lørdag 9. februar 2013

Mysteriet løyst

Det er lenge sidan eg har utfordra meg sjøl lika møkje som eg måtte for å komma i mål med vottane til Elisabeth Zimmermann. Skal ærleg innrømma at førsta vekå angra eg litt på at eg i det heile tatt hadde meldt meg på strikkealongen, og strikketøyet holdt på å havna i ovnen...




Men, etter mykje stygge gloser, opprekking, lesing, nødhjelp per telefon frå Zirkona og litt meir strikking - så gjekk det opp eit lys for meg og eg begynte skjønna kva eg holdt på med. Eg begynte sjå kor på votten eg faktisk strikka, og kontrollfriken i meg begynte å slappa av. Då blei det så mykje kjekkare å strikka og.




Eg har gjort eit par småfeil, men sidan eg har vore konsekvent og gjort likt på begge, skal dei få vera.  "Gløymte" kjeda med rettmasker som skal gå tvers framme på fingertuppane. Begynte så fint med dei, men i det eg skulle slutta med fellingane der, så slutta eg visst også med dei rette maskene. Feil, men ikkje avgjerande i forhold til passformen. Den andre feilen eg gjorde var fellinga som går langs tommelen på utsida. Hadde strikka ein vott før eg skjønte kossen det skulle vera, og då var det for seint å endra framgangsmåte. Eg hadde tatt to masker rett av, strikka ei og så løfta dei to første over den strikka. Det skulle vore at eg tok dei to rette av i samen, altså som om eg skulle strikka dei samen. Då la rettmaska seg så fint øvers og danna ei jamn kjede.
Det er uansett Victoria som skal ha vottane, og eg trur fint ho klarer gå til skulen med desse på til trass for eit par skjønnhetsfeil. Perfeksjonisten i meg kviskrar jo at eg BØR laga eit par til utan feil, men det blir ikkje denne veka..



Einaste eg ikkje vart heilt fornøyd med var overgangen mellom tommelen og votten på utsida. Her må eg prøva spora opp eit tips eller to frå ei av dei andre, og litt meir drevne, strikkedamene som var med på alongen.

Skulle det bli eit nytt par vil eg prøva meg med tynnare garn slik at dei blir litt mjukare. For garnet har mykje å seia. Desse to vottane er strikka med same pinnetjukkelse og same antal masker og riller, likevel så er det stor skilnad på størrelsen.




Pinne: 3
Garn: Bestilt frå Shanghai på e-bay, og eg kan ikkje sånne tegn så eg har ikkje sjangs å lesa på magebandet kva som står.
Mønster: Oversatt og modifisert versjon av http://www.ravelry.com/patterns/library/sideways-mystery-mittens-wg06-so06 av Elisabeth Zimmermann.

Mønsteret er henta frå boka Knitting Around The World.

3 kommentarer:

  1. Sååå fine dei blei då!! Ingenting å utsetja på desse, nei. Den boka di, må eg få ta ein kikk i. Ha ei fine helg!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med vel utført arbeid. Neste par blir helt pefekte (hvis det er viktig) med alle rettmasker på plass. Det er jo lettere å strikke når en vet hva og i hvilken retning en strikker.
    At tykkelse på garn og pinner gir en forskjell, kan jeg skrive under på. Jeg har strikka tre par. Alle har like mange masker og omganger. De minste passer til en 5-åring. (de er riktignok lett tova) De største er passe til bestefar.

    SvarSlett
  3. Gode vottar, og du kom godt i mål! Er heilt sikkert ei jente som kan bruke desse som skulevottar ja. Høyres ut som du alt har sett deg nye mål for korleis det neste paret skal strikkast. Ivrig og flittig synes eg :)))

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten