torsdag 9. mai 2013

Interiørblogg

Det er jo så i vinden å blogga om interiør, stæsj, dill og dall i heimen. Så då tenke eg at einkvar blogg med respekt for seg sjølv må ha eit snev av interiør i seg.
Og her er min nyinnkjøpte stolthet, som sjølvsagt har fått ein heidersplass i stova..
Ny strikkekorg!


Ja, ka trudde du? At eg skulle komma dinglande med bilde av nåken lysestaker eller snodig arrangerte puter?  Neida, ikkje denne damen nei.

Rart eg lot meg frista av dette bilde i Magasinet til Bokklubben?

Denne fine, praktiske og dekorative saken har eg faktisk kjøpt gjennom bokklubben. Du kan få tak i den her!
I min begeistring reklamerte eg jo litt over funnet til mine strikkande venninner, og dei har jammen pimpa opp heimane sine med ei sånn dei også! Kan det då kallast ein interiørtrend?



Korga fungerer optimalt til mitt husbruk. Den rommar mykje, også A4 oppskrifter og strikkebøker. Ingen problem å ha 3-4 påbegynte strikketøy liggande oppi, og i tillegg er den lett å flytta på med dei snåle håndtaka. Einaste eg kunne savna var eit slags rom/lomme på innsida for å dela litt av.

Og ved å innreda denne fekk eg også tatt ein skikkelig opprydning i pinnar, restenøster, nyinnkjøpt garn og diverse anna som hopar seg opp i strikkekampens hete!


Minstejenta er også med. Ho "drikkar" som ein helt - helst i fart! Faktisk var garn eit av dei første orda ho lærtem det smelta jo hjarta hennar mor!


5 kommentarer:

  1. Tidlig krøkes... Blir nok flink til å strikke denna. Søte lille.

    Strikkekorga var fin, men jeg lurer litt på hvorfor du ikke strikka den sjøl. Da kunne du fått så mange lommer du bare ville.

    SvarSlett
  2. Dekorativ korg! Har sett ho M si, flittig i bruk den og! Skjønne "dikkejentå" med pinnane klar. Ser ho for meg i teikneserie-tempo!!

    SvarSlett
  3. Dette var virkelig ei flott korg Jane :) denne kunne jeg også tenkt meg - helt knall :) god helg Jane

    SvarSlett
  4. Kjempestilig kurv! Alltid kjekt med plass til mer håndarbeid :)
    Skal bli spennende å følge strikkeutviklingen til minstejenten!
    Er vel ikke altfor lenge til hun produserer både det ene og det andre med strikkepinnene!!

    SvarSlett
  5. Kjempefin korg! Så ut som det var god plass i den også. :-)
    Veldig søt jente da, hun blir nok en arvtager ;-)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten