onsdag 29. mai 2013

Fifty Shades....

* det advares mot sterke bilder i dette innlegget - anbefales ikke for barn*

Eg er skikkelig utav strikkerytmen om dagen, det begynne rett og slett å bli plagsomt. Dei to siste vekene har det blitt minimalt med strikking, og nå begynne det faktisk plaga meg litt. Litt av grunnen er nok at det har vore mykje som har foregått og då finne eg ikkje roen, og så har jo sommaren liksom komt for fullt. Brått og brutalt, det fekk eg erfara på søndag...

Med tomt hus så skulle eg legga meg litt ut på terrassen med ei god bok. Eg skulle ikkje ligga lenge, men tenkte eg skulle starta på dei mykje omtalte bøkene "Fifty Shades of Grey". Sjølv om desse har blitt snakka opp, ned og i mente i alle medier, så har eg endå ikkje lest dei. Lesetørken det siste året er nok mykje av grunnen, men då dei kom på Ark sitt boksalg, så slo eg til.


Eg rigga meg til, heiv på meg ein shorts for anledningen for å slå et slag mot blåkvite leggar, og dukka ned i boka. Plutselig var det gått nesten to timar, boka var med andre ord ganske fengslande, og dei fleste vett ka to timar i steikande sol midt på dagen gjer med vinterbleik hud...


Snakk om å enda som Fifty Shades of Red!! Dette var på søndag, og eg ser nå sånn ut. Dåke kan jo tenka kossen mandag og tirsdag fortona seg. Det var ikkje snakk om å tre på seg nåken strame bukser nei. Ryggen ser ganske lik ut, så eg har følt meg litt skyld i global oppvarming dei siste dagane. Antagelig så burde dette innlegget vore sponsa av ein eller aen solkremreklame...

Posten i går hadde heldigvis litt trøst til meg. I ein blogg kom eg over ei strikkebok, Knit for your kid, som såg veldig fristande ut. Eg har, som sikkert alle har skjønt, ein ganske låg terskel når det gjeld å handla strikkebøker. Googla bokå og fant ut at den hadde dei på Pinnsvindesign, og to dagar ettrpå hadde eg den i postkassen.


Eg blei vel ikkje yr av begeistring når eg bladde gjennom den, men den er grei nok og verdt pengane. Den har gode basismodellar, og fleire monteringslause variantar. Susie Haumann som er damen bak, har eg jo vore borti før, og eg har sans for stilen hennas. Det eg var mest skuffa over var at samtlige modellar faktisk var avbilda på framsida, det var ikkje fleire, og det er kun overdelar.
Terningkast 4.



søndag 26. mai 2013

Knappesalg

Eg har verkeleg vore flink til å belønna meg sjøl i det siste ser eg...  Stadige pakkar i posten vitnar om eit ganske grundig raid i ymse nettbutikkar.

Bare i går kunne eg henta desse to, og dagen før fekk eg ein bokpakke...
Kva desse kjekke pakkane inneheld må du faktisk venta litt med å sjå, det fortener nemlig ein grundig fotoshoot!




Eg har desverre lite nytt å visa til på strikkefronten. Fem rundar på ein genserarm er ikkje særleg å framheva i ein blogg, så då hoppar me heller galant over den biten i dag.
Heile mai har egentleg vore gørrtreg på strikkefronten, kanskje pinnane er blitt vårslappe?


Til gjengjeld har eg i dag gjort noko som bør havna langt oppe på lista over sære ting å gjer.. Eg har støvsugd oppi teskrinet mitt. Sikkert ikkje den vanlegaste aktiviteten å driva med, men det slo meg at det var litt kjappare og meir effektivt enn å stå å dilla med ei filla (ha, det rimte jo) oppi dei små romma! Så nå er det fyllt til randen igjen med aromatiske og velduftande posar som skal leska ganen mens eg strikkar!


Så eit lite tips; Dei fleste som strikkar treng knappar i ny og ne, og denne helga har Perlehuset halv pris på alt i sin nettbutikk. Kanskje verdt eit aldri så lite besøk? Knappar er jo som garn, oppskrifter og andre strikkerelaterte ting - ein får aldri nok...

fredag 24. mai 2013

Ein liten luftetur

I helga fekk eg trua lokka med mannen på ein aldri så liten familieutflukt. Det er ikkje kvart år vi reise på  noko sommarferie samen, og siden det var 4 år siden sist, syntes eg faktisk det var på høg tid. At me då også slapp unna bunadskjortestryking, slips og trange finsko var jo slett ikkje noko ulempe.



Me hadde strålande sol og altforvarmtvær, men siden dei tre dagane her truleg blir sommarferien i år, så må me vel sei oss heldige med ferieværet. Nå vente nåken veker på Haukeland for min del, og så går vel resten av sommaren med til å testa ut nye medisiner. Godt å vita at me då i alle fall har vore på ein liten ferietur.

Hardt med ferie....
Desverre var det svært lite strikking denne helga, av fleire grunnar. For det første, å strikka når gradestokken vise 32 grader, det klare ikkje eg. Eg prøvde å komma litt lenger på prosjekt opprekksgenser mens me kjørte, men når eg et godt stykke oppe på armen såg at den eine tråden hadde lurt seg unna pinnen, og eg ikkje klarte å fiska den fint opp igjen, då gjekk piffen litt utav meg.
Og så var det ungane som skulle få vera i fokus, ikkje mammen sin desperate garnjakt:) Men litt søkande blikk om det var ein butikk som hadde garn, det må eg jo innrømma at det blei.


Eg var innom ein Stoff & Stil, men heldigvis så er eg ikkje hekta på stoff. (Hverken eine eller andre vegen) Det var vegg etter vegg med stoffrullar, men garnavdelinga var heller slunken.
Av alle ting så endte eg opp med et akrylnøste, eg som er hyperallergisk mot akryl.
Men eg trur detta kan bli ei stilig hua som eldstejenta kan bruka i slalombakken til vinteren. Ho vil om ikkje anna visa godt igjen!


Nokre knappar, silkeband og strykemerker fann eg også, men eg må vel innrømma at det er sjelden eg kjem ut frå ein hobbyrelatert butikk med så liten pose!

På heimveg følte eg meg skikkeleg snytt for ein garnopplevelse. Me stoppa for å ta oss litt mat, og der låg denne fine butikken. Sjølv om det var 2. pinsedag så stod det lys på inne i butikken, og et skilt med "Velkommen inn" utanfor døra. Eg var jo sjølvsagt ikkje lenge om å trippa meg bortover mot døra på lette bein, mens forventningane om endeleg å få handla litt garn, steig.




Gjett om skuffelsen var desto større når eg kom fram og døra var stengt. Inne var det ikkje ei sjel å sjå heller. Det var bare å konstatera at garntørsten ikkje blei slukka på denne turen...


tirsdag 21. mai 2013

Pumpkin Road

Til og med før eg har gått laus på salget til Garnstudio har eg klart å dra til husars store mengder garn. Skal ikkje prøva meg på ein unnskyldning ein gong, eg berre konstaterar at eg er ein garnjunkie!

Eg har gjort det før, og kjem sikkert til å gjera det igjen, nemlig å la meg frista på ei av dei mange fb-sidene som driv kjøp/salg av garn. Denne gong var det "Salg og Bytte av garn.." som hadde eit nydeleg garn frå Mosaic Moon.


Eg har også tidlegare kjøpt garn frå Mosaic Moon, og fargane er fantastiske. Denne haustlege buketten har det passande navnet Pumpkin Road, og det må jo bli ein fin haustjakke av desse tre hespane.
Har endå ikkje prøvd å strikka med garnet, enn så lenge har eg vore veldig fornøyd berre med å kvila augene på fargespelet.


Og så har eg jo handla Superwash på salg.... Porselensbuo Gåver & Hobby selge ut dette garnet til bare 15 kroner, og det ville jo vera ei garnsynd å la eit godt tilbud gå frå seg? Eller...?
Eg har lite erfaring med dette garnet, men satsar på at det er eit kvalitetsgarn frå Gjestal. Den lyseblå fargen er i alle fall bedårande, og planane for desse nøstene er ein liten babyjakke.

Koss garnslanking 2013 går...? Ikkje spør...

tirsdag 14. mai 2013

Med hjernen i fatle

Dette skulle vera ein kjekk blogg om kor langt eg var komt på genseren til Victoria, at armane var ferdige og fellinga opp mot halsen kunne starta.
Det kunne det ha vore, om eg ikkje hadde gått med hjernen i fatle.


For i det eg skal setta armane innpå rundpinnen i lag med bolen, så ser det ut som om armane er strikka så mykje tettare. Hmmm, ikkje så rart, siden eg hadde brukt pinne 4 på dei. Bolen hang fint og pynteleg på sin pinne nummer 5...

Ingen annan utveg enn å rekka opp... Fleire dagars strikking blei på kort tid omgjort til ein haug med noko som likna overkokt spagetti.  Så var det påan igjen....


Et lite lyspunkt i dag - kikka innom www.todamer.no og fant ut at her var det ein del godbitar på salg. For det første hadde dei Andes frå Garnstudio til omtrent halv pris - eit nydeleg garn til mange av Pickles sine oppskrifter.
Og så var det nye Alpakka - Silke garnet til Sandnes til introduksjonspris. Og eg kan lova at den prisen var ein ganske anna enn den eg betalte i butikken. Med andre ord - ikkje umulig at eg må ordra eit nøste og 37 derfrå.



søndag 12. mai 2013

Tour de Garn

Fredag gjekk turen til Stord, og Ullkroken skulle inspiserast. Eg klarte jo aldri komma heilt over at eg kom til stengt dør sist, trass mine anstrengelsar og ekstrareising, så ved første anledning blei det planlagt jentetur samen med Monica! (Vil du lesa om min flaue bomtur kan du sjekka HER! )

Var faktisk litt bekymra når vi gjekk av båten, tenk om butikken var stengt i dag også? Med min flaks skulle det ikkje forundra meg om me kom til mørk butikk med lapp på dørå der det stod Stengt Grunna Sjukdom...
Men, butikken var åpen og me toga inn, proppfulle av foventning.


Og dette er ein butikk etter mitt hjerte. Ganske trang, men ryddig, og med vegger stappfulle av garn. Fine utstillingsmodellar, oversiktelig opplina mønsterhefter, og det viktigaste av alt; spennande korger overalt med tilbud og nyheter om kvarandre!!



Eg gjekk ein runde først uten å egentlig finna noko som helst. Men, det var jo så mykje som måtte inspiserast, kjennast og lesast på.



Litt uti andre runden begynte ting å ropa på meg, og både bomullsgarn og det nye silke/alpakkagarnet frå Sandnes havna i posen min.


Smart i ein nydeleg brunfarge klarte også å frista meg, og ein utgåande farge av Duo. Og så hadde dei rundpinne i 30 cm, og sjølv om eg har hørt begge deler om korleis dei er å strikka med, tenkte eg at det var verdt å prøva ut.




Det var veldig godt utvalg av Raumagarn der, men det er slett ikkje nåke for meg. Fine fargar, for all del, men fy så stikkete og kvasst. Spesielt gammelserien var jo heilt forferdelig. Mulig den blir mjukare og bedre etter vask, men eg er alt for glad i mjuke nøster til å ta sjansen.



Eg prøvde å ta ein del bilder inne i butikken, men det var så mange strikkeglade damer som stadig var innom, så det var litt vanskeleg å klara knipsa uten å få dei med på bildet.
Men bedre skussmål enn ein travel butikk kan ein vel ikkje få, og det er slett ikkje rart. Utvalget er bra, butikken er oversiktelig og ein finn lett fram. Samtidig så er det små drypp med uvanlige garnsortar og kuriositeter her og der - og på den måten kan ein gå på oppdagelsesferd både ein og tre rundar før ein føler seg ferdig.
Og betjeningå er bare super! Smilande og blid, og god kunnskap! Her kunne eg spør og grava om ka hefte ulike møsnter stod i, og den søte damen kunne det på rams. Heller ikkje nåke problem å rekna om ei oppskrift til anna garntype! Ekstraservice! Og klok som damen var, så fann ho ut at det kunne lønna seg å finna nåken kjekke bamsar for å underholda dei søte, små barna våre når dei begynte bli utålmodige, mens mammaene fekk handla seg ferdig!  Så, eg kan absolutt anbefala denne butikken til alle strikkeglade, både med og uten barn, som skal innom Leirvik på Stord! Eg skal i alle fall tilbake når visakortet har fått avkjølt seg litt...


Gler meg til å prøva både Helårsgarn og det nye Alpakka Silke! Skårar høgt på mjukhetsskalaen begge to!




torsdag 9. mai 2013

Interiørblogg

Det er jo så i vinden å blogga om interiør, stæsj, dill og dall i heimen. Så då tenke eg at einkvar blogg med respekt for seg sjølv må ha eit snev av interiør i seg.
Og her er min nyinnkjøpte stolthet, som sjølvsagt har fått ein heidersplass i stova..
Ny strikkekorg!


Ja, ka trudde du? At eg skulle komma dinglande med bilde av nåken lysestaker eller snodig arrangerte puter?  Neida, ikkje denne damen nei.

Rart eg lot meg frista av dette bilde i Magasinet til Bokklubben?

Denne fine, praktiske og dekorative saken har eg faktisk kjøpt gjennom bokklubben. Du kan få tak i den her!
I min begeistring reklamerte eg jo litt over funnet til mine strikkande venninner, og dei har jammen pimpa opp heimane sine med ei sånn dei også! Kan det då kallast ein interiørtrend?



Korga fungerer optimalt til mitt husbruk. Den rommar mykje, også A4 oppskrifter og strikkebøker. Ingen problem å ha 3-4 påbegynte strikketøy liggande oppi, og i tillegg er den lett å flytta på med dei snåle håndtaka. Einaste eg kunne savna var eit slags rom/lomme på innsida for å dela litt av.

Og ved å innreda denne fekk eg også tatt ein skikkelig opprydning i pinnar, restenøster, nyinnkjøpt garn og diverse anna som hopar seg opp i strikkekampens hete!


Minstejenta er også med. Ho "drikkar" som ein helt - helst i fart! Faktisk var garn eit av dei første orda ho lærtem det smelta jo hjarta hennar mor!


tirsdag 7. mai 2013

Garn-snobb?

Då var eg ikkje lenger ukjent med Mariusmønster! Mitt første, og sikkert ikkje siste, Mariusmønster er strikka på denne tunikaen.


Eg har brukt Sandnes sitt mønster i boka Norsk Småstrikk, og den er strikka i originalgarnet Sisu. Siden mottakaren er i voksealder deluxe, så strikka eg nokre cm ekstra for at den skal kunna vara ein sesong til. På den måten blir den meir ein kjole i starten, som gradvis kan krypa oppover på lengden etterkvart som jenta veks. Det er litt greit når ein først investerar i eit håndstrikka plagg, at det kan brukast meir enn tre gonger før det er for lite.

Bilde frå bokkilden.no
Eg håpar at "strikkepolitiet" - ikkje arresterer meg på mønsterstrikkinga, men det burde ikkje vera så mykje å gi bot for her. Teknikken frå Sølvi/Monica har vist seg å vera særs effektiv og god!
* ( strikkepolitiet = mykje meir erfarne strikkerar som har høge krav til kvalitet på strikkearbeid! Har eit par av dei blandt kjenningar)


Eg bala litt med halsen og avfellinga her. Strikkar jo ganske stramt, og avfellinga blir då deretter. Når eg hadde felt av som oppskrifta sa, med annankvar rett og vrang, var halsen likavel så trang at det knapt kunne komma ei kokosnøtt gjennom. Ikkje anna å gjera enn å rekka opp, ein sak som var lettare sagt enn gjort på dette garnet. %&#08&%" - grumppfh, eg bala godt, og hadde vel eit blodtrykk over det som er helsemssig forsvarleg. Trådane var på ein måte filtra inn i kvarandre, så eg måtte slita av sånne små fibrar omtrent på kvar tredje maske. Resultatet vart at det blei rekt opp sikkert 6-7 omgangar, og dei strikka eg aldri opp på ny. Felte bare rett av, på pinne 3,5 i staden for 2,5, og så la eg opp ei ekstra maske her og der for å vera på den sikre sida. Denne gongen skulle halsen bli brukande. Sidan eg faktisk nesten får den over knollen nå, konkluderar eg med at det funka!

                                         **************************************

Men, så over til sjølve garnet. For eg begynnar å lura på om eg har fått et snev av garnsnobberi over meg? Hadde ikkje noko særleg erfaring med Sisu frå før, men eg trudde at dette var ein av Sandnesgarn sine stoltheter. Et av "flaggskipa" i garnflåten.


Skuffelsen var då ganske stor når eg åpna pakken eg hadde bestilt med Sandnesgarn. For som vanleg så hadde eg jo ikkje vore forsiktig i innkjøpa mine, det kom ganske mangen nøster med Sisu i den forsendelsen.
 For det første så er fargane så mykje kjipare enn f. eks Garnstudio og Dale sine. Dei lilla og rosa tonane såg på ein måte litt skitne ut i fargen. (Eg nevnte det jo, garnsnobberi...)

Eg hadde funne nåken kjempefine grøne fargar også som hadde hamna med i den virtuelle handlekorga, og i fantasien min hadde eg alt strikka eit nydeleg rillestrikka babyteppe av dei ulike grønsjatteringane.  Men den grønnfargen eg bestilte likna ikkje på den grønnfargen som kom. Eg venta på fin flaskegrønn, men i staden kom ein haug med julegrønne nøster. Kva skal eg med dei då?


Skuffelse nummer to, som kanskje er den mest graverande, kom når eg begynte å strikka med garnet. Det kjennes hardt og stikkete ut, og det hang på ein del bittesmå lause lodottar som eg måtte sitta å plukka av. *nå også ferdig nuppet*
Det var ikkje på langt nær så glatt og mjukt å strikka med som ein del andre garn eg har prøvd, og med tanke på at det ikkje er et "billiggarn" så hadde eg faktisk forventa meir.

Så, nå sitte eg her då, med ca 45 nøster Sisu, mange i ein grufull grønnfarge, og tenke at eg bare må få strikka dei opp fortare enn fort, så dei er ute av huset. Grønne tips mottas med takk!


mandag 6. mai 2013

Landesorg i Halsabrotet 17

Det er offisiell sørging, unntakstilstand og landesorg i Halsabrotet 17. Muleg den berre rammar meg, resten av gjengen ser temmelig uberørte ut, men det er likefullt sorg i heimen!
Den fine, nye strikkejakken til Madel er ikkje lenger ein lekker og elegant vårjakke.*snufs*


Den er blitt ein tett og varm tova jakke, slett ikkje i str 4 år. Trur heller me kan merka den 7-9 mnd.


Men, ingenting å sei på tovinga. Jamt, fint og tett. Ser jo faktisk ut som det er gjort med overlegg og vitande vilje. Tova egentleg steike godt detta garnet...


Arghh!! SINNASMURF!!  Eg er så utruleg irritert og frustrert over meg sjølv, at eg har klart å ødelegga den fine jakken. Ikkje bare har eg brukt ganske masse pengar på dyrt garn og knappar, men det gjekk jo med ein time og tre å strikka den også.


For dei som lure, Rowan Summerspun tåle ikkje ein runde i vaskemaskinen på finvask/30 grader. Det må vaskast for hånd, og det er faktisk det som står på banderolen på garnet.

Stakkar Madel, ho såg på jakken som låg over stolen; Mamma øgelakt!
Då er det jo ikkje anna å gjera enn å hiva seg i gang med ein ny, jenta må jo få jakke! Og garnet og forrige resultat er alt for bra til å la meg knekka av eit aldri så lite tilbakeslag!
Heldigvis hadde damene på Norwegian Spirit på Jernbanen i Bergen meir garn til meg, så nå ventar eg på pakke i posten!

Faktaboks:Garn: Rowan Summerspun, ull/bomull
Mønster: Jakke str 4 år - før vask
Vaskeanvisning: Håndvask!
Resultat: Tova jakke - str 7-9 mnd. etter vask!
Konklusjon: Les ALLTID vaskeanvisningen.




onsdag 1. mai 2013

Gamle skattar

Eg blei meldt inn i ei gruppe på facebook med kjøp og salg av eldre håndarbeidsbøker og oppskrifter. (Tusen takk Linda Thingvoll Svensson) Denne bør absolutt sjekkast ut av alle som har glede av eldre oppskrifter, her var det mange skattar å finna. Reknar med at gruppa er søkbar - Salg og søk av gamle og retro strikke, hekle og sy mønster)
I alle fall, eg har alt karra til meg to vidunderlige bøker som kom i posten rett før helga.


Ein er jo alltid spent på kva sånne bøker faktisk inneheld. Eg pleie som regel finna eit par ting som kan brukast, men det er også ting som kun har rein underholdningsverdi.


Men, i denne "Kvinner og Klærs Strikkebok" frå 1952 var det faktisk ei oppskrift som har vore i bruk nyleg. Ikkje av meg, men av strikkementoren min i Herøysund. Ho hekla smekker til yngstejenta når ho vart fødd for eit par år sidan, og jammen så dukka ikkje oppskrifta opp i denne boka! Det er vel det ein må kalla tidlaust?


I tillegg så fekk eg "Barnestrikk for de minste - av kokett og Perle Krepp". Denne er ikkje datert, men trur kanskje den kan vera frå 60-talet ein gong? Det står så festlig nede på baksida: "Selvgjort er Velgjort".



Eg har eit par hefter av eldre dato i frå før. Det eldste er dette, "Strikkeoppskrifter", frå 1947. Mange av oppskriftene er i Perlekrepp.



"Den nye strikkeboken" av Esther Bondesen er frå 1948, og her skal det visstnok vera ein del 1, eg har del 2.



"Moro med garn - barnas egen håndarbeidsbok i farver" er frå 1966.


"Alt for Damene`s Strikkebok - sesongen 1962-63"  seie seg nesten sjølv kva årstal denne er frå. Det artigaste her er faktisk annonsene inni. I tillegg har den ein del fine mønsterrapportar frå ulike koftemønster.