fredag 24. mai 2013

Ein liten luftetur

I helga fekk eg trua lokka med mannen på ein aldri så liten familieutflukt. Det er ikkje kvart år vi reise på  noko sommarferie samen, og siden det var 4 år siden sist, syntes eg faktisk det var på høg tid. At me då også slapp unna bunadskjortestryking, slips og trange finsko var jo slett ikkje noko ulempe.



Me hadde strålande sol og altforvarmtvær, men siden dei tre dagane her truleg blir sommarferien i år, så må me vel sei oss heldige med ferieværet. Nå vente nåken veker på Haukeland for min del, og så går vel resten av sommaren med til å testa ut nye medisiner. Godt å vita at me då i alle fall har vore på ein liten ferietur.

Hardt med ferie....
Desverre var det svært lite strikking denne helga, av fleire grunnar. For det første, å strikka når gradestokken vise 32 grader, det klare ikkje eg. Eg prøvde å komma litt lenger på prosjekt opprekksgenser mens me kjørte, men når eg et godt stykke oppe på armen såg at den eine tråden hadde lurt seg unna pinnen, og eg ikkje klarte å fiska den fint opp igjen, då gjekk piffen litt utav meg.
Og så var det ungane som skulle få vera i fokus, ikkje mammen sin desperate garnjakt:) Men litt søkande blikk om det var ein butikk som hadde garn, det må eg jo innrømma at det blei.


Eg var innom ein Stoff & Stil, men heldigvis så er eg ikkje hekta på stoff. (Hverken eine eller andre vegen) Det var vegg etter vegg med stoffrullar, men garnavdelinga var heller slunken.
Av alle ting så endte eg opp med et akrylnøste, eg som er hyperallergisk mot akryl.
Men eg trur detta kan bli ei stilig hua som eldstejenta kan bruka i slalombakken til vinteren. Ho vil om ikkje anna visa godt igjen!


Nokre knappar, silkeband og strykemerker fann eg også, men eg må vel innrømma at det er sjelden eg kjem ut frå ein hobbyrelatert butikk med så liten pose!

På heimveg følte eg meg skikkeleg snytt for ein garnopplevelse. Me stoppa for å ta oss litt mat, og der låg denne fine butikken. Sjølv om det var 2. pinsedag så stod det lys på inne i butikken, og et skilt med "Velkommen inn" utanfor døra. Eg var jo sjølvsagt ikkje lenge om å trippa meg bortover mot døra på lette bein, mens forventningane om endeleg å få handla litt garn, steig.




Gjett om skuffelsen var desto større når eg kom fram og døra var stengt. Inne var det ikkje ei sjel å sjå heller. Det var bare å konstatera at garntørsten ikkje blei slukka på denne turen...


3 kommentarer:

  1. Heisann! Den butikken der har eg og Sølvi, handla i. Den ligger nedafor campingplassen me har feriert ein del på. (Åmot i Vinje) Kjekt å sjå den igjen, men dumt du kom til låste dør. Lykke til med utprøvingane på Haukeland! Håper dagane går fort der?!?

    SvarSlett
  2. Så kjekt at det ble noen feriedager på dere -maks uttelling på været :)
    Stiiilig grønn lue det kommer til å bli!
    Selv strikker jeg på noe babytøy der pyntekantene har tilsvarende farge.

    Ellers kan jeg bare fortelle at jeg pleier å stoppe for å kikke i butikken på Åmot hver gang jeg kjører forbi :)))) Koselig butikk med både garn, oppskrifter og bruksting/suvenirer.

    SvarSlett
  3. Takk for koseleg besøk i bloggen min, eg må seie: takk, det same! Nå har eg lagt deg til i bloggar eg gjerne vil følgje med på!
    Sånn "garnbutikk-bom" har eg og hatt nokre gonger. Men det blir jo oppvegd (bokstavleg talt) av alle dei gongene eg kjem fullasta ut av ein...

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten