onsdag 23. oktober 2013

Håplaust pirkete

I dag trur eg jammen at strikkerådgjevaren min, Linda, var ein smule oppgitt over meg. Eg tok turen ut til ho fordi eg trengte litt eksperthjelp til det siste strikkeprosjektet mitt, Rullegenser frå  boka Strikk Til Nøstebarn.


På denne genseren så skal det ikkje strikkast vrangbord, den skal som navnet tilseier, rulla seg i kanten. Problemet var bare at min rulla seg veldig mykje, og navlekort genser til baby er ikkje særleg stilig. Siden Linda pleier var veldig flink på å juksa ting til og finna kreative løysingar, så tenkte eg at det var rette staden å gå, slik at eg slapp å rekka opp heile bolen.


Me prøvde, eller rettare sagt Linda prøvde, fleire ting. Både å hekla ein kant nederst, plukka opp masker for så å fella av, og til sist skulle me prøva å plukka opp masker og strikka riller nederst. Men denne pirkete frøknå blei jo ikkje fornøyd. Når eg skulle prøva å strikka rillene så blei ikkje opplukkinga av masker heilt perfekt i starten/slutten av omgangen, og det var så passa markant at det ikkje kunne skjulast med eit par sting heller. Så kva gjer perfeksjonisten? Joda, ho rekker opp heile bolen, mens stakkars Linda sitte måpande igjen. Det var kanskje litt drastisk, men eg vil gjerne ha et plagg eg er fornøyd med når eg brukar et så nydelig garn som Baby Silk frå DSA.


Så resultatet på slutten av dagen var då ein påbegynt arm og ein opprekt genserbol. Rykk tilbake til start med andre ord.
Eg såg tidlegare i veka at eg ville få for lite garn med dei to nøstene eg kjøpte på første besøk i Vetlaløo, så eg måtte ein liten tur til Husnes. Eit einsleg nøste i rette fargen var alt dei hadde igjen, og sjølv om det ikkje er samme fargeparti ser det veldig likt ut i fargen. Eg har jo uansett ikkje noko valg siden sjansen for å finna eit nøste i same parti er ganske liten.  Me kjøre på, og håpar at det går bedre på andre forsøk!



Bladhyllene bugnar av strikkefristelsar for tida. Eg klarar gå forbi nokon, men eit par "sprekkar" må eg tillata meg. Bladet frå Allers var heilt ok, fin blanding av småplagg og større ting. Synes spesielt den tøffe hettegenseren som det var oppskrift på til både mor, far og barn, var fin.


Ganske overraska då KK hadde eit stort strikkebilag i siste bladet sitt, men det var veld verdt kjøpet. Mange kjekke og ganske fancy oppskrifter, mellom anna frå Pickles.

2 kommentarer:

  1. Det går fint med meg --- ikkje eg som måtte begynna på ny?! he he Koseleg var det med strikkebesøket!

    SvarSlett
  2. Leit at dere ikke fant noen god løsning, men jeg får si lykke til med neste forsøk.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten