tirsdag 29. oktober 2013

Bækk in bissniss

Det har vore skikkelig labert på både strikkefronten og bloggefronten. Eg har rett og slett lege strak ut i ei veka, heilt utslått av nye medisiner. Nå har eg kutta dei ut, og nå vende både strikkelyst og humør tilbake.


Kanskje det blir noko meir enn berre opprekking dei neste dagane? For eg må jo berre innrømma at det etter sist blogg faktisk blei to rundar til med opprekking. Sjølv om eg visstnok påstod at fjerde forsøk var siste gang...


Meeen, eg måtte jo bare prøva å sjå om eg kunne få det bedre ved å testa ut nokon av tipsa eg fekk på bloggen. Så på femte forsøk testa eg kossen fargeskifta blei med fira masker meir. Lika markerte fargefelt då. Så måtte eg prøva å strikka stramare, men neida, eg ende med same resultat. Så nå sitte eg her, på sjuende forsøket, og bolen har fortsatt lika markerte fargefelt. Får jo bare håpa at nokon likar det. Eg må uansett bare få den genseren ferdig og ut av systemet, eller så komme eg aldri til å komma meg vidare til neste prosjekt.

Den lokale garnbutikken har hatt opprydningssalg og eg har snopt meg masse mønsterhefter til kun ein tier..


Og sjølv om eg ikkje er den ivrigaste på brodering så kjøpte eg nokon babysmekker til å brodera på, samt ein broderipakke til eldstejenta. Så langt har ho ikkje akkurat kasta seg over den, men får ho plutselig ånden over seg, så skal det ikkje mangla på prosjekter i alle fall.



For dei som svinsar forbi Rosendal så er det bare å ta seg ein tur oppom Porselensbuo på Bjørke. Garn på tilbud, stoff til 50 kroner meteren, halv pris på alle broderipakkar og masse mønsterhefter til ein tier. Vil tippa det er vanskeleg å gå tomhendt ut.


Sjølv trur eg kanskje at eg må legga inn ei aldri så lita bestilling hos www.strikkenett.no - det nye merino/ullgarnet til Garnstudio trur eg må prøvast.  Nokon som alt har hatt det på pinnane?



1 kommentar:

  1. Godt å lesa at du er påfull fart tilbake! Synd med slike medisinar som ikkje verkar etter hensikta.
    Tenkjer genseren vert flott, men ikkje alltid like lett å omstille seg. Mange flotte hefter, alltid kjekt å ha slike på lur. Dei kan lesast og inspirere til nye prosjekt.
    Skulle gjerne vore ein tur på Porselensbuo på salg, kanskje godt ho ligg så langt unna. Har både garn, stoff og broderi på lager frå før.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten