tirsdag 8. oktober 2013

Fasjonabel firbeint

I helga har me vore heima i Suldal ein snartur, for å feira bursdagen til pappa.
I tillegg til strikking og bursdagsfeiring rakk me ein tur på Haustmarknad, og jammen traff eg ikkje på ein strikkekjenning frå Hjelmeland. Så artig, verda er jammen ikkje stor. Dessverre vart det ikkje tid til så mykje skravling i folkekaoset, men triveleg var det lell.

Akrylnøstet eg tok med på tur er så og seia oppbrukt. Det vart skjørt i str 2-3 år og et par matchande leggisar. Eg prøvde det på Madel, men vil venta med å ta bilde til eg har fått sydd ein strikk i livet på skjørtet. Trur det både vil gi ein finare fasong, og ikkje minst gjer at det sitte litt bedre.


Men for å ha det litt moro var det ein firbeint som fekk stilla som modell. Bror min har ein sporhund, og mens den var på besøk (uten eigaren), kledde me vofsen opp og tok bilde. *fnis*


Det vart ein fasjonabel kar må eg seia. Så nå må skjørtet også få seg ein runde i vaskemaskinen før det skal fotograferast.


Dagens gladnyhet er at det er lanseringstilbud på det nye garnet til Garnstudio, Cotton Merino. Dette garnet har eg venta på, og eg gler meg til å testa det ut. Med ein tilbudspris på 26 kroner har eg heller ingenting å utsetja på prisen. Får bare håpa at det er lika godt å strikka med som eg inbiller meg!

2 kommentarer:

  1. Ein skjønnas i siste skrik på motebildet! Eg og glede meg til å prøva detta garnet! Sprikke nok i utstrikkings-kampanjen min!

    SvarSlett
  2. Takk for tips, spørs om det ikkje hamnar nokre nøster her og ;)
    Tolmodig og fin modell, han blei skikkeleg kul ;)
    Skoi å treffa på deg, hadde ikkje venta det der ;) Blei bare litt kort, får ta det igjen neste gang.

    SvarSlett