mandag 25. februar 2013

Sokkar til vetlebror

I går hadde min fem år yngre bror bursdag, hipp-hurra. Som anleggsarbeidar, jegar og friluftsmann er gode ullsokkar eit must. Og ikkje minst forbruksvare!
Så bursdag til lillebror=sokkestrikking!

Farmor, som var den absolutte dieselmotoren innen labbestrikking i familien, felte av sitt siste spøt for snart 8 år sidan. Og nå begynne lageret av heimestrikka sokkar å verta rimelig tynnslete hos familien Haaranes. Sidan eg er den einaste i familien som strikkar, føle eg et visst ansvar her for å halda føtene varme!



Så på pinnane denne veka er det sokkar. Eg har leita fram noko partigarn frå Sandnes som eg handla på slutten av 90-talet. (Salg av typen stapp ein pose for 200 kroner, jammen stappa me nesten brokk på oss!)
Sidan tweedgarn er i skotet igjen, kan ein nesten påstå at dette garnet faktisk er moderne igjen.
Eg strikkar stort sett berre på tre/bambuspinnar, men eitt unntak er dei gamle strømpepinnane til Farmor i tjukkelse 3,5. Dei er så godt brukte og avrunda på tuppen, at dei glir nesten lika godt som trepinnar mellom fingrane. Til dette garnet passar dei i alle fall perfekt!



I følge sikre kilder, også kalla vetlebror, er garnet godt brukande til raggsokkar. Han har no kvalitetstesta eit par i ein sesong og to, og kan melda at dei er både slitesterke og helde på passformen.  Godt å høyra, sidan eg tross alt ikkje anar kor mykje ull/nylon det er i dei. På magebandet står det kun Partigarn, så både antal meter og strikkefasthet er eit lite mysterium.


Nå lure sikkert fleire på koffer sokkane fortsatt er på pinnane her hos meg, når bursdagen hans faktisk var i går. Og forklaringa er rett og slett så enkel som at me skal besøka han neste helg, og då tar eg sokkane med! Han klare nok holda tåtemperaturen oppe fram til dess!




3 kommentarer:

  1. Så bra at du holder tradisjonen med stikking i gang.. det finnes ikke noe bedre en hjemlaga lester for de som frys..Jeg vil samtidig få takke for den flotte ideen du ga meg ang. sjalblokking på bloggen min - Tusen takk. Ha en fin uke resten av februar. Nå kommer da mars og snart er det straks varmere rundt oss alle. Klem fra Vestfold

    SvarSlett
  2. Gode vanar er vonde å venda, då tenkjer på det å få gå med heimestrikka labbar! Heldige dei som har deg som forsyner dei med labbar, ein god tradisjon å vidareføre. Og du er nå proff når det gjeld labbestrikking, det har du vist oss så mange gonger. Ønskjer deg ein fin dag.

    SvarSlett
  3. Dei er heldigare dei i din familie enn min. Eg har ikkje slik sut for å strikka sokkar. Men, du er både flink og rask med fottøyet. Ein strekke seg litt når ein veit at arbeidet er ettertrakta og ønska.

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten