søndag 26. mai 2013

Knappesalg

Eg har verkeleg vore flink til å belønna meg sjøl i det siste ser eg...  Stadige pakkar i posten vitnar om eit ganske grundig raid i ymse nettbutikkar.

Bare i går kunne eg henta desse to, og dagen før fekk eg ein bokpakke...
Kva desse kjekke pakkane inneheld må du faktisk venta litt med å sjå, det fortener nemlig ein grundig fotoshoot!




Eg har desverre lite nytt å visa til på strikkefronten. Fem rundar på ein genserarm er ikkje særleg å framheva i ein blogg, så då hoppar me heller galant over den biten i dag.
Heile mai har egentleg vore gørrtreg på strikkefronten, kanskje pinnane er blitt vårslappe?


Til gjengjeld har eg i dag gjort noko som bør havna langt oppe på lista over sære ting å gjer.. Eg har støvsugd oppi teskrinet mitt. Sikkert ikkje den vanlegaste aktiviteten å driva med, men det slo meg at det var litt kjappare og meir effektivt enn å stå å dilla med ei filla (ha, det rimte jo) oppi dei små romma! Så nå er det fyllt til randen igjen med aromatiske og velduftande posar som skal leska ganen mens eg strikkar!


Så eit lite tips; Dei fleste som strikkar treng knappar i ny og ne, og denne helga har Perlehuset halv pris på alt i sin nettbutikk. Kanskje verdt eit aldri så lite besøk? Knappar er jo som garn, oppskrifter og andre strikkerelaterte ting - ein får aldri nok...

4 kommentarer:

  1. Har høyrt om "non stop"?! he he - tenker knappebilde må få det navnet på seg. Blir spennane å sjå innhaldet i pakkane dine. Takk for inspirasjon!

    SvarSlett
  2. Spennende pakker.
    Jeg så bildet av teskrinet samtidig med bilde av knappene. Var et øyeblikk redd du hadde tenkt å putte knappene i teskrinet. Godt at teposene fikk igjen den reingjorte plassen sin.
    Masse herlige knapper.

    SvarSlett
  3. Et farlig tips! Jeg elsker knapper! :)

    SvarSlett
  4. Så mange fin knapper! Gleder meg til å se hva pakkene inneholder, og håper det innlegget kommer snart! :-)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten