanten. Problemet var bare at min rulla seg veldig mykje, og navlekort genser til baby er ikkje særleg stilig. Siden Linda pleier var veldig flink på å juksa ting til og finna kreative løysingar, så tenkte eg at det var rette staden å gå, slik at eg slapp å rekka opp heile bolen.


Me prøvde, eller rettare sagt Linda prøvde, fleire ting. Både å hekla ein kant nederst, plukka opp masker for så å fella av, og til sist skulle me prøva å plukka opp masker og strikka riller nederst. Men denne pirkete frøknå blei jo ikkje fornøyd. Når eg skulle prøva å strikka rillene så blei ikkje opplukkinga av masker heilt perfekt i starten/slutten av omgangen, og det var så passa markant at det ikkje kunne skjulast med eit par sting heller. Så kva gjer perfeksjonisten? Joda, ho rekker opp heile bolen, mens stakkars Linda sitte måpande igjen. Det var kanskje litt drastisk, men eg vil gjerne ha et plagg eg er fornøyd med når eg brukar et så nydelig garn som Baby Silk frå DSA.


Så resultatet på slutten av dagen var då ein påbegynt arm og ein opprekt genserbol. Rykk tilbake til start med andre ord.
Eg såg tidlegare i veka at eg ville få for lite garn med dei to nøstene eg kjøpte på første besøk i Vetlaløo, så eg måtte ein liten tur til Husnes. Eit einsleg nøste i rette fargen var alt dei hadde igjen, og sjølv om det ikkje er samme fargeparti ser det veldig likt ut i fargen. Eg har jo uansett ikkje noko valg siden sjansen for å finna eit nøste i same parti er ganske liten.  Me kjøre på, og håpar at det går bedre på andre forsøk!



Bladhyllene bugnar av strikkefristelsar for tida. Eg klarar gå forbi nokon, men eit par "sprekkar" må eg tillata meg. Bladet frå Allers var heilt ok, fin blanding av småplagg og større ting. Synes spesielt den tøffe hettegenseren som det var oppskrift på til både mor, far og barn, var fin.


Ganske overraska då KK hadde eit stort strikkebilag i siste bladet sitt, men det var veld verdt kjøpet. Mange kjekke og ganske fancy oppskrifter, mellom anna frå Pickles.

mandag 21. oktober 2013

Haustleg fotoshoot

Endeleg så har eg fått teke bilder av den nye jakka i Rowan Summerspun. Jakka, med tilhøyrande turbanlua, har jo vore ferdig i ein liten evighet. Men eg har ikkje fått somla meg ut for å ta bilder av jakken i bruk. Det hjalp jo heller ikkje at minstejenta klarte mista kamera mitt i golvet sist helg, med linsa ute, sånn at eg blei kameralaus i fleire døgn! Godt at komplett.no kan levera nye tekniske duppedittar ganske kjapt!


I går var været perfekt for å ta bilder, og jenta sånn tåleg samarbeidsvillig når det kom til å stå i ro mens mammaen fekk ta knipsa. Alt i alt ganske fornøyd, både med jakken og jenta:)

 


Strikkelysten kjem snikande tilbake også, det lovar godt! Snart klar for nye, spennande prosjekt!
Enn så lenge så tar eg meg ein kikk innom denne nyoppdaga garnbutikken her!

lørdag 19. oktober 2013

Hjertesmerte

Dette har vore ei veka med tilnærma null strikking. Strikkelysten har vore laber, det samme har formen, og eg har nytta tida mi i lag med jentene mine i staden for strikketøyet.


Har brukt dei siste dagane på å prøva samla i hop sjela mi etter å ha lest om Ylva. Heldigvis ser eg at mange, mange andre blir sterkt grepen av historien hennas, og engasjere seg. Og då blir eg ikkje fullt så bekymra ka så feile meg siden akkurat denne jenta skulle prega meg så sterkt.
Nokon har til og med laga ein sang til Ylva - hjerteknusande vakkert... (*sukk* prøve å samla meg her)

Etter eit lite formiddagsbesøk hos Linda i går, så følte eg litt av strikkelysten komma snikande igjen. Det har blitt eit par rundar på nokre raggsokkar, men det er ikkje akkurat som tinga flyg frå pinnane her i huset om dagen. Men, kjenne at eg nesten har klart å lima meg samen igjen, så då lovar eg iherdig strikking i dagane framover.


Oppdaga forresten i dag at endå ei bok av Debbie Bliss er oversatt til norsk. Strikkede Gaver ser jo ganske spennande ut, kanskje neste tilskudd til mønsterbiblioteket?

onsdag 16. oktober 2013

Ein blogg for Ylva

Som regel så er det kun garn og strikking som får spalteplass hos meg, men i dag skal eg ta eit realt sidespor. Fordi eg må. Denne bloggen er til tapre Ylva.

Det heile starta ein klar oktoberdag, på mandag for å vera meir nøyaktig. Eg kikka innom facebook etter frokost, og på den evigrullande nyhetsstraumen på høgre side så ser eg at ei bekjent har kommentert på ein status med eit hjerte. Vanligvis så synes eg dette hjertestyret er litt sukkersøtt, så eg kan ikkje forklara koffer eg faktisk går inn på statusen der ho har kommentert. Men eg klikkar meg inn, og kjem til profilen til Magne Helander. Og med det kjem eg aldri til å bli den same igjen.

Eg er vanlegvis ikkje så lettrørt, og eg er garantert hverken den mest sympatiske eller empatiske personen her i verden. Eg synes sånne propagandafilmar av sultande og sjuke barn frå Afrika i forbindelse med ulike innsamlingsaksjonar er ganske irriterande, og eg må vel ærleg innrømma at eg slett ikkje kunne jobba i barnehage for det stemmer ikkje at alle barn er bedårande.

Men så går eg inn og les om tapre Ylva. Hjertet mitt går i tusen knas og eg sitte her og hulke for meg sjøl. Eg scrolle meg nedover profilen til Magne Helander, som er pappaen til Ylva, og eg har store problemer med å faktisk klara sjå skjermen gjennom alle tårene. Livet er så fryktelig brutalt og urettferdig. Eg som egentlig har syntes synd på meg sjøl fordi me liksom har fått vår dose av "uflaks" dei siste tre åra, etter at eg blei sjuk og Madel som fekk armen ødelagt. Men etter å ha lest om Ylva er alt satt i perspektiv.

Eg klare nesten ikkje snakka om det eg har lest seinare på dagen, eg begynne bare å grina. Inni meg føles det som om nåken har røska sjelå mi laus med piggtråd, og sjølv om det nesten er sjølvpining er eg bare nødt å gå inn for å følga Ylva også på tysdagen. Oppdateringane er ærlege, rett fram og pyntar ikkje på sannheten. Alt hadde vore så mykje lettare om barnet som blei omtalt og vist på bildene ikkje var så nydelig. Men Ylva er ei vakker jenta, som minnar meg om mine døtre, og dermed blir hjertet mitt fullstendig pulverisert. Tårene renne og renne, og eg lure faktisk på om eg må kjøra og henta Madel i barnehagen for akkurat nå kjennes det forferdelig at ho ikkje sitte på fanget mitt.

Eg håpa at alle dåke som er på facebook går inn og lese om Ylva, me trenge alle å få satt ting i perspektiv av og til. Er du ikkje på fb kan du lesa litt her.


Helander har også oppretta ei gruppe for å gjera kvardagen bedre for barn på sjukehus, og eg oppfordre alle til å gå inn og støtta. Eg satte over penger enkelt og greit via PayPalkontoen min, og sjølv om det ikkje var mange hundrelappane, så tenke eg at det i alle fall er bedre enn ingenting. Me har ingen garantier for kven som plutselig sitte ved sengekanten og har et sjukt barn.

Så sende eg ein tanke til Ylva, som kjempe så tappert. Og ein stor takk til Magne som med sin historie gir meg perspektiv og gjer meg til en bedre mamma!


søndag 13. oktober 2013

Haustleg garnutflukt

Denne veka har me hatt haustferie, og kva passa vel då bedre enn ein liten utflukt til Odda som avslutning på veka. Ikkje mindre enn tre generasjonar var representert då vi seks jentene pakka oss i bilane og sette kursen for Vetlaløo.


Det var nemlig fleire som hadde lyst å besøka denne sjarmerande garnbutikken etter at eg og Lene hadde oss ein tur tidlegare i haust. Den garnturen kan du lesa om HER!


Vi storkoste oss med te, kaffi og lefser, og hadde sjølvsagt teke med oss strikketøy. Både genser, skjerf, vottar og sokkar var på pinnane rundt bordet, og det er utruleg triveleg å kunna sitta sånn med fyr på peisen og omkransa av garn.



Heilt klart at vi må tilbake her på strikkekafe ein gong! (På butikken si facebookside kan du følga med på opningstider og planlagde strikkekafear utover hausten).


Men det vart jo litt handling også. Sist eg var innom stod eg lenge og holdt på Fin frå Du Store Alpakka. Dei er så utruleg mjuke og har ein fantastisk glans. Eg er i utgangspunktet ikkje så glad i alpakka, men når det er blanda med silke så loar det mindre og då kan det gå an. Og fargane er jo fantastiske, hverken meir eller mindre...


Og trass i min motstand mot alpakka, så var det bare alpakka som vart med heim denne gongen. Victoria fann nemlig noko mørk turkis Mirasol i tilbudskorga som ho syntes var sååååå fin. Sju nøster må jo halda til ein tunika eller jakke til frøkna. Fargen kjem slett ikkje fram på bildet, dei er ikkje blå, men mørk, mørk turkis.


Eg måtte snoka litt i knappeavdelinga også, og fann dei stiligaste porselensknappane med verktøy på. Fasongen gjer nok at dei truleg ikkje er dei beste å knappa, men som dekor på eit gutteplagg er dei midt i blinken.
Måtte også ha med dei to skimrande hjertene, eine og aleine for fargen sin del.


Etter ein liten varetelling på pinnane mine torsdag kveld, fann eg ut at eg bare hadde ein liten rundpinne i 3mm. Det er sjølvsagt alt for lite. Heldigvis var det lett å gjera noko med.


Før vi visste ordet av det var det gått to timar, og vi fann ut at resten av Odda også måtte få merka at vi var i "byen". Neste tur til Vetlaløo må nok bli på ein strikkekafe, og bur du i nærheten og har lyst å vera med, er det bare å gi beskjed.

fredag 11. oktober 2013

Jakten på det rette prosjekt

Det var ein gong, for lenge, lenge sidan at det kom eit rosa nøste i posten. Faktisk så var det ikkje eit nøste, men ein hespe.....
Ja, det er plutselig blitt ganske lenge sidan, over eit år, at nettbutikken Tibialia gav bort smaksprøvar på garnet sitt. Vi var fleire som fekk garn, mot at vi skulle blogga det ferdigstrikka resultatet.


Men så langt har det ikkje blitt nokon blogg frå mi side. Nøstet ligg framleis ganske så urørt i korga si. Og årsaken er rett og slett at eg ikkje har funne det perfekte prosjekt til 100 gram med knall rosa tråd. Det fins ganske mange fine rosanyansar, men denne er ikkje ein av dei.

Kriteriet for å vera den perfekte oppskrift er også ganske mange. Det må ikkje gå med meir enn 100 gram garn, og eg vil heller ikkje sitta igjen med for mykje restar. Og så må det jo vera noko som med verdighet kan kle å vera knall rosa.
Enn så lenge fortsette eg jakten, men eg kjenne litt på at klokka tikke på dette prosjektet.
Og for dei som vil sjekka ut nettbutikken så har dei ganske mykje fint garn frå Lornas Lace.


Eg har også fått ferdig et par med babybooties i alpakka. Eg ende som regel opp med enten sånne, klutar eller raggsokkar når eg ikkje heilt klare bestemma meg for kva anna eg skal strikka. Og så angre eg alltid når eg er halvvegs, for då har eg komt over andre ting som eg mykje heller vil strikka.
Men no er desse ferdige, til og med festa trådar og fått seg ein runde i milovatn.


torsdag 10. oktober 2013

Endeleg haust

Eg har venta, og venta, og venta og venta litt til, og nå kan eg endeleg sei at den er her! HAUSTEN!!
For sommaren har vore lang, veldig lang, og varm. Litt for varm for min del.

Det har vore mykje terrasseliv, og det blei hakket meir fristande å tilbringa tid ute den dagen mannen kom heim med denne her!


Fleire strikkande besøk har det også vore, sjølv om eg slit litt med å strikka i solsteiken. Denne dama her  har derimot ingen problemer med kombinasjonen 30 varmegrader og ullgarn!


Men, eg synes nå at hausten har mange fleir positive kvalitetar enn det sommaren kan skilta med
F.eks så kan eg nå fyra i ovnen...


... og kosa meg med ein kopp te mens regnet piske på rutene og vinden ule rundt hushjørna.


Og så kan ein jo nå begynna gle seg til jul, julenerdete som eg er. Eit kjapt overslag seie meg at det kun er 75 dagar igjen til Nissen kjem.
Det verste er jo at det fins fleire likesinna, som alt har både begynt å tenka på julepresangar, julepynt og julebakst. Det fekk eg bevist når eg alt for ei stund si fekk årets første julegave i posten. Til og med julekort var det med, (takk Zirkona,) men eg har drøyd det litt med å henga opp den til å ha juleposten i.


På pinnane har eg både ein babygenser og raggsokkar, men eg har jammen klart å gå tom for garn på begge prosjekt! Så i morgo får eg på jakt etter lillamelert Treskogarn og lys Baby Silk. For det er fullstendig uaktuelt å begynna rekka opp igjen!
Ha ein fin haustkveld vidare godtfolk!


onsdag 9. oktober 2013

Grønt er skjønt

Innimellom bygene i dag rakk eg ein kjapp tur ut for å knipsa bilde av stripetunikaen. Denne blei ferdig når eg var på hyttetur på Foreneset, men som eg har nemt før er vegen frå ferdig strikka til fiks ferdig ganske lang her i huset. Ein av grunnane har vore laaaang kø på vaskerommet, og dei siste dagane mangel på oppholdsvær så eg fekk knipsa bilde.


Tunikaen er strikka etter Sandnesgarn si oppskrift på Mariustunika, som eg har brukt fleire gonger før. Og garnet er Sisu. Teknikken med fargebytte som eg blogga om her funka veldig bra, fargeskifta er så og sei usynlege!


Eg prøvde tunikaen på Madel, og ser at det er eit par endringar eg vil prøva gjera på neste modell. Kortare bærestykke og ei anna løysing på armane i alle fall.


Her er det haustferie denne veka, og skule og lekser har ikkje blitt sakna så langt. I går var eg på herleg strikkelunsj hos nabo Lene, (fantastisk god kyllingsuppa) og på kvelden var det ein etterlengta strikkedate med Monica. Monica hadde med ei eska med Mariannedrops til meg, med to nye smakar. Eg er temmelig glad i Mariannedrops, men dei to nye smakane når ikkje originalen opp til leggen. Så då er det kanskje håp for andre her i familien å få smaka nokon før eska er tom:)


tirsdag 8. oktober 2013

Fasjonabel firbeint

I helga har me vore heima i Suldal ein snartur, for å feira bursdagen til pappa.
I tillegg til strikking og bursdagsfeiring rakk me ein tur på Haustmarknad, og jammen traff eg ikkje på ein strikkekjenning frå Hjelmeland. Så artig, verda er jammen ikkje stor. Dessverre vart det ikkje tid til så mykje skravling i folkekaoset, men triveleg var det lell.

Akrylnøstet eg tok med på tur er så og seia oppbrukt. Det vart skjørt i str 2-3 år og et par matchande leggisar. Eg prøvde det på Madel, men vil venta med å ta bilde til eg har fått sydd ein strikk i livet på skjørtet. Trur det både vil gi ein finare fasong, og ikkje minst gjer at det sitte litt bedre.


Men for å ha det litt moro var det ein firbeint som fekk stilla som modell. Bror min har ein sporhund, og mens den var på besøk (uten eigaren), kledde me vofsen opp og tok bilde. *fnis*


Det vart ein fasjonabel kar må eg seia. Så nå må skjørtet også få seg ein runde i vaskemaskinen før det skal fotograferast.


Dagens gladnyhet er at det er lanseringstilbud på det nye garnet til Garnstudio, Cotton Merino. Dette garnet har eg venta på, og eg gler meg til å testa det ut. Med ein tilbudspris på 26 kroner har eg heller ingenting å utsetja på prisen. Får bare håpa at det er lika godt å strikka med som eg inbiller meg!

lørdag 5. oktober 2013

Meter med lykke

*sukk* Eg bare måtte ha desse hespane her. Søren ta sider på Facebook der ein kan selga og kjøpa garn, det er jo så masse lekkert. Eg har igjen latt meg frista av dei nydelige fargane til Mosaic Moon.


Kanskje snart på tide eg prøve å strikka med dette garnet her. Har jo etter kvart nåken meter med månestråler i lageret mitt. Må bare finna det perfekte prosjekt. Garnet er nemlig alt for nydelig til å sløsa vekk på et prosjekt som ikkje yte garnet rettferdighet!


Kan vel konkludera med at sjølv om eg ikkje har handla på den lokale garnsjappa som har salg på alt garn (-25%), ei heller på Merino-Mania hos Strikkenett eller dei stadiga salga hos Webs, så er vel ikkje garnmanien min kurert...

fredag 4. oktober 2013

Akrylmareritt

Det blir ikkje stort verre enn dette. Urk, akryl er verste sort, eg beundrar folk som faktisk klare strikka med dette på jamnå.

Nøstet blei kjøpt i USA, på veg til Las Vegas om eg ikkje hugsar heilt feil, og nå når det er blitt så "in" med alt dette flashgarnet så tenkte eg det kunne passa å henta fram.  Det er 100% akryl, hverken meir eller mindre, og ikkje av den sorten som kan kjennast litt mjuk og god ut ein gong!. I tillegg så er det et lubbent 100 grams nøste, så det er maaange meter med tråd. Det knirkar og knakar på pinnen, og strikkar eg fort kjennes det nesten som om tråden skal ta fyr mellom fingrane mine.


Dette skulle egentlig bli ei hua til Victoria, etter samme turbanmodellen som den eg strikka til Madel. Fargane passar til slalomjakken hennas, og med ei sånn hua vil ho bli lett å finna igjen i slalombakken. Men, eg la opp for mange masker, den blir alt for vid. Siden eg ikkje orke tanken på å rekka opp og strikka meir med dette garnet, så er planen nå at det skal bli et skikkelig knæsj miniskjørt i størrelse 2-3 år. Med svart tights og svart genser kan det jo bli stilig..Eller?


Så må eg visa det litt sjeldne besøket me hadde på terrassen her om kvelden. Gjesten blei faktisk verande heile natta, og ved å spora nummeret på foten såg me at dua høyrte heima i Ølen. Artig.

torsdag 3. oktober 2013

Mann for sin hatt...

..eller tuppe for sin turban? Eg hadde jo ein ganske klar plan om å laga ei matchande hua til Madel sin nye jakke. Og eg ville ha noko litt anna enn den vanlege, trauste topphua.


Valget falt på Pickles sin turban. Den er ganske så snål, og eg var veldig spent på om den ville ta seg ut på ein toåring også. Ser jo smektande søt ut på babyen i oppskrifta...

Eg kan vel ikkje kallast objektiv, men eg synes huå er bedårande. Og det besta av alt, den har ein så sinnsjukt god passform. Sitte godt rundt øyrene og inntil hovudet, og turbanknuten gjer at den ikkje glir ned i augene. Beste huefasongen eg har vore borti!


Eg har faktisk strikka to, rett og slett fordi den første blei litt knapp. Den passa, men det var ikkje meir heller, sjølv om eg strikka i største størrelsen som var 3-4 år.  Så ved neste forsøk la eg opp 14 masker meir, og den satt perfekt! Ganske iskaldt berekna med garnmengden også, trur eg hadde 1,3 meter med tråd igjen.


Modellen min var heller ikkje denne gangen så gira på å posera fint og pynteleg foran kamera.


Nå må eg bare få knappar i jakken så ho kan bruka settet før det blir for kaldt. Så får eg prøva meg på ein fotosession ute slik at fargane i garnet verkeleg kjem til sin rett!


Faktaboks:
Oppskrift - Snerten selekjole med turban frå Pickles
Garn -  Summer Spun frå Rowan
Pinne 3,5