søndag 12. mai 2013

Tour de Garn

Fredag gjekk turen til Stord, og Ullkroken skulle inspiserast. Eg klarte jo aldri komma heilt over at eg kom til stengt dør sist, trass mine anstrengelsar og ekstrareising, så ved første anledning blei det planlagt jentetur samen med Monica! (Vil du lesa om min flaue bomtur kan du sjekka HER! )

Var faktisk litt bekymra når vi gjekk av båten, tenk om butikken var stengt i dag også? Med min flaks skulle det ikkje forundra meg om me kom til mørk butikk med lapp på dørå der det stod Stengt Grunna Sjukdom...
Men, butikken var åpen og me toga inn, proppfulle av foventning.


Og dette er ein butikk etter mitt hjerte. Ganske trang, men ryddig, og med vegger stappfulle av garn. Fine utstillingsmodellar, oversiktelig opplina mønsterhefter, og det viktigaste av alt; spennande korger overalt med tilbud og nyheter om kvarandre!!



Eg gjekk ein runde først uten å egentlig finna noko som helst. Men, det var jo så mykje som måtte inspiserast, kjennast og lesast på.



Litt uti andre runden begynte ting å ropa på meg, og både bomullsgarn og det nye silke/alpakkagarnet frå Sandnes havna i posen min.


Smart i ein nydeleg brunfarge klarte også å frista meg, og ein utgåande farge av Duo. Og så hadde dei rundpinne i 30 cm, og sjølv om eg har hørt begge deler om korleis dei er å strikka med, tenkte eg at det var verdt å prøva ut.




Det var veldig godt utvalg av Raumagarn der, men det er slett ikkje nåke for meg. Fine fargar, for all del, men fy så stikkete og kvasst. Spesielt gammelserien var jo heilt forferdelig. Mulig den blir mjukare og bedre etter vask, men eg er alt for glad i mjuke nøster til å ta sjansen.



Eg prøvde å ta ein del bilder inne i butikken, men det var så mange strikkeglade damer som stadig var innom, så det var litt vanskeleg å klara knipsa uten å få dei med på bildet.
Men bedre skussmål enn ein travel butikk kan ein vel ikkje få, og det er slett ikkje rart. Utvalget er bra, butikken er oversiktelig og ein finn lett fram. Samtidig så er det små drypp med uvanlige garnsortar og kuriositeter her og der - og på den måten kan ein gå på oppdagelsesferd både ein og tre rundar før ein føler seg ferdig.
Og betjeningå er bare super! Smilande og blid, og god kunnskap! Her kunne eg spør og grava om ka hefte ulike møsnter stod i, og den søte damen kunne det på rams. Heller ikkje nåke problem å rekna om ei oppskrift til anna garntype! Ekstraservice! Og klok som damen var, så fann ho ut at det kunne lønna seg å finna nåken kjekke bamsar for å underholda dei søte, små barna våre når dei begynte bli utålmodige, mens mammaene fekk handla seg ferdig!  Så, eg kan absolutt anbefala denne butikken til alle strikkeglade, både med og uten barn, som skal innom Leirvik på Stord! Eg skal i alle fall tilbake når visakortet har fått avkjølt seg litt...


Gler meg til å prøva både Helårsgarn og det nye Alpakka Silke! Skårar høgt på mjukhetsskalaen begge to!




3 kommentarer:

  1. Takker så mye for innholdsrik opplevelses-omtale av butikken!
    Tror jeg må legge turen om Leirvik neste gang jeg er på Stord -ser ut til at det kan være verdt å sette av noen minutter til det ;)

    SvarSlett
  2. Takker og for god anbefaling av denne butikken. Stord er jo ikke så langt unna meg.

    SvarSlett
  3. Så kjekt du trivest i Ullkroken. Kjempekoselig blogg innlegg. Velkommen tilbake. Du må også gjerne komme på våre kveldar, då me har Ullkreasjonar. Starter opp til hausten annakvar torsdag. Du finn meir om dette på våre Face Book sider.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten