fredag 25. oktober 2013

Rykk tilbake til start...igjen!!

Snakk om å ha kjørt seg inn i ei blindgata her da. Eg har strikka litt dei siste dagane, men eg har rekt opp igjen lika mykje, så her er det lite nytt å visa til gitt. Som eg skreiv i sist blogg så måtte eg rekka opp genserbolen fordi den rulla seg. Starta på nytt, denne gong med tre riller nederst, og tenkte at nå var det bare å dura i veg. Og det kunne det jo sikkert ha vore...


Men, med multifarga garn så kan ein ikkje alltid forutsjå kossen mønsteret blir, og nå fekk eg plutselig store felter med samme farge. Ikkje den flotte melerte "looken" som gjorde at eg bare elska utsjånaden på den første bolen. Pirke-Jane rekte derfor opp, og starta på nytt. Denne gong på ein litt anna stad på garnet. Etter fem-seks centimeter ser eg jo at akkurat det samme skjer igjen... Eg prøve derfor å bryta tråden, begynne litt lenger uti garnet, i et håp om at dei fine korte fargeøvegangane skal komma igjen. Men NEI, det blir sånne store felter nå også.

Så eg rekke opp for fjerde gong. Starte på nytt, og nå får det bare bli som det blir. Eller så kjem eg til å slita ut garnet på opprekking. Men skikkelig frustrerande at det ikkje skal bli likt som første gongen, utidige fargeskift!


Ein liten fristelse måtte forresten vera med frå butikken her om dagen. Eg kjøpe jo bare vekeblad dersom det er strikking i dei, og desse friske fargeklattane her kunne eg ikkje motstå. Kanskje ikkje lika imponert når eg begynte studera oppskriftene, men heilt greie grunnmønster.


4 kommentarer:

  1. Du har nok strikka enten litt stramere eller litt lausere enn første gang.
    Eg fant ut det med eit sokkegarn, Då eg fortsatte på sokken dagen etter eg hadde starta, var det vanskeleg å få det likt ;)

    SvarSlett
  2. Lykke til, forresten! Kjedeleg når sånt skjer.

    SvarSlett
  3. Strikketisskrift en gang i uke det er veldig bra. Norge er herlig strikke-land.
    Jeg ønsker lykke til med strikketøy din. Ha en herlig helg. Hilsen sender deg
    Viola.

    SvarSlett
  4. Håper du no har funne løysinga, kjedeleg å rykke til bake til start!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten