søndag 28. oktober 2012

Reprise


Ein reprise på Pickles sin Enkel Vest  (http://www.pickles.no/enkel-vest/) måtte det jo bli, og eg anar faktisk ikkje ka nummer i rekka denne er. (8?!?)

Det er kjekt å testa ut nye garntypar på ei og samme oppskrift, og tidlegare har eg prøvd både Eskimo, Highlander og Andes (alle Drops-garn), men denne gongen falt valget på Alfa frå Sandnes. Nokon hugsar kanskje at eg hamstra med meg ein del av denne når eg besøkte garnbutikken på jernbanen i Bergen tidlegare i haust. I ei korg utanfor døra låg det naturkvit Alfa med glittertrådar til ein rimelig penge, og ein del nøster vart invitert med heim til Uskedalen.

Alfa m/glitter - Sandnesgarn


Og for eit nydeleg garn å strikka med. Mitt første møte med Alfa blir garantert ikkje det siste. I alle fall ikkje etter at eg sjekka nettsida til Sandnesgarn og såg fargeutvalget. Bærre lekkert!


Nøstene er nå omdanna til ein vest, med nåken svært passande knappar i tre som eg trur eg vasa meg borti og handla på e-bay..? Eller... Vanskeleg å huska, har jo brått blitt ein del knappar i rekneskapen her og... (Sånn apropo det, så har eg visst bestilt meg et par hundre knappar i dag. Var plutselig tom for passande gutteknappar gitt... Måtte jo ha nåken skal eg få ferdig bootiesane eg har bestilling på?! Håpar denne rodde meg i land..)




Uansett.. Grunnoppskrifta på den enkle vesten til Pickles er vel og bra, men synes kanskje den blir litt trang akkurat rundt ermet/ermeopninga, så eg har dei siste gongene prøvd å fella fleire masker enn det som står under armeopninga, pluss at eg har lagt opp litt fleir masker igjen enn det eg egentleg skal. Synes fasongen held seg bra likevel, og den blir litt meir fleksibel rundt overarmane. Då kan den vara litt lenger, frøknane har litt å veksa i!


torsdag 25. oktober 2012

Det er lov å la seg friste...

Sjølv om det har gått ei stund sidan sist blogg, så har det tikka avgårde på besøksteljaren. Alt passert 9000 besøk, så eg takkar og bukkar for alle som gidd stikka nasen innom og lesa om mine hysterisk mange garnkjøp og strikkeprosjekt.

Og apropo nettopp garnkjøp. Sist veke blei ein skikkeleg prøvelse for min såkalla garnlagerslanking 2012. Men det er ikkje rart at det kan bli ei stri tørn og stå imot når Webs driv og sender meg desse nyhetsbreva sine med tilbud og bare sååå nydelige garnbilder.. Alt det flotte garnet finn du her: http://www.yarn.com/index.cfm

Northfield frå Valley Yarns

Dette fantastiske merinogarnet, som desverre fargemessig ikkje kjem heilt til sin rett på bildet, er noko av det mjukaste eg har sett. Det ser ganske laust ut i tvinnen, så eg er spent på korleis det er å strikka med. Det mørkaste lilla er i ein djup, djup druefarge. USA har så mykje lekkert garn, og et utvalg ein kan sjå langt etter her til lands. Men så synd at det er så dyrt. Anbefale alle med et snev av garngalskap å surfa ein runde i hyllene hos webs...





I tillegg så har eg gjort den genistreken og meldt meg inn på ei fb-side: Kjøp og salg av garn. Snakk om å frista skjebnen. Etter bare et par tastetrykk så stod altså denne pakken og venta på meg.







Og den inneholdt nydelig garn som eg aldri har hørt om før, nydelige og spreke fargar i dei mjukaste merinokvalitetar! Det er lov å la seg friste...












Uimotståelig fargekombinasjon.

Knæsje fargar, men lot meg frista.

Merinoull - ropar jentekjole av dette


Så langt har eg klart å styra unna Alpakka-salget til Drops, men det spørs jo om det vare. Salget skal nemlig holda på ut året... Og det er skrekkelig lenge til... I alle fall i "unngå-garn-forstand".




Men pakken min frå Garnhandleriet kom, og den var jo ikkje ratt liten (nærmare bestemt 1350 g)..  Masse Alaska i fine blå og lillatonar. Aldri strikka ei maska med Alaska, så eg er spent på korleis dette er i forhold til andre tjukkare garnkvalitetar.

Fytti som eg må strikka nå skal eg få lageret mitt under 100 kg til nyttår. Still gjerne opp som heiagjeng..
Så kanskje eg skulle gjera akkurat det nå, strikka....?



lørdag 13. oktober 2012

Grusomme greier

Eg har testa et nytt garn. Bomull/lin frå Drops. Jammen glad eg bare hadde kjøpt ett nøste for detta var grusomme greier. Skikkelig stivt og hardt, nesten som hyssing og så delte tråden seg heile tida.
Strikka ein klut, pinne 5,5 og eit nøste gav ein ganske stor klut.



Eg skal ikkje avskriva an heilt, denna kluten. For viss den er ekstremt god i bruk skal eg heller klara laga eit par til av "hyssingen". Har sendt både bomull/lin-kluten og ein klut i bambus opp til svigermor for testing. Så reknar eg med at ho kjem med ei ærleg tilbakemelding på kva som funke best..




Helga får me vel bruka til å finna nye prosjekt i alpakka, sidan Drops starte sitt salg på alle alpakka-kvalitetane måndag. Er det bare eg som synes det, eller har Garnstudio vore ekstra flittige med salg dette året? Ikkje meg i mot altså, bare det at det begynne bli så himla trangt på gjesterommet nere...

mandag 8. oktober 2012

Ooops, I dit it again...

Det hadde sikkert vore mykje bedre om eg bare hadde kjørt rett heim etter jobb på fredag. I staden så skulle eg ta ein aldri så liten tur opp til Porselensbuo for å kikka på Merinosalget til Drops - eg hadde jo tross alt ikkje kjøpt nåke meriono.... endå. Det fekk eg heldigvis gjort nåke med...




Det blir sagt at første steget er å innrømma at ein har et problem. Her skal det sjølvsagt ikkje innrømmast nokon ting som helst - ikkje anna enn at posane inneholdt 2550 gram med garn. I tillegg til Merino Extra Fine i ein herleg blåfarge, så kjøpte eg Cotton Light til 10 kroner og tre nøster Eskimo som eg hadde planar om å prøva bruka til Pickles sin Enkel Vest. Alt er lagt til i Årsrekneskapet, og eg som nå hadde strikka meg ned mot grensa på 100 kg, må visst henga i skal eg komma under den innan jul..





I tillegg så har eg fått meg ei aldri så lita utfordring frå Kristlaug, damen som drive Porselensbuo. Ho hadde ein rest med sennepsgul og oransj Faerytale som eg har fått, og kva kan eg klara laga av det? Det er for lite til nokon som helst form for Dorte-genser og det er ikkje kledelige fargar til babykler.. Så får me sjå då, om min ullne hjerne kan klara finna på noko lurt.




Og om du likar det eller ikkje, det nærmar seg JUL!!! Eg ELSKAR jul, altså virkelig elskar jul. Eg pyntar 1. desember og lever i ein rus av mandarinsaft og kongerøkelse resten av året. Så når slike blader som dette kjem i butikkane, så kjøper eg dei, kvart og eitt. Sjeldan det er så mykje nytt i dei, men stemniga og kosen er vel verdt pengane.

torsdag 4. oktober 2012

Gamle mønsterhefter

Her om dagen dukka det opp ein overraskande liten pakke i posten. Ein litt tjukk, brun konvolutt låg og venta på meg, og eg kunne jo ikkje skjøna kva det var. Hadde jo ikkje bestilt nåke, ikkje utenom garn i alle fall, og garn var det ikkje. Måtte jo åpna med ein gong eg kom inn, og gleda var stor når det ramla ut ein heil haug med gamle strikkemønster.



 Sånne kjekke bilag som har vore med vekebladene på 80-talet. Måtte flira når eg såg dei rosa mohairgenserane med lysegule og mintgrøne striper, og ikkje minst puffermar og skulderputer. Skal sjå at me alt er på god veg mot ein sånn trend igjen, Skappelgenseren er første steget på vegen:)
Tusen, tusen takk Tone-Lill, for at du tenkte på meg når du rydda!

Bambuskluten som eg ikkje kom i mål med på skikkelig vis blei fullført i dag. Skulle jo hatt kvite striper heile vegen, men dei stoppa brått sånn midt på, så blei resten sandfarga. Klut vart det okkesom.





Ein ny variant av Enkel Vest frå Pickles.no har og sett dagens lys. Denne gongen i Highlander frå Drops (utgått). Sjølv om vesten er i størrelse 4-6 år så veg den ikkje meir enn i underkant av 150 gram, veldig lett og god.
Har lagt den til i eplabutikken min, så nå har det i alle fall komt litt påfyll der.



mandag 1. oktober 2012

Eplabutikken min!

Då har eg endelig fått lagt Epla-butikken min til her inne på bloggen. Bare sjekk i høgre margen kor stilig det ser ut. Både bilder og direkte link til butikken min. Så nå har eg litt press på meg her for å få ting ferdig og lagt ut der, litt tomt i "hyllene" enn så lenge. Men kikk gjerne innom!

Og så har eg oppdaga ein ny, norsk nettbutikk i dag. Litt tilfeldig egentlig, satt å kikka på Garnstudio sine sider  og der kan ein jo få opp på kvar garntype kor ein får beste "dealen". Eg var på jakt etter Alaska :http://www.garnstudio.com/lang/no/weboffers.php?id=41

På den oversikten låg ein butikk som hette Garnhandleriet, som eg aldri har hørt om før. Det måtte sjølvsagt sjekkast ut, og plutselig hadde Jane bestilt seg 27 nøster med garn... (Her tenke eg at me bruke utilregnelig i gjerningsøyeblikket som forsvar)
Nettbutikken har hovedsakelig Dropsgarn, ein del pinnar og knappar, og byr ikkje på så mange godbitar av sjeldne og eksklusive trådbyltar. MEN, på pris er det utan tvil mykje å tjena!
Sjekka ut samme bestillinga på strikkenett.no, som lenge har vore ein favoritt pga gode prisar, men samme nøstene blei nesten 100 kroner dyrare.
Ein fugl kvitra og at lageret er under opparbeiding, så her kan det kanskje dukka opp mykje spennande etter kvart? Vel verdt ein kikk, og butikken finn du her: http://www.garnhandleriet.no/