søndag 13. oktober 2013

Haustleg garnutflukt

Denne veka har me hatt haustferie, og kva passa vel då bedre enn ein liten utflukt til Odda som avslutning på veka. Ikkje mindre enn tre generasjonar var representert då vi seks jentene pakka oss i bilane og sette kursen for Vetlaløo.


Det var nemlig fleire som hadde lyst å besøka denne sjarmerande garnbutikken etter at eg og Lene hadde oss ein tur tidlegare i haust. Den garnturen kan du lesa om HER!


Vi storkoste oss med te, kaffi og lefser, og hadde sjølvsagt teke med oss strikketøy. Både genser, skjerf, vottar og sokkar var på pinnane rundt bordet, og det er utruleg triveleg å kunna sitta sånn med fyr på peisen og omkransa av garn.



Heilt klart at vi må tilbake her på strikkekafe ein gong! (På butikken si facebookside kan du følga med på opningstider og planlagde strikkekafear utover hausten).


Men det vart jo litt handling også. Sist eg var innom stod eg lenge og holdt på Fin frå Du Store Alpakka. Dei er så utruleg mjuke og har ein fantastisk glans. Eg er i utgangspunktet ikkje så glad i alpakka, men når det er blanda med silke så loar det mindre og då kan det gå an. Og fargane er jo fantastiske, hverken meir eller mindre...


Og trass i min motstand mot alpakka, så var det bare alpakka som vart med heim denne gongen. Victoria fann nemlig noko mørk turkis Mirasol i tilbudskorga som ho syntes var sååååå fin. Sju nøster må jo halda til ein tunika eller jakke til frøkna. Fargen kjem slett ikkje fram på bildet, dei er ikkje blå, men mørk, mørk turkis.


Eg måtte snoka litt i knappeavdelinga også, og fann dei stiligaste porselensknappane med verktøy på. Fasongen gjer nok at dei truleg ikkje er dei beste å knappa, men som dekor på eit gutteplagg er dei midt i blinken.
Måtte også ha med dei to skimrande hjertene, eine og aleine for fargen sin del.


Etter ein liten varetelling på pinnane mine torsdag kveld, fann eg ut at eg bare hadde ein liten rundpinne i 3mm. Det er sjølvsagt alt for lite. Heldigvis var det lett å gjera noko med.


Før vi visste ordet av det var det gått to timar, og vi fann ut at resten av Odda også måtte få merka at vi var i "byen". Neste tur til Vetlaløo må nok bli på ein strikkekafe, og bur du i nærheten og har lyst å vera med, er det bare å gi beskjed.

2 kommentarer:

  1. Jeg har veldig lyst å være med, ja!!! Håper jeg kan få det til å passe med en tur innover!
    STILIGE knapper du kjøpte, og lekkert garn :)

    SvarSlett
  2. Spennande å lesa om turen, hadde eg budd nærare hadde eg garantert vorte med!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten