lørdag 19. oktober 2013

Hjertesmerte

Dette har vore ei veka med tilnærma null strikking. Strikkelysten har vore laber, det samme har formen, og eg har nytta tida mi i lag med jentene mine i staden for strikketøyet.


Har brukt dei siste dagane på å prøva samla i hop sjela mi etter å ha lest om Ylva. Heldigvis ser eg at mange, mange andre blir sterkt grepen av historien hennas, og engasjere seg. Og då blir eg ikkje fullt så bekymra ka så feile meg siden akkurat denne jenta skulle prega meg så sterkt.
Nokon har til og med laga ein sang til Ylva - hjerteknusande vakkert... (*sukk* prøve å samla meg her)

Etter eit lite formiddagsbesøk hos Linda i går, så følte eg litt av strikkelysten komma snikande igjen. Det har blitt eit par rundar på nokre raggsokkar, men det er ikkje akkurat som tinga flyg frå pinnane her i huset om dagen. Men, kjenne at eg nesten har klart å lima meg samen igjen, så då lovar eg iherdig strikking i dagane framover.


Oppdaga forresten i dag at endå ei bok av Debbie Bliss er oversatt til norsk. Strikkede Gaver ser jo ganske spennande ut, kanskje neste tilskudd til mønsterbiblioteket?

2 kommentarer:

  1. Skjønne jenter - dåke alle 3! Vanskelig å finna rette ord ang. smerten i forhold til Ylva. Fina jenta som må igjennom så mykje!

    SvarSlett
  2. Ja, det er smertefullt å lesa om Ylva, ein føler at det er heilt meiningslaust at ei lita jente og familien skal oppleva slikt. Kan godt skjøna du bruker tida i lag med dei herlege jentene dine.

    Strikkelysta kjem nok tilbake skal du sjå, det er jo noko vi held på med av glede og når vi vil. Ønskjer dåke ein fin søndag!

    SvarSlett