onsdag 1. mai 2013

Strikke-stopp!

I kveld blei det ein ufrivillig strikkestopp. Legens ordre. Kveldane blir plutselig veeeeeeeldig mykje lengre når ein ikkje kan svinga pinnane. Heldigvis så har eg blitt ein smule hekta på et quiz-spel på mobilen -  SongPop - og eg kan ikkje sei anna enn at det er ei ganske god trøst når strikketøyet må kvila. Appen er gratis å lasta ned, og viss nokon vil utfordra meg til duell så heiter eg Vrangmaska innpå der og!

I går derimot, fekk eg strikka ein heile del. Måndag er fast strikkedag med Husmor Hjelmeland, og me har blitt sinnsjukt gode på å kunna la pinnane gå taktfast mens vi skravlar uavbrutt. Eller, innimellom hender det at ein av oss må telja masker eller omgangar, og då blir det ein brå og uvant stillhet, før skravlene og klirringa med tekoppane er i gang igjen.


Eg spøynar meg jo vidare med denne Mariustunikaen. Går egentlig veldig bra, og satsar på den kan sendast til mottakar i helga.

Har hatt litt vegring mot å strikka mønster med to fargar i fleire år. Aller mest fordi eg er så innmari pirkete og helst vil at det skal sjå maskinstrikka ut. Før satt eg og drog og strekte for å ikkje få trådane på baksida for stramme, og ofte enda det med at det faktisk blei for laust.


Men, no er det bedre tider! Etter eit ytterst nevenyttig tips frå Husmor Hjelmeland, som igjen hadde det frå si tante Sølvi, så går mønsterstrikkinga mykje kjappare. Eg held bunnfargen som vanleg over peikefingeren, mens eg held mønsterfargen over to fingre. Altså over både peike- og langfinger.


 Så samlar eg begge trådane og held dei samla inni handa, slik som ein alltid gjer. Genial metode, og så enkel at ein liksom føle seg litt dum for ikkje å ha tenkt på det heilt av seg sjøl!


I tillegg så gjorde eg ein genial vri når armane skulle strikkast innpå resten. Første omgangen/omgangane etter at armane er pressa inn på same rundpinnen som resten, er eit mareritt. Ikkje gjer det saken lettare at eg strikke ekstremt stramt heller.
Men, så klarte hjernecellene mine, heilt på egenhånd, å komma opp med ein idè. Og det versta var at den funka!


I oppskrifta står det at armane skal settast inn på rundpinnen med resten av bolen, og på første omgang etter dette skal det fellast 6 masker jamt fordelt. Sikkert vel og bra å fella jamt fordelt, men kva om eg felle alle dei seks maskene rundt armane, der det faktisk er trongast?
Eg måtte ta ein kjapp melding til strikkeorakelet mitt, Zirkona, for å høyra om det var ein alvorleg logisk brist i tankegangen min, men heller ikkje ho såg at det kunne blir problem.
Så eg felte ei maska i kvar side av armen og ei midt på, og sjølvsagt likt på begge sider.


Konklusjon: Detta funka så bra! Eg slapp fullstendig unna knirkande pinnar på bristepunkte,t og sliting og haling i masker for å klara komma rundt!  Og når eg ser på tunikaen så ser det ikkje noko annleis ut enn om det hadde vore felt jamt over. Detta skal eg gjera neste gong også, utan tvil!


2 kommentarer:

  1. Detta blir flott tunika!! Synd at du må kvile, men arbeid kreve jo god planlegging (sitat min mann) - dermed sitte han og planlegge mykje.

    SvarSlett
  2. Du gjer så fint arbeid! Denne tunikaen vert lekker, synd du må ta ein pause når du er så godt i gang. Ønskjer deg riktig god betring så pinnane igjen kan klirre i stova :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten