tirsdag 1. oktober 2013

I postkassen

Som regel så ser eg fram til å henta posten kvar dag. Ikkje så rart sidan eg stort sett ventar på garn, mønsterbøker, knappar eller anna strikkesnop.
Men, sist veka så var det liksom ikkje så mykje å gle seg til å gå i den grøne kassen. Rett og slett fordi eg ikkje hadde bestilt noko. Gleda var desto større når det dukka opp strikkeblad!


Altså, det dukka ikkje opp sånn heilt utav det blå, eg har bestilt meg et abonnement. Men eg har jo ikkje kontroll på når neste blad skal komma. Dermed ein gledelig overraskelse. Akkurat dette var det ikkje så mange fristande modellar i, men med mange spennande annonser.


Den eine annonsa bekymrar meg ærleg talt litt. Skal virkelig dette syntetiske fuskepelsgarnet få ei ny storhetstid? Dei fleste har vel fått med seg at Europris også har fått pelsgarn i neonfargar. Ka i all verden skal ein bruka det til? Neongrøn fuskepelsgenser? Huskar når Orkide frå Gjestal kom på slutten av 90-talet. Strikka både jakke og sofapledd på bestilling, og det var verkeleg "in".


På strikkefronten har det blitt litt "rydding" i strikkekorga. Eit par ting ligg klar for vask og fotografering, og nytt par med babybooties er på pinnane. Dei lyse babybootsa mangla liksom noko, så dei fekk seg lyseblå silkeband


Jakken til Madel mangle nå bare knappar, men med mi syvegring kan det jo ta si tid. Kanskje nokon har litt strukturert syinitiativ dei kan senda over?

1 kommentar:

  1. Hei Jane :) så mye fint på siden din. Ja, jeg også husker dette fuskepelsgarnet, og ja, hva bruker man det til? Vel, kanskje små jenter er litt glad i disse, pynter jo opp noe veldig på luekanter, vottekanter, etc. Kan jo strikk ei remse, sett på blanke trykk-knapper for da kan du jo ta det av om du blir lei av det også :) Så fin disse labbene du lager Jane, kjempesøte :) en koselig blogg, som vanlig :) ha en fin dag i Uskedalen

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten