tirsdag 26. februar 2013

Ny belønning

"Fordi jeg fortjener det" blir det så kjekt sagt i ein eller annan evigrullande reklame..  Og jammen synes eg at eg fortjene det. Etter å ha blitt pirka inni eit veldig vondt albueledd med ei veldig lang og spiss nål i dag tidleg, så bar det rett til den lokale garnbutikken på litt trøsteshopping. Rett og slett fordi eg absolutt syntes at ein sånn start på dagen kvalifisere til litt "egenpleie".




Porselensbuo i Rosendal hadde fått inn dei nyaste, fire mønsterheftene til Garnstudio. Og sjølv om alle oppskriftene er å finna på nett, så blir det liksom ikkje heilt det same som å ha det i hendene medan ein blar



Men, etter å ha tråla gjennom det me i følge Garnstudio skal ha på pinnane denne våren, så må eg seia eg er ein smule skuffa. Her var det ikkje mye nytenkning og fornying, synes nesten dei brukar omtrent same mønstra og endrar litt på garntype og fargar. Og kor blir oppskrifter til herre og barn av, dei hamnar heilt i bakevja. På tide med eit lite stilbyte og endring av kurs skal dei halda på mi interesse!


Men, eit par godbitar er det jo sjølvsagt. Noko anna hadde jo vore litt rart på fire rimeleg tjukke katalogar. Dorthe-trenden har visst komt for å bli, og her var eit par litt dempa alternati


 .

mandag 25. februar 2013

Sokkar til vetlebror

I går hadde min fem år yngre bror bursdag, hipp-hurra. Som anleggsarbeidar, jegar og friluftsmann er gode ullsokkar eit must. Og ikkje minst forbruksvare!
Så bursdag til lillebror=sokkestrikking!

Farmor, som var den absolutte dieselmotoren innen labbestrikking i familien, felte av sitt siste spøt for snart 8 år sidan. Og nå begynne lageret av heimestrikka sokkar å verta rimelig tynnslete hos familien Haaranes. Sidan eg er den einaste i familien som strikkar, føle eg et visst ansvar her for å halda føtene varme!



Så på pinnane denne veka er det sokkar. Eg har leita fram noko partigarn frå Sandnes som eg handla på slutten av 90-talet. (Salg av typen stapp ein pose for 200 kroner, jammen stappa me nesten brokk på oss!)
Sidan tweedgarn er i skotet igjen, kan ein nesten påstå at dette garnet faktisk er moderne igjen.
Eg strikkar stort sett berre på tre/bambuspinnar, men eitt unntak er dei gamle strømpepinnane til Farmor i tjukkelse 3,5. Dei er så godt brukte og avrunda på tuppen, at dei glir nesten lika godt som trepinnar mellom fingrane. Til dette garnet passar dei i alle fall perfekt!



I følge sikre kilder, også kalla vetlebror, er garnet godt brukande til raggsokkar. Han har no kvalitetstesta eit par i ein sesong og to, og kan melda at dei er både slitesterke og helde på passformen.  Godt å høyra, sidan eg tross alt ikkje anar kor mykje ull/nylon det er i dei. På magebandet står det kun Partigarn, så både antal meter og strikkefasthet er eit lite mysterium.


Nå lure sikkert fleire på koffer sokkane fortsatt er på pinnane her hos meg, når bursdagen hans faktisk var i går. Og forklaringa er rett og slett så enkel som at me skal besøka han neste helg, og då tar eg sokkane med! Han klare nok holda tåtemperaturen oppe fram til dess!




Tenke du blei sjokkert!

Det kom nok som lyn frå klar himmel, totalt uventa og fullstendig overraskande? Eg har handla garn, igjen...
Fredag tok eg med meg min medsamansvorne garnhandlar og strikkar - Monica - til ein knøttliten,  godt gøymd, garnbutikk på Sunde.

På nokre få kvadratmeter i kjellaren sin har Sigunn Antonsen eit lite garnutsalg. Denne butikken har hverken bankterminal, faste opningstider, strikkepinnar og anna utstyr, eller det komplette vareutvalget til Sandnes Garn. Til gjengjeld får du som kunde full oppmerksomhet og god hjelp, sinnsjukt gode prisar, og ikkje minst, mange av dei litt eldre mønsterhefta til Sandnes.
I tillegg har dama ein utruleg garn- og strikkeglede som lett smittar av. Ein føler seg ikkje fullt så gal som står der med herlege nøster frå golv til tak, og rett og slett får ein gjennomtrengande lykkefølelse av det!


Men til tross for mange fristelsar, så syntes eg egentlig at eg begrensa meg ganske bra. Det blei bare med heim 13 nøster Mandarin i dei mest delikate fargane eg kan tenka meg for øyeblikket... og 20 kroner nøstet, ingenting å sei på det!



Tenke litt på at dette burde bli ein stripete, ribbestrikka topp.. For at alle fargane skal komma til sin rett..



Og så måtte eg ha med eit mønsterhefte heim, eine og aleine på grunn av ei oppskrift.. Denne genseren er noko av det mest elegante eg har sett på lenge.. Om eg klarer somla meg til å strikka den mens den framleis er i skuddet er ein heilt annan sak...








torsdag 21. februar 2013

Belønning

Har vore ein tur til Bergen denne veka, og etter litt tortur "behandling" på Haukeland så syntes eg jammen at eg fortjente ein real oppmuntring. Og ka er vel meir oppmuntrande enn garn??

Under påskuddet at eg bare MÅTTE ha nåke garn til klutar til svigermor, fekk eg lokka maen til å kjøra meg ned til Jernbanestasjonen og ein av norges beste garnbutikkar: Norwegian Spirit!




Det var ein smule sannhet i det med klutgarnet. Strikka nemlig ein klut av Drops sitt Bomull Lin som svigermor fekk for ei tid sidan, og denne kluten er visstnok heilt fabelaktig. Det var eit grovt og grusomt garn å ha på pinnane, og eg hadde aldri trudd at "klutegenskapane" skulle bli så bra. Det står at det skal vaskast på 30 grader på magebandet, men kluten lever framleis, til tross for kokvask!


Feil farge på den turkise her, lyset gjer at den ser blå ut, men i verkelegheten er den petrolblå.

Eg hadde i tillegg fått i oppdrag å handla med meg litt av det nye garnet til Garnstudio, Drops Loves You til Monica. Og når eg kom ut i bilen med ein svær, stappfull pose var det veldig fint å kunna bortforklara til maen at neida, det er ikkje mitt, mesteparten er Monica sitt:)
Eg hadde egentlig ikkje tenkt at eg skulle ha noko av dette nye blandingsgarnet, men med 150 meter i ei 50/50 blanding med ull og alpakka til bare 16,50, ja då måtte eg ha med meg fire hesper heim. Fargane var jo rett og slett nydelige.

Siden eg hadde litt dårlig tid, og visste at eg måtte stå til ansvar for sjåføren, så blei det litt sånn hyrten og styrten handling på meg. Ikkje at det førte til at eg ikkje fekk med meg nåke garn, til det har eg for godt innarbeida garnhandlaregenskaper! Men eg kunne gjerne ha tenkt meg litt meir tid til å sjå på alle dei mjuke fristelsane denne butikken har...


Men, det fekk bli med heim litt garn frå Lang - Lanalux, som tilfeldigvis og veldig høveleg, var på tilbud. Med ein niåring i hus blir det aldri feil med garn med glitter i. Både svart, mørkeraud og turkis fekk vera med heim.



Og så til toppen av kransekaka, rosinen i pølsa og garnposens høgdepunkt! Rowan Summerspun. Desse fargane var bare så nydelige samen, og den spesielle tvinnen gjer at eg er veldig nysgjerrig på kossen det ferdigstrikka resultatet blir. Butikken på Jernbanen har et enormt utvalg i Rowangarn, men eg klarte ikkje finna det på nettsida deiras i farten, nettlink er henta frå Loveknitting.
Innbille meg at dette må bli eit fin lita vårjakke kanskje...



 Så til alle som skal til Bergen, du bare MÅ setta denne attraksjonen øverst på lista. Strikkar du kan eg nesten garantera at du aldri vil gå tomhendt ut herifrå!  Og ei trøst til dei som ikkje skal til Bergen i nær framtid: Dei har NETTBUTIKK!


tirsdag 19. februar 2013

Less talk - more action!

Ja da, eg veit det blir mykje gnål om fint garn, fristande nettsider og kjekke mønster. Men eg strikkar faktisk litt innimellom og. Kanskje ikkje nok? Skulle nok blitt meir strikking og mindre prat om strikking? Sidan eg er for sein med nyttårsforsett kan det kanskje var et påskeforsett??



 Men eg har strikka meir enn eg har blogga, rett og slett fordi det ikkje er mitt garn eg har strikka av. Litt før jul fekk eg spørsmål frå Norsk Alpakka om eg kunne ta et aldri så lite oppdrag. Eg klare jo aldri sei nei, så då blei det alpakkastrikking på meg mesteparten av desember og litt nå i januar. Eg har strikka ein del for dei tidlegare, og eg kan vel ikkje anna enn å ta det som eit kompliment at dei spør igjen?


Oppdraget var todelt. Et sett med sjal/skjerf, pulsvarmerar og leggvarmerar i svart. Siden fletter ikkje vise nåke særlig på svart, så valgte eg påfuglribb som mønster. Her er leggvarmerane fortsatt på pinnane, så dei fekk ikkje vera med på fotoseansen. (Bilde vart teke før jul)


Eg fekk i tillegg tre nøster lys alpakka som eg valgfritt kunne laga ka eg ville av. Dette er litt tjukkare enn det svarte, og silkemjukt og godt å strikka av. Glir mykje bedre gjennom fingrane enn det tynnaste garnet. Og eg synes eg fekk ganske mykje utav tre 50-grams nøster: to par pulsvarmerar, to pannebånd og ei lita lue. (Forresten ein stoor takk til Linda som hjalp meg med heklinga rundt det eine pannebåndet)


Sjølv om garnet er litt kostbart må dette vera den perfekte gaven til ein strikkeentusiast som har alt. Det er kortreist garn som ein ikkje får kjøpt andre plasser.
Sjekk ut nettbutikken her!

fredag 15. februar 2013

Ny favorittbutikk

Eg trudde ikkje at det fantes ein nettbutikk som kunne måla seg med Webs på garn, men der tok eg feil. Eg har i dag fråtsa i et hav av nydelige garnsortar hos Die WollBox, og nå er det plutselig ein garnpakke på veg til Uskedalen.


Eg skuldar det litt på Linda, som viste meg et herlig garn i dag, som eg bare måtte sjå om eg fann på nett. Og det gjorde eg så klart.. I lag med ein heil haug med andre spennande garnsortar eg aldri har sett før. Jada, hardt angrepet av ullemi...







Under trappa minkar det på posane med blader, omtrent halvvegs vil eg tippa, og i dag har eg vore innom 1999. Eg trudde det berre skulle vera Familien i posane, så overraskelsen var stor då eg kom over ein haug med Alt om Håndarbeide. Må trekka på smilebåndet av ein del av dei snåle tinga ein skal laga for å pynta opp heimen sin. 90-talet virkar plutseleg så uendeleg fjernt...


 

Denne barnegenseren derimot, må jo vera ein tidleg variant av Dorthe-genseren. Enkel rillestrikk, med masse montering, utan tvil ein slektning av denne vinterens største farsott.. Kanskje et lite tankekors til alt oppstyret om Dorthe Skappel hadde kopiert modellen frå ein eller annan norsk designer. Når det gjeld strikking så har det meste vore gjort i ein eller annan form tidlegare, kruttet kan ikkje finnast opp på ny!


mandag 11. februar 2013

Rydda kanskje?

Eg var som snarast innom garnrommet/gjesterommet i dag, og nåke seie meg at eg snart må ta meg ei aldri så litå ryddeøkt der.
Var på jakt etter nåke mohair her om dagen, og då såg det plutselig sånn ut...


Men, det er så kaldt der inne, så eg får venta til gradestokken har lyst å visa meg plussgrader igjen. Då skal eg heller ta meg ei real økt å få sortert både garn og oppskrifter.


Butikken har frista med fleire ting på strikkefronten i det sista. Og eg er eit lett offer når det kjem til framsider der ordet "strikk" er inkludert.
På laurdag stod dette bladet å ropte på meg i hylla på Spar..


Og i dag måtte eg jo ha med meg Norsk Ukeblad som også hadde strikkebilag. God lesnad!




lørdag 9. februar 2013

Mysteriet løyst

Det er lenge sidan eg har utfordra meg sjøl lika møkje som eg måtte for å komma i mål med vottane til Elisabeth Zimmermann. Skal ærleg innrømma at førsta vekå angra eg litt på at eg i det heile tatt hadde meldt meg på strikkealongen, og strikketøyet holdt på å havna i ovnen...




Men, etter mykje stygge gloser, opprekking, lesing, nødhjelp per telefon frå Zirkona og litt meir strikking - så gjekk det opp eit lys for meg og eg begynte skjønna kva eg holdt på med. Eg begynte sjå kor på votten eg faktisk strikka, og kontrollfriken i meg begynte å slappa av. Då blei det så mykje kjekkare å strikka og.




Eg har gjort eit par småfeil, men sidan eg har vore konsekvent og gjort likt på begge, skal dei få vera.  "Gløymte" kjeda med rettmasker som skal gå tvers framme på fingertuppane. Begynte så fint med dei, men i det eg skulle slutta med fellingane der, så slutta eg visst også med dei rette maskene. Feil, men ikkje avgjerande i forhold til passformen. Den andre feilen eg gjorde var fellinga som går langs tommelen på utsida. Hadde strikka ein vott før eg skjønte kossen det skulle vera, og då var det for seint å endra framgangsmåte. Eg hadde tatt to masker rett av, strikka ei og så løfta dei to første over den strikka. Det skulle vore at eg tok dei to rette av i samen, altså som om eg skulle strikka dei samen. Då la rettmaska seg så fint øvers og danna ei jamn kjede.
Det er uansett Victoria som skal ha vottane, og eg trur fint ho klarer gå til skulen med desse på til trass for eit par skjønnhetsfeil. Perfeksjonisten i meg kviskrar jo at eg BØR laga eit par til utan feil, men det blir ikkje denne veka..



Einaste eg ikkje vart heilt fornøyd med var overgangen mellom tommelen og votten på utsida. Her må eg prøva spora opp eit tips eller to frå ei av dei andre, og litt meir drevne, strikkedamene som var med på alongen.

Skulle det bli eit nytt par vil eg prøva meg med tynnare garn slik at dei blir litt mjukare. For garnet har mykje å seia. Desse to vottane er strikka med same pinnetjukkelse og same antal masker og riller, likevel så er det stor skilnad på størrelsen.




Pinne: 3
Garn: Bestilt frå Shanghai på e-bay, og eg kan ikkje sånne tegn så eg har ikkje sjangs å lesa på magebandet kva som står.
Mønster: Oversatt og modifisert versjon av http://www.ravelry.com/patterns/library/sideways-mystery-mittens-wg06-so06 av Elisabeth Zimmermann.

Mønsteret er henta frå boka Knitting Around The World.

lørdag 2. februar 2013

Spot on

I dag blir det et strikke- og garnfritt innlegg, men eg MÅ bare formidla denne fantastiske bloggen her! http://detekkesaafarlig.wordpress.com/2013/01/31/dritaerlig-interior-del-ii/?blogsub=confirming#blog_subscription-3

Eg skal ikkje skryta på meg at min blogg er så særlig lærerik, opplysande, informativ eller noko som helst anna. Men, eg kan i alle fall med handa på blodpumpa sei at eg aldri prøve å framstilla ting perfekte eller for å vera bedre enn dei faktisk er. Mange interiørbloggar og innlegg på FB går stort sett ut på å visa fram kor "perfekt" ein har det..


Sidan eg er veldig lite opptatt av interiør, med mindre det handlar om hyller eller liknande til garn og strikkemønster, så forstår eg ikkje slike som bytter sofa, gardiner eller malar berre fordi dei skal følga trenden. Derfor var denne bloggen her midt i blinken for meg! God lesnad!

fredag 1. februar 2013

Eg søv ikkje...

Eg har kje dovna heilt av, om nokon trur det. Strikkar gjer eg, litt innimellom. Men det blir så alt for lite, av ein eller annan grunn så bruke eg alt for masse tid innpå her og kikke på herlige strikkbloggar... eller eg surfar garnbutikkar på nett... Kanskje eit nyttårsforsett burde vera å strikka meir - surfa mindre..?
Har eit par ting ferdige, men gløymer alltid ut å ta bilde i dagslys. Innebilder i dårleg lampelys og med lite kompaktkamera kan gjer underlege ting med fargane, så eg trur eg ventar til dagslyset er på plass.




Tre klutar har det nå i det minsta blitt. Tankelaus rillestrikk på pinne 3,5. Dei grøne er strikka i PT Petunia, eit veldig godt garn å strikka av. Den kvite er i Viking sitt Milk & Honey, og slett ingen tapar når det kjem til strikkekomfort den heller. I følge svigermor, som er min autoriserte klut-testar, så egnar melkegarnet seg kjempebra til oppvaskfiller.





Så dagens gladnyhet! Garnstudio har salg på alt sokkegarn, altså Fabel, Big Fabel og Delight, i heile februar! 25% rabatt - kor mange dagar klare eg å motstå mon tru?